![](https://static.isu.pub/fe/default-story-images/news.jpg?width=720&quality=85%2C50)
3 minute read
«Balkans Auschwitz»
Sommaren 1941 starta det fascistiske Ustasja-styret i Fristaten Kroatia oppretting av konsentrasjonsleirar for serbarar, jødar og romfolk; etter kvart også for partisanar og andre antifascistar. I løpet av krigsåra kom talet på leirar opp i om lag 25. Den største blei bygd søraust i Kroatia ved byen Jasenovac, inntil breidda av elva Sava, som her dannar grensa mot Bosnia-Hercegovina. Etter kvart omfatta Jasenovac-komplekset fem store og tre mindre leirar, fordelte over eit område på 210 kvadratkilometer. Kommunikasjonsmessig låg området sentralt plassert, sett i forhold til både vegsamband og jernbanenett.
Jasenovac var dels samlestad før vidare fordeling til andre leirar, dels arbeidsleir, men aller mest ein utryddingsleir. Forholda var forferdelege. Fangane fekk minimalt med mat; arbeidsdagane var lange med hardt slit. Innkvarterings- og sanitærstandard var elendig, og maksimalt sadistiske torturmetodar var i utbreidd bruk.1
Advertisement
I januar 1942 vart området Donja Gradina på motsett side av Sava reinska for innbyggarar. Slettelandet her blei omgjort til hovudarena for masseavretting av fangar frå Jasenovac. Drapsmetodane var primitive og brutale: Kutting av strupen med kniv, klubbeslag mot hovudet, øksehogg, henging, kveling, drukning, skålding og brenning.2 Skyting blei også brukt, men i avgrensa grad, fordi det skulle sparast på ammunisjonen. I tillegg til alle som blei avretta, døydde mange av svolt og sjukdom. Lika blei lagt i massegraver, brente eller
KRISTIAN HAGESTAD 117
kasta i Sava. I Beograd, om lag 40 mil lenger nede i elva, der Sava renn ut i Donau, dukka det opp døde kroppar frå Jasenovac.
Det var også barn blant fangane. Ifølge Jasenovac Research Institute i New York blei 19544 serbiske jenter og gutar avretta.2 Barna risikerte å måtte sjå foreldra bli drepne på brutalt vis, før dei sjølve blei tatt av dage.3 Jamvel garva nazioffiserar reagerte på forholda i Jasenovac. Da den herda tysk-austerrikske generalen Edmund Glaise-Horstenau, som var Hitlers utsending i Zagreb, besøkte Jasenovac, blei han djupt sjokkert. I dagboka si skreiv han i 1942 at Ustasja-leirane var eit konsentrat av skrekk og gru. Ein annan høgtståande offiser samanlikna Jasenovac med Dantes Inferno.2
Myrderia nådde klimaks sommaren 1942, men heldt fram heilt til slutten av april 1945. Siste fangeforsendinga kom til leiren i mars det året. Da Titos partisanhær nærma seg, blei attverande fangar tatt av dage, leiren vart øydelagt og arkiva brende opp. Den 22. april prøvde 1075 fangar å bryte ut, 127 av dei kom frå det i live.4 Da leiren blei frigjort 2. mai, fann hæren seks overlevande, som hadde klart å gøyme seg i ruinane.
Det ligg føre sterkt motstridande oppfatningar om kor mange som mista livet i Jasenovac 1941–45. Historieprofessor og seinare president i Kroatia, Franjo Tuđman, gav i 1989 ut boka «Krigens gru», der han anslo talet til å vere ein stad mellom 30 000 og 60 000.
Da eg besøkte leirmuseet i Jasenovac på kroatisk side av elva i 2016, fekk eg opplyst at det finst namn på 83 145 dødsoffer, men at totaltalet kan vere opptil 99 000, omtrent det same sifferet som er oppgitt av USAs minnemuseum for Holocaust.1 På minnestaden ved massegravene i Danja Gradina på bosnisk side av grenseelva, fekk eg presentert langt høgare tal; 700 000 døydde, fordel-
118 JUGOLAND
te på 500 000 serbarar, 40 000 romfolk, 33 000 jødar og 127 000 antifascistar.
I kroatiske miljø finst det ekstreme oppfatningar med fornekting av heile historia om Jasenovac som dødsleir. Journalisten Igor Vukić, som i 2018 gav ut boka «Arbeidsleiren Jasenovac», hevdar at fangane blei humant behandla og at staden ikkje var nokon utryddingsleir, men ein arbeids- og straffeanstalt.5 Ei anna bok som har vekt kroatisk interesse, er «Myten om Jasenovac», skriven av den sterkt høgreorienterte slovenske forfattaren Roman Leljak, som hevdar det korrekte talet på døde i Jasenovac er 1654.
Sjølv om ein ser bort både frå påstandar frå forblinda fornektarar og ekstreme serbiske oppfatningar, er kroatar og serbarar – med sine sterkt motstridande grunnoppfatningar av hendingane i Jugoslavia under andre verdskrig – stadig fundamentalt ueinige om tolkinga av tilgjengeleg dokumentasjon om ugjerningane i Jasenovac. Usemja om tal må ikkje få rokke ved det faktumet at der ein i dag finn idylliske slettelandskap på begge sider av Sava og riksgrensa mellom Kroatia og Bosnia-Hercegovina, der gjekk eitt av dei verste skrekkinfernoa under den andre verdskrigen føre seg i perioden 1941–45.
1. Jasenovac. United States Holocaust Memorial Museum. https://www.ushmm.org/search/results/?q=Jasenovac 2. What was Jasenovac? Jasenovac Research Institute. jasenovac. org 3. Johansen J O. Ustasja. Oslo: Cappelen, 1984: s. 43. 4. The Jasenovac camp breakout. Donja Gradina Memorial Site, 2013. 5. Vladisavljevic A. Book Event Questioning WWII
Crimes Planned for Zagreb Church. Balkan Insight, 07.01.2019.
KRISTIAN HAGESTAD 119