7 minute read

Uavgjort mellom Kroatia og Serbia i Haag – kva så?

Da Kroatia i juni 1991 erklærte seg som sjølvstendig stat, utgjorde den serbiske minoriteten i landet om lag 600 000 personar, tilsvarande 12 prosent av befolkninga. Mange av serbarane budde nær grensa til Serbia eller Bosnia-Hercegovina. Mange landsbyar var nesten reint serbiske. Serbarar i Kroatia ville ikkje høyre til i eit uavhengig Kroatia, men ville bli verande i Jugoslavia. Allereie i 1990 var det sett opp vegsperringar ved innkøyring til serbiskdominerte regionar og oppretta såkalla autonome serbiske område.

Styrkar frå Serbia (formelt sett frå den jugoslaviske armeen JNA) gjekk i juli 1991 inn i Kroatia. Krigen som følgde, blei dels ein kamp mellom JNA og den nyoppretta kroatiske hæren, dels ein borgarkrig mellom serbiske og kroatiske innbyggarar. I tillegg kom paramilitære grupper frå Serbia, som dels opererte saman med JNA, dels på eiga hand. Tidlegare roleg naboskap mellom folk frå dei to etniske gruppene blei erstatta av kollektive, «etnifiserte» haldningar.1 Folk blei sagt opp frå jobben fordi dei høyrde til «feil» folkegruppe. Kroatar blei fordrivne frå serbiskkontrollerte område og vice versa. Etter som serbarane ønskte seg mest mogleg samanhengande territorium, dreiv dei ut kroatar også frå stader der serbarar var i mindretal.

Advertisement

Det som skjedde i innlandsbyen Vukovar og ved kystbyen Dubrovnik, vekte særleg sterke reaksjonar internasjonalt. Kampane om

KRISTIAN HAGESTAD 107

Tårnet for drikkevatn i Vukovar med skadar etter serbisk bombardement i 1991.

Vukovar gjekk føre seg frå august til november 1991. Da byen kapitulerte, var den sterkt øydelagt. Dei første dagane etter at JNA og serbarar gjekk inn i byen, skjedde det grove overgrep og drap; blant offera var pasientar frå sjukehuset. Dubrovnik var utsett for bombardement frå oktober og ut året. Byen er kjent som «perla ved Adriaterhavet» og har hatt plass på verdsarvlista til UNESCO frå 1979. Dubrovnik blei ikkje inntatt. Øydeleggingane og valden var langt mindre enn det som ramma Vukovar, men byen og bygningane blei påførte omfattande skadar.

108 JUGOLAND

Etter eit halvår med konfliktar var nær ein tredel av Kroatia komme under kontroll av serbarane, som i desember 1991 proklamerte oppretting av «den autonome serbiske republikken Krajina» med byen Knin som hovudstad. «Staten», som bestod av fleire serbisk-kontrollerte område, fekk aldri noko internasjonal godkjenning. I første del av 1992 blei det plassert FN-styrkar i buffersoner mellom dei stridande partane. Etter dette eksisterte det stort sett ein slags «varm fred» i meir enn tre år.

Sommaren 1995 gjekk Kroatia til motoffensivar etter opprusting og militær rådgiving frå USA.2 Den mest intense fasen med krig var «Operasjon Storm», som varte frå 8. til 14. august, og som resulterte i totalt nederlag for Krajina-republikken. Om lag 200 000 serbarar flykta frå Kroatia i løpet av få dagar. Dei fleste drog til Serbia, andre til den serbiskkontrollerte delen av Bosnia-Hercegovina. Ifølge EUs utsending Carl Bildt var utdrivinga av krajina-serbarane den mest omfattande etniske reinsinga som skjedde under Balkan-krigane på 1990-talet. Etter Operasjon Storm fanst det ennå att serbiskkontrollerte område i Aust-Slavonia, nordaust i landet. Hausten 1995 kom det i stand ein avtale om full innlemming av desse i Kroatia frå 1998. I mellomtida skulle FN ha kontrollen.

I 1999 stemna Kroatia nabolandet Serbia inn for folkerettsdomstolen i Haag (ICJ) for brott på konvensjonen mot folkemord (genocid), og med krav om økonomisk kompensasjon. Etter at saka hadde vore under behandling i over ti år, svarte Serbia i 2010 med motsøksmål og påstand om kroatisk folkemord på serbarar. Avgjerda til ICJ kom i 2015. Klagemåla frå kvart land blei systematisk gjennomgått, haldne opp mot det som låg føre av faktiske bevis, og prøvd mot krav som måtte vere oppfylte for at det kunne konkluderast med folkemord.3

ICJ fann det bevist at serbarane utførte ei rekke drap på sivile og soldatar, mishandling, tortur, seksuell vald og utdriving av kroatar

KRISTIAN HAGESTAD 109

frå serbiskkontrollerte område. Når det gjaldt kroatane, fann retten prov for at det under Operasjon Storm skjedde planlagt utdriving av serbarar i den hensikt å få fjerna dei fleste. Det skjedde også drap på folk i flyktningkolonnar, på attverande sivile og på soldatar som hadde lagt ned våpena. Derimot fann domstolen ikkje bevis for at verken Serbia eller Kroatia hadde som intensjon å utrydde heile eller delar av befolkninga til motparten. Påstandane om folkemord blei derfor avviste.

Da avgjerda frå ICJ blei kjent, uttalte Kroatias statsminister at regjeringa ikkje var glad for resultatet, men ville akseptere utfallet på sivilisert vis.4 Serbias justisminister meinte det ikkje var grunn til å vere misnøgd, og at avgjerda sette punktum for den juridiske striden mellom dei to landa. Han trekte fram at domstolen oppfordra begge partar til å samarbeide om å rette opp dei tragiske konsekvensane av krigen i Kroatia.5 Skilnaden i reaksjonar frå dei to landa tyder på at Serbia var meir tilfreds med avgjerda i ICJ enn det Kroatia var.

Serbias justisminister la til ein interessant replikk: «Dette er første gong ein internasjonal instans seier at krajina-serbarane blei utsette for brottsverk som direkte konsekvens av Operasjon Storm. ICJ har tatt eit steg framover, samanlikna med ICTY.» Kommentaren var eit svar til påstandar frå Kroatia om at oppmodingar frå serbiske styresmakter utløyste masseflukta i august 1995. Orda avspegla også ei utbreidd oppfatning blant serbarar, at verdssamfunnet summarisk har stempla deira nasjon som skurken under krigane på 1990-talet, medan det er sett mellom fingrane med overgrep frå andre partar. ICTY er sett på som ein partisk instans med éi norm for serbarar og ei anna for kroatar, bosniakar og kosovo-albanarar.

Éin grunn for justisministeren sitt spark til ICTY kan vere domstolen si behandling av den fransk-kroatiske generalen Ante

110 JUGOLAND

Gotovina, som hadde ei leiande rolle under Operasjon Storm. Han blei i 2001 tiltalt for krigsforbrytingar. Etter å ha vore på rømmen vart han arrestert på Kanariøyane i 2005. I 2011 blei han dømt av ICTY til fengsel i 24 år for krigsforbrytingar, men etter anke vart han året etter frifunnen med tre mot to stemmer. Han kunne returnere til Kroatia som folkehelt. Det blei seinare med solid statleg støtte laga ein romantiserande film om livet hans. Den hadde premiere i 2019 og blei til ein serie med åtte episodar på statleg fjernsyn. Serbiske soldatar blir i filmen framstilte som mordariske og drikkfeldige kriminelle, medan kroatiske soldatar opptrer folkerettsleg korrekt.6 I dag utgjer den serbiske minoriteten i Kroatia knapt fire prosent. Få av dei som flykta i 1995, har vendt tilbake. Flyktningar som framleis lever i Serbia, opplever å ikkje få pensjon. Vil dei vende tilbake til heimstaden, kan dei støyte på praktiske og byråkratiske vanskar knytte til bustad og kroatisk ID-kort.7,8 Rettstvistar om eigedomsrett tar lang tid. Mange bygningar i Krajina står tomme og er til nedfalls. Området er blitt ein underutvikla del av Kroatia.

Kroatia har ein lov om rettar for minoritetar, som bl.a. inneber at i byar og kommunar der serbarar utgjer meir enn 30 prosent av befolkninga, har dei rett til å få offentlege dokument på sitt eige språk. Vidare skal offentlege skilt vere tospråklege; både ha kroatisk tekst med latinsk alfabet og serbisk tekst med kyrillisk alfabet. Slike skilt er ofte blitt rivne ned av kroatiske aktivistar. Etter at grunnlovsdomstolen i 2019 presiserte rettane til den serbiske minoriteten, uttalte både ordføraren i Vukovar og den kroatiske presidenten at tida ikkje var moden for å praktisere loven der i byen.9

For mange serbarar er det ein årleg provokasjon at Kroatia feirar 5. august som offentleg høgtidsdag til minne om Operasjon Storm – sluttfasen av «fedrelandskrigen» – som «avgjorde framtida til Kro-

KRISTIAN HAGESTAD 111

atia».10,11 Ved hovudmarkeringa av 25-årsjubileet i Knin – ein gong «hovudstaden» i den serbiske «Krajina-republikken» – var det solid representasjon frå den politiske leiinga i dagens Kroatia.12

1. Milekic S. Amoral Communities: How Ethnic Identity

Prevailed in Croatia’s War. Balkan Insight, 01.11.2019. 2. Burton-Rose D, Madsen W. Corporative Soldiers: The

US Government Privatizes the Use of Force. Multinational Monitor, Mars 1999: s. 17–19. 3. Application of the Convention on the Prevention and

Punishment of the Crime of Genocide (Croatia v. Serbia). Haag: ICI, 03.02.2015. 4. Press release: Milanovic says Croatia not satisfied with, but accepts ICJ ruling. Zagreb: Government of the Republic of Croatia, 03.02.2015. 5. “It is now up to Serbia and Croatia to prosecute crimes”. www.b92.net/eng , 05.02.2015. 6. Milekic S. Croatia’s State-Funded Gotovina Movie Reinforces War Myths. Balkan Insight, 03.08.2019. 7. UNHCR rejects Croatia’s bid to strip Serb refugees of

Status. www.b92.net/eng , 26.09.2013. 8. Pressure on Serb refugees to cancel residence in Croatia. www.b92.net/eng , 21.08.2014. 9. Vladisavljevic A. Croatian President Backs Delay to

Extended Rights for Vukovar Serbs. Balkan Insight, 18.07.2019. 10. «Operation Storm not occasion for celebration.” www. b92.net/eng , 04.08.2014. 11. Jensen J. Kroatia jubler for seg sjøl. Klassekampen 03.08.2015: s. 14–15. 12. Vladisavljevic A, Stojanovic M. Croatia Hails 25th Anniversary of Operation Storm Victory; Serbs Mourn.

Balkan Insight, 05.08.2020.

112 JUGOLAND

This article is from: