6 minute read

Den evige toaren?

Kroatia har vore karakterisert som «den evige toaren» frå det tidlegare Jugoslavia. Med om lag ein femdel av både folketal og territorium var Kroatia den nest største delrepublikken i Jugoslavia, men klart slått av storebror Serbia. Kroatane utgjorde også den nest største nasjonaliteten (etniske gruppa) i Jugoslavia. Når det gjaldt økonomisk nivå og levestandard for innbyggarane, var Kroatia nest best, slått av veslebror Slovenia. Etter at Jugoslavia var oppløyst, vart Kroatia nummer to i kappløpet om medlemskap i NATO og EU, slått med fleire år av nabostaten Slovenia.

FRÅ MELLOMALDERRIKE TIL JUGOSLAVISK DELREPUBLIKK Området der kroatar slo seg ned frå 500-talet, hadde høyrt til det romerske vest-riket. Da kroatane blei kristna på 600-talet, kom dei inn i den romerske kyrkja. I mellomalderen eksisterte det i meir enn 150 år eit kroatisk kongedømme. Frå år 1102 og heilt fram til 1918 var Kroatia knytt til Ungarn og Austerrike. Kroatia har i dag dei grensene som blei fastsette etter andre verdskrig.

Advertisement

Orientering mot vestleg kultur og forankring i romersk katolisisme har gjennom hundreåra prega identitet og nasjonalkjensle hos kroatane. For dei har det gått eit skilje mellom «oss» og dei meir bysantinsk og orientalsk påverka sørslaviske folkegruppene. Ifølge historikaren Sanimir Resić ved Lund universitet, som delvis har bakgrunn frå Kroatia, har kroatane sett på sin sivilisasjon som meir høgtståande enn den serbarar og andre sørlege naboar har kunna

102 JUGOLAND

framvise.1 I 2017 var 86 prosent av befolkninga i Kroatia registrerte som romersk-katolske kristne.

På 1800-talet vaks det fram nasjonalistiske kroatiske rørsler. Etter kvart fekk desse konkurranse av ein jugoslavisk ideologi for samling av sørslaviske folk. Den jugoslaviske lina vann fram, og Kroatia gjekk i 1918 inn i det nyoppretta kongedømmet av serbarar, kroatar og slovenarar. For kroatane blei livet i den nye staten eit vonbrott på grunn av den serbiske dominansen. I 1928 skjedde det også eit attentat i nasjonalforsamlinga, der tre kroatar mista livet og éin vart såra.2

Misnøya med Serbia stimulerte nasjonalistiske kroatiske miljø. Éi av desse gruppene var den fascistiske organisasjonen Ustasja, danna av Ante Pavelić i 1929. Han ville frigjere Kroatia, og frå eksil starta han trening av terroristar. Ustasja var involvert i drapet på kong Aleksandar i 1934.

Da andre verdskrig kom til Jugoslavia i 1941, blei den «sjølvstendige» Fristaten Kroatia (NDH) oppretta med Pavelić som «førar». I tillegg til mesteparten av Kroatia inngjekk også Bosnia-Hercegovina og ein del av Serbia i NDH. Ustasja-styret ville gjere Kroatia «etnisk reint», eit program som særleg ramma serbarane. Planen for løysing av «det serbiske problemet» var at ein tredel skulle drepast, ein tredel skulle deporterast til Serbia, og ein tredel skulle få konvertere til romersk katolisisme mot å betale ein «overgangssum». Mange blei systematisk massakrerte i serbiskdominerte område.3 Andre hamna i utryddingsleirar, sjå kapittelet om «Balkans Auschwitz».

For nordmenn er det interessant at 600 ferske frontkjemparar i «Regiment Norge» oppheldt seg i NDH tre månader hausten 1943 for å få «fronttrening» før dei skulle til austfronten ved Leningrad. Dei var stasjonerte i det som i dag er grenseland mellom Kroatia og Republika Srpska i Bosnia-Hercegovina, eit område som var kjent for høg partisanaktivitet. Det er dokumentert at nordmenn avretta

KRISTIAN HAGESTAD 103

såra partisanar. Etter som offera var utan uniform, vart det ikkje klassifisert som krigsbrottsverk etter folkeretten den gongen. Dei norske soldatane skapte også problem for lokalbefolkninga ved beslaglegging av husdyr og korn.4

Da Titos frigjeringshær nærma seg Zagreb i mai 1945, kom Pavelić seg unna. Han var først i Austerrike, drog så til Italia, der han fekk vern av pave-kyrkja, før han i 1948 kom seg vidare til Argentina. Mange sivile og militære Ustasja-tilhengarar flykta også til Austerrike. Store skarar av dei blei ved byen Bleiburg stansa av britiske styrkar og tvinga tilbake mot Slovenia. Mange av dei, truleg titusenvis, blei drepne av den jugoslaviske frigjeringshæren. Den katolske kyrkja har brukt å ha minnearrangement for massakren i Bleiburg i mai. Representantar frå kroatiske styresmakter har da vore til stades, men også nynazistiske og -fascistiske grupper frå andre europeiske land har strøymt til.5

Tito var kroat, men gav ikkje Kroatia noko særstilling innan føderalstaten Jugoslavia. Tvert om var han svært bevisst på behovet for eit balansert styrkeforhold og ivaretaking av interessene til dei ulike delrepublikkane og etniske gruppene. Det fekk Kroatia erfare på overgangen mellom 1960- og 70-talet, ein fase med liberal utvikling innan det kroatiske kommunistpartiet, ofte omtalt som «den kroatiske våren». Da kom det fram ønske om større sjølvstyre for delrepublikken, meir styring av eigen økonomi, samt bruk av kroatisk språk. Spørsmål om overføring av kroatiskdominerte delar av Bosnia-Hercegovina til Kroatia blei også reist. I 1971 slo Tito til med arrestasjonar av «fritenkarar» og utreinskingar i partiet, ei kroatisk ordbok hamna på forbodslista.

FRÅ SJØLVSTENDEERKLÆRING TIL EU-MEDLEMSKAP Ved det første frie parlamentsvalet i Kroatia våren 1990 fekk det nasjonalistiske sentrum-høgre-partiet Det demokratiske kroatis-

104 JUGOLAND

ke fellesskapet (HDZ) 40 prosent av stemmene og vann med det absolutt fleirtal i nasjonalforsamlinga Sabor. Franjo Tuđman (1922–99) – landsfaderen for det sjølvstendige Kroatia – var fram til sin død første leiar av HDZ og første president i Kroatia. Trass i ei rekke skandalar knytte til både Tuđman og andre HDZ-politikarar har partiet dominert kroatisk politikk mesteparten av tida sidan 1990.6,7,8 Det sentrum-venstre-baserte Sosialdemokratiske partiet (SDP), arvtakar etter kommunistpartiet, er den største utfordraren. Det har hatt statsministeren i eit par periodar og har frå 2020 – for andre gong – presidenten.

Tilbake til starten av 1990-talet: Kroatia erklærte seg som uavhengig stat den 25. juni 1991, same dag som også Slovenia kunngjorde sitt sjølvstende; men vegen fram til eit samla, uavhengig land skulle bli langt drygare og tøffare for Kroatia enn for nabostaten i nord. Først i 1998 var heile Kroatia under full kontroll av dei sentrale styresmaktene. Krigshandlingane i 1990–91, interimsfasen 1992–95, krig 1995 og overgangsfasen 1996–97 er omtalt i det neste kapittelet, «Uavgjort mellom Kroatia og Serbia i Haag – kva så?»

Tyskland signaliserte tidleg hausten 1991 at det ville anerkjenne Kroatia og pressa hardt på for å få med seg dei andre EU-landa. Den tyske godkjenninga kom som ei julegåve 17. desember 1991. Den enkle songen «Danke Deutschland», framført av unge Sanja Trumbić, blei i dagevis spelt gong på gong på kroatisk radio.9 Resten av EU-statane, Noreg og ei rekke andre land godkjente Kroatia i januar 1992. Landet blei medlem av FNi 1992, Europarådet1996, NATO 2009 og EU 2013. Kroatia har førebels ikkje fått oppfylt sitt ønske om å bli med i Schengen-området. Derimot har det komme talrike rapportar om at kroatisk politi har utført grov mishandling av migrantar som har prøvd å ta seg inn i landet frå Bosnia-Hercegovina.10 Kroatia har hevda seg internasjonalt i fleire lagsportgreiner med

KRISTIAN HAGESTAD 105

ball. I 2018 kom det kroatiske fotballandslaget til finalen i VM. Utfall: Laget blei «ein god nummer to».

1. Resic S. Jugoslaviens undergång. Lund: Historiska

Media, 2018: s. 15. 2. Mønnesland S. Før Jugoslavia og etter. Oslo: Sypress forlag, 2006: s.166–80. 3. IBID: s. 191–93. 4. Thoresen KF. Frontkjemperne på Balkan 1941–1945 : sett i historisk perspektiv. Eget forlag, 2007. 5. Vladisavljevic A. Croatia President Honours Bleiburg

Massacre Victims. Balkan Insight, 09.05.2019. 6. Milekic S. Obsessed with Forging Croatia’s Independence. Balkan Insight, 10.12.2019. 7. Former Croatian PM sentenced to 9 years. www.b92. net/eng , 12.03.2014. 8. Vladisavljevic A. Croatia’s Scandale-Prone Ruling Party.

Balkan Insight, 13.05.2019. 9. Axboe Nielsen C. Vi troede ikke det kunne ske her –

Jugoslaviens sammenbrud 1991–1999, København:

Kristeligt Dagblads Forlag, 2018: s. 121. 10. Imamovi A. Migrant stories: They were beating and torturing us, kept us without food... N1 News, 23.10.2020.

106 JUGOLAND

This article is from: