5 minute read

Rettferd for taparane i Kosovo-krigen?

Da Kosovo-krigen var over i juni 1999, trekte serbiske styrkar seg ut av provinsen. FN overtok ansvaret for administrasjon, hjelpt av den fredsbevarande KFOR-styrken frå NATO. Det var ein klar føresetnad at geriljahæren UÇK skulle oppløysast.

Snart kom det bekymringsmeldingar om grove overgrep utførte av UÇK-folk mot taparane av krigen, både under siste krigsåret og i den kaotiske etterkrigssituasjonen 1999–2000. Det var snakk om mishandling, internering i konsentrasjonsleirar og drap. Offer var kosovo-serbarar, romfolk og andre minoritetar, men også kosovoalbanarar mistenkte for samarbeid med serbarane. Det tok lang tid før opplysningane blei tatt på alvor av det internasjonale samfunnet. Den nølande haldninga står i sterk kontrast til den resolutte reaksjonen da FN oppretta det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) i 1993. (Arbeidsområdet for ICTY var brottsverk under krigane, ikkje det som skjedde etterpå.)

Advertisement

Det mest groteske som dukka opp, var skuldingar om at UÇK utførte drap av fangar for hausting av kroppsorgan til sal på internasjonal svartebørs for bruk til transplantasjon. To amerikanske journalistar – Michael Montgomery og Stephen Smith – kom på sporet av slike opplysningar i 2003.1 Same året informerte dei kontoret for sakna personar ved FN-delegasjonen i Kosovo – UNMIK – om det dei hadde funne ut.

Først i 2009 publiserte Montgomery journalistisk materiale om

KRISTIAN HAGESTAD 97

UÇK-terror.2 Men året før hadde Carla del Ponte, sjefspåklagar ved ICTY 1999–2007, gitt ut boka «Jakta. Meg og krigsforbrytarane».3 Ifølge henne var meir enn 300 serbarar sakna etter krigen. Mange var kidnappa av UÇK og førte til fangenskap i Albania sommaren 1999. Enkelte hamna i eit gult hus nær byen Burrel, der organ blei fjerna før eller etter at offera var drepne. Organa blei køyrde til flyplassen i den albanske hovudstaden Tirana for rask transport til kjøparar på den illegale organmarknaden. Ei gruppe frå FN og ICTY besøkte «det gule huset» i 2004 saman med Montgomery.1 Dei fann blodrestar på golvet og kirurgiske instrument i ei søppelfylling nær ved. Carla del Ponte fortel at ho blei hindra i å halde fram med etterforskinga. Fysiske bevis som var samla, skal i 2005 ha blitt øydelagde av folk som var knytt til Haag-tribunalet, utan at sjefen var informert. Opplysningar om åtte vitneutsegner skal også ha forsvunne.3,4

I 2012 intervjua den serbiske kringkastingskanalen RTS ein anonym person, som sa han var tidlegare albansk soldat. Mannen opplyste at han hadde deltatt i operasjonar for fjerning av organ frå fangar nord i Albania. Han fortalte korleis hjartet var tatt ut av ein 19 år gammal serbar. Soldaten fekk ordre om å starte inngrepet ved å legge snitt frå halsen og nedover. Ein lege overtok så operasjonskniven.5

Europarådet fekk i 2010 ein rapport frå den sveitsiske politikaren og juristen Dick Marty om inhuman behandling av menneske og illegalt sal av menneskelege organ i Kosovo.6 Det førte til at EULEX – EUs sivile justisdelegasjon i Kosovo – i 2011 nedsette ei etterforskingsgruppe for å granske saka nærare. Gruppa var leia av John Clint Williamson, amerikansk stjernediplomat med 18 års erfaring frå Balkan. Meir enn hundre personar blei intervjua. Arbeidet var vanskeleg. Hendingane låg femten år tilbake i tid. Mange aktuelle vitne var døde eller sterkt svekka. Andre var truga eller audmjuka, endra forklaring eller forsvann.

Williamson-rapporten blei lagt fram på ein pressekonferanse i

98 JUGOLAND

Brüssel i 2014.7 Innhaldet skal ha komme overraskande på politiske leiarar i Europa og USA.8 Det blei presentert klare bevis for systematisk etnisk reinsking utført av UÇK mot serbarar, romfolk og andre minoritetar. Rapporten omtalte drap, tortur, seksuelle overgrep og internering i konsentrasjonsleirar i Kosovo og Albania. Når det gjeld organhausting frå fangar, fann gruppa omkring ti tilfelle med sterke indisier på at slikt hadde skjedd, men ikkje sikre bevis. Williamson hadde tru på at prov skulle kunne skaffast, dersom etterforskinga heldt fram.

Rapporten resulterte i oppretting av ein internasjonal domstol – Kosovo Specialist Chamber (KSC) – for saker om brottsverk frå UÇK i perioden 1. januar 1998–31. desember 2000. KSC har sete i Haag, av omsyn til vern av vitne. Domstolen er basert på Kosovos lovgiving, men har utanlandske dommarar. Etter sterkt internasjonalt press vedtok nasjonalforsamlinga i Kosovo i 2014 å gå inn for eit slikt organ. Statsminister – seinare president – Hashim Thaçi stemte for forslaget, men uttalte at det var ei fornærming mot Kosovo.9 I 2017 var det omkamp om saka i nasjonalforsamlinga, men forslag om å oppheve lovgrunnlaget blei nedstemt med knapp margin. Som fleire andre politikarar har Thaçi bakgrunn frå leiinga i UÇK. Han må i det minste ha kjent til dei forholda som er omtalte i Williamson-rapporten.

Domstolen blei formelt etablert i 2015, men først i desember 2018 starta dei første høyringane. Sommaren 2020 var meir enn 150 personar kalla inn til utspørjing som tiltalte eller som vitne; president Thaçi var blant dei tiltalte. I september same året skjedde den første pågripinga; Salih Mustafa, ein høgtståande leiar i UÇK, blei overført til eit spesialfengsel for KSC.10 Han er tiltalt for å ha gitt ordre til meir enn hundre drap, umenneskeleg behandling, tortur og vilkårlege arrestasjonar.11 I november blei også Thaçi og tre andre tidlegare sentrale UÇK-toppar fengsla i Nederland. Per mars

KRISTIAN HAGESTAD 99

2021 hadde styresmaktene i Kosovo brukt meir enn 460000 euro til forsvarsadvokatar for dei UÇK-tiltalte.12

Det står att å sjå om spesialdomstolen kan innfri føresetnaden om rettferd for taparane i Kosovo. Marty har vore optimistisk, men peikar på at mykje avheng av om politi og EULEX maktar å gi tilstrekkeleg vern til nøkkelvitne og deira familiemedlemmar.13,14 Leiar av domstolen har tatt til orde for at utsette vitne med familiemedlemmer må kunne få tilbod om trygt opphald i Vest-Europa.15

1. Gordana Igric G. Unlocking the Dark Secrets of the

KLA’s Camps, Interview: Michael Montgomery. Balkan

Insight, 16.04.2009. 2. Searching for Kosovo’s Missing: Part 1. The Center for Investigative Reporting, 05.06.2009. www.youtube. com/watch?v=3dWRzeziU4s 3. Del Ponte C, Sudetic C. La caccia. Io e i criminali di guerra. Milano: Feltrinelli, 2008. 4. “U.S. supports organ trafficking probe in Kosovo”. www.b92.net/eng , 10.05.2013. 5. Løvstad L, Bjørstad Graff S. Skar ut organer på levende fanger. AbC Nyheter, 10.12.2012. 6. Inhuman treatment of people and illict trafficking in human organs in Kosovo. Report AS/Jur (2010) 46 (provisional version). Council of Europe: Parlamentary

Assembly, 12.12.2010. 7. Compelling indications of human organ trafficking.

EurActiv, 29.07.2014. https://www.youtube.com/ watch?v=KnD-MFPnhCw 8. “Western countries did not expect these results”. Tanjug News

Agency , 30.07. 2014. 9. “Court is insult to Kosovo – but vote to establish it!”. www.b92.net/eng , 18.04.2014. 10. Første tiltalte pågrepet av Kosovo-domstol. NTB, 24.09.2020. 11. Initial Appearance of Salih Mustafa. Kosovo Specialist

Chamber, 28.09.2020. 12. Priština government spends almost half a million to defend KLA veterans. 13. “Protect Kosovo crimes witnesses, or they will be killed”. www. b92.net/eng , 09.11. 2018. 14. Dérens J-A, Geslin L. Oppgjørets time i Kosovo. Le Monde diplomatique, norsk utgåve, desember 2020 : s. 4–5. 15. Crowcroft O. Kosovo could try to move war crimes court to Priština, judge warns. Euronews, 23.02.2021.

100 JUGOLAND

Kroatia

Mellomalderbyen Dubrovnik, «Perla ved Adriaterhavet».

KRISTIAN HAGESTAD 101

This article is from: