4 minute read

Nasjonalistisk retorikk eller psykoanalytisk gruppeanalyse?

Ioktober 1991 fekk den rikhaldige floraen av engelskspråklege medisinske tidsskrift eit nytt tilskott. Croatian Medical Journal (CMJ) var namnet på nykommaren. Den første utgivinga var eit spesialnummer om krigen i Kroatia.1 I ettertid er det interessant å studere innhaldet i denne publikasjonen, som ifølge redaktøren presenterer informasjon og kommentarar utan nokon «nasjonal, politisk, rasemessig eller religiøs slagside».

Forutan artiklar om helsemessige konsekvensar av krigen har tidsskriftet ein artikkel med tittelen «Jugoslavia som ei gruppe», skriven av Eduard Klain frå avdeling for psykologisk medisin ved Zagreb hospital og universitetet i Zagreb. Ifølge den innleiande teksten gir artikkelen «ei psykoanalytisk beskriving og forklaring av bakgrunnen for dei hendingane som førte til aggresjonen mot Kroatia. (...) Jugoslavia blir beskrive og analysert ut frå ståstaden til ein gruppeanalytikar».

Advertisement

I det følgande blir det referert nøytralt frå artikkelen, før forfattaren av denne boka gir sine kommentarar.

SJU FOLKEGRUPPER Klain gir ein ganske omfattande omtale av skilnader mellom ulike «grupper» (nasjonalitetar) i Jugoslavia.

Om serbarane heiter det at dei er majoritetsfolket som styrte lan-

KRISTIAN HAGESTAD 113

det. Dei er kjent for sin militante tradisjon, som har blitt overført frå generasjon til generasjon. Samanlikna med kroatar viser serbarane – i utviklinga av personlegdom – oftare ein grupperegresjon med schizo-paranoide preg. Ovanfor nasjonsgruppene i vestre del av Jugoslavia (Kroatia og Slovenia) har serbarane tidt mindreverdskjensle, ettersom dei er klar over at eigen sivilisasjon og kultur ligg på eit lågare nivå. For gruppa er den serbisk-ortodokse kyrkja meir ein del av den nasjonale identiteten enn ei religiøs forankring.

Kroatane blir omtalte som den største rivalen til serbarane. Kroatane har bygd samhaldet på arbeid, dialog, lydnad, samt forventning om forståing og rettferd. Dei har ein grupperegresjon med depressivt preg, karakterisert med skuldkjensle som avspeglar seg i behovet for å be til Gud. Deira religiøse liv er sterkare enn det serbarane har, noko som heng saman med oppleving av å høyre til i den vestlege kultursfæren med den romersk-katolske kyrkja og paven.

Slovenarane er som nasjonsgruppe homogene, hardtarbeidande og velorganiserte. Dei utnyttar dei stadige konfrontasjonane mellom serbarar og kroatar til uforstyrra å kunne utvikle seg som gruppe. Med sin meir modne identitet har slovenarane ikkje noko behov for ein karismatisk gruppeleiar.

Makedonarane er på ambivalent vis knytt til både bulgararar, grekarar og albanarar. I interaksjonen med desse grannefolka prøver dei å bevise sin eigen identitet som nasjon. Etter som makedonarane er ei heterogen gruppe, er samhaldet heller svakt, men på andre sida, har dei – som ei kvar nyforma gruppe – behov for å idealisere gruppeidentiteten.

Montenegrinarane er oppfostra med ekstremt heroisk-militante tradisjonar. Dei viser eit libidoprega og rigid superego, som manifesterer seg med byrgskap og ærlegdom. Som gruppe er dei temmeleg fattige, og deira kultur og sivilisasjon held eit heller lågt nivå.

Bosniakane, som i artikkelen blir kalla «bosniarar», høyrer til den

114 JUGOLAND

islamske religionen. Dei er svært tradisjonelle og konservative. Dei lever i store familiar, der kjønnsbalansen er prega av absolutt mannleg dominans, og autoriteten til fedrane er heilag.

Albanarane får ei svært så kortfatta omtale: Dei er for det meste oppdradde i ein islamsk tradisjon. Deira kultur og sivilisasjon held eit svært lågt nivå.

ANDRE VERDSKRIGEN Som bakgrunn for den aktuelle situasjonen i 1991 omtaler Klain kort Jugoslavia under andre verdskrigen. Han startar med ein referanse til Freud: «Eit skal av kultur og sivilisasjon gjekk raskt i oppløysing.»

Krigen blei ein ideell sjanse for å få ut all den destruktive aggresjonen som hadde vore undertrykt etter at Jugoslavia blei oppretta. Ekstreme grupper av serbarar og kroatar danna og dreiv – utan noko rasjonelt motiv – fysisk utrydding av medlemmer frå motsett gruppe. Dessverre var der store tap på begge sider.

Klain trur den mest skadelege konsekvensen av desse gruppemanifestasjonane av arkaiske instinkt er den påfølgande fortolkinga av det som skjedde. Kommunistpropagandaen lykkast med å presentere historia som om Ustasja-folk drap mengdevis av uskyldige serbarar. Etter krigen tilfredsstilte gruppene sine behov ved å gjenta sogene om krigshendingane. På serbisk side blei talet på offer i røynda auka med ein faktor frå ti til 100.

KOMMENTARAR Klain gir ingen litteraturreferansar som støttar den stereotypiprega beskrivinga av dei sju største folkegruppene i Jugoslavia. Til omtalen av andre verdskrigen er det éin referanse, som gjeld eit sitat av Freud.

Klain har fullstendig rett i si påpeiking av at der er ulike oppfat-

KRISTIAN HAGESTAD 115

ningar om hendingar, tapstal og ansvarsfordeling mellom dei ulike aktørane i Jugoslavia under andre verdskrigen. Men uhyre få vil nekte for at det fascistiske Ustasja-regimet i «Fristaten Kroatia» faktisk dreiv masseutrydding av uskyldige serbarar, og det i ganske så stort omfang. Klain nemner ikkje den kroatiske «underdrivinga» av omfanget av Ustasja-terroren, men hevdar utan dokumentasjon at serbarane har overdrive sine tapstal opptil hundredobling.

Det er opp til lesaren å vurdere om redaktøren si programerklæring om objektiv framstilling – nasjonalt, politisk, rasemessig og religiøst – er innfridd.

Det høyrer med til historia at dette nummeret av CMJ blei trykt på ny for spreiing av «Kroatisk informasjonsservice» i 1992. Det er elles interessant at nummeret ikkje er å finne på internett. Klains artikkel kjem ikkje fram ved søk på Medline/PubMed, den mest omfattande digitale kjelda for medisinsk litteratur.

1. Croatian Medical journal. War Suppl. 1, Zagreb 1991–92.

116 JUGOLAND

This article is from: