6 minute read
Fascismen i Kroatia var ikkje død
I1966 skreiv trøndertrubaduren Otto Nielsen visa «He is dead, but he won’t lie down», der han tok for seg brune tendensar i ei rekke land og hamra inn bodskapen om at nazismen og fascismen ikkje døydde for godt i 1945. Seinare oppdaterte han visa i 1976 og -82.
Året etter at visa blei til, besøkte eg for første gong Jugoslavia, eitt av dei landa som leid aller mest under andre verdskrig. Mange monument og minneparkar fortalte om hendingar i ulveåra 1941–45. Eg tenkte at dersom nokon skulle vere grundig vaksinerte mot nazisme og fascisme, måtte det vere folk i Jugoslavia. Eg hadde høyrt litt om fasciststyre i Kroatia under krigen, men var ukjent med at Ustasja-organisasjonen ikkje døydde og gjekk i grava saman med Fristaten Kroatia i 1945.
Advertisement
Mange Ustasja-folk kom seg unna etter krigen, derunder leiaren Ante Pavelić. Etter kvart blei det etablert Ustasja-einingar i ei rekke land under namn som Den kroatiske frigjeringsrørsla eller Kroatias væpna styrkar. Fienden nå var den føderale folkerepublikken Jugoslavia. Frå starten av 1960-talet gjennomførte Ustasja valdelege – til dels dødelege – åtak mot jugoslaviske mål; konsulat, ambassadar, kulturinstitusjonar og enkeltborgarar.
120 JUGOLAND
I fredelege Norden blei vi kjent med Ustasja-terror i 1971, da både det jugoslaviske konsulatet i Göteborg og ambassaden i Stockholm blei ramma. Ambassadøren blei drepen og ein funksjonær alvorleg såra. I 1983 gjekk Ustasja-alarmen i Noreg. Daverande Dagblad-redaktør Jahn Otto Johansen og familien hans fekk politivern. Etterretningstenesta hadde fanga opp informasjon om at Ustasja planla aksjon mot den profilerte mediemannen, som gjennom mange år hadde publisert avslørande artiklar og kringkastingsinnslag om Ustasja.1
La oss så gjere eit hopp fram mot vår tid: Den 31. juli 2016 var det stor stas i den kroatiske landsbyen Drage ved kysten av Adriaterhavet. Eit monument over ein kar med namn Miro Barešić (1950–1991) blei avduka. Mange prominente personar var på plass; derunder statsrådar, medlemmer av nasjonalforsamlinga, høgtståande offiserar og ein biskop. I forsamlinga fanst det også menn med Ustasja-symbol. I talen til statsråden for veteransaker blei Barešić omtalt som «ein av dei største kroatiske patriotane» og eit «symbol på kampen for fridom».2 Kven var så denne Barešić, som posthumt fekk så mange fine ord i heimstaden ved turistkysten? Han var hovudmannen i den væpna aksjonen mot Jugoslavias ambassade i Stockholm i 1971. Da Barešić måtte overgi seg til det svenske politiet, ropte han: «Lenge leve den frie staten Kroatia, lenge leve Ante Pavelić!» I Sverige blei han dømt til fengsel på livstid for mord, seinare vart straffa omgjort til 18 år. Men alt i 1972 var han på frifot, lauslaten etter krav frå Ustasja-aktivistar, som hadde kapra eit fly i Malmö. Han kom seg til Sør-Amerika, men blei gripen att i 1980 og utlevert til Sverige for fullføring av soninga. Da Jugoslavia gjekk i oppløysing på 1990-talet, kom Barešić til Kroatia for å delta i krigen mot den føderale jugoslaviske hæren. Han mista livet nær heimstaden i juli 1991. Av omsyn til den kroatiske kampmoralen heldt styresmaktene dødsfallet løynt i over eitt år.
KRISTIAN HAGESTAD 121
Høg stemning ved avduking av bautaen for Ustasja-fascisten Miro Barešić 2016. (Foto: Dino Stanin/PIXSELL)
Hyllinga av Barešić illustrerer at Ustasja-idéane langt frå er døde i EU-landet Kroatia. Den kroatiske nasjonen har aldri tatt noko oppgjer med Ustasja-fortida. Tvert om finst det mange eksempel på at dei fascistiske brottsverka blir forteia, omskrivne eller bagatelliserte. Eitt døme er at kapittelet om konsentrasjonsleiren Jasenovac i kroatisk Wikipedia blei revidert i 2018, bl.a. med endring av ordet «dødsleir» til «arbeidsleir».3
Daverande kulturminister Zlatko Hasanbegović, som var til stades ved avdukinga av Barešić-monumentet, skreiv på 1990-talet fleire
122 JUGOLAND
artiklar med hylling av Ustasja-folk som heltar og martyrar. Som minister støtta han ein film med namnet «Sanninga om Jasenovac», som bagatelliserer omfanget av dei groteske overgrepa og drapa i dødsleiren.4 Direktør ved senteret etter Simon Wiesenthal bad i 2016 den kroatiske regjeringa gi Hasanbegović avskjed og minte om at Ustasja-folka var kriminelle element, ikkje heltar. Det er ikkje einaste gongen Wiesenthal-senteret har kritisert Kroatia. I 2014 protesterte det mot at ei katolsk kyrkje i hovudstaden Zagreb heldt minnemesse for Ante Pavelić på 55-årsdagen for dødsfallet hans, ei messe som samla fleire hundre menneske.5 I 2019 blei den kroatiske Europaparlament-representanten Ruža Tomašić kritisert for Ustasja-sympatiar. Ho har ikkje beklaga at ho på 1980-talet let seg fotografere i Ustasja-uniform. I dikt har ho hylla Ustasja og Ante Pavelić.6 Nazijegeren Efraim Zuroff kritiserte i 2018 den kroatiske presidenten Kolinda Grabar-Kitarović, fordi ho ved eit besøk i Argentina hadde takka landet for at det etter andre verdskrig opna dørene for nazianklaga kroatar.7
Over tretti gater i Kroatia har eller hadde inntil nyleg namn etter personar knytte til Ustasja-staten NDH. Fleire av desse fekk sine namn på 1990-talet. Gater som i Jugoslavia-epoken var oppkalla etter partisanar eller andre antifascistar, blei da døypte om.8
Rehabiliteringa av Aloysius Stepinac (1898–1960), erkebiskopen i Zagreb som gav støtte til Ustasja-styret under krigen, kan også tolkast som symptom på at fascistisk tankegods lever. I 2016 blei landssvikdommen mot Stepinac frå 1946 oppheva av ein kroatisk domstol. Det blei lenge også arbeida for at erkebiskopen skulle bli helgenerklært. Pave Frans stoppa i 2016 kanoniseringsprosessen etter påtrykk frå bl.a. den serbisk-ortodokse patriarken. Kort etter – i den ortodokse påska – oppstod det på mystisk vis brannar i fire ortodokse kyrkjer på tre ulike kontinent, bl.a. i den serbisk-ortodokse St. Sava-katedralen i New York.
KRISTIAN HAGESTAD 123
Både ved politiske demonstrasjonar, offentlege arrangement og i private samanhengar kan emblem, slagord og songar frå Ustasja-tida dukke opp. Dette skjedde bl.a. under feiringa av Kroatias sølvmedalje i fotball-VM i 2018.9 Ustasja-helsinga «Za dom spremni – beredt for fedrelandet» er framleis i bruk. I Fristaten Kroatia blei dette uttrykket brukt på tilsvarande vis som «Sieg Heil» hos tyskarane og «Heil og sæl» hos norske nazistar. I 2016 dukka denne Ustasja-helsinga opp på eit skilt i byen Jasenovac, nær staden for Ustasjas utryddingsleir.10 Den kroatiske ombodspersonen Lora Vidović åtvara i 2018 mot ei Ustasja-vennleg utvikling i landet. Ifølge henne tonar media og politikarar ned dei fascistiske brottsverka under andre verdskrigen, samtidig som Ustasja-symbol er blitt meir synlege i samfunnet.11 Den nye presidenten frå 2020, sosialdemokraten Zoran Milanović, er eit lyspunkt. Han har nekta å stille opp på arrangement der personar med Ustasja-emblem er til stades.12
Stundom tar eg fram den gamle 45-plata av vinyl frå 1966 og lyttar til Otto Nielsens klare bodskap: «Det er på tide at han hvile får.» Dersom Nielsen i dag hadde kunna oppdatere visa enda ein gong, burde han kanskje ha fletta inn nokre strofer om fascismen i Kroatia?
1. Johansen J O. Ustasja. Oslo: Cappelen, 1984. 2. Croatian cabinet minister praises Ustasha terrorist.
Beta News Agency, 01.08.2016. 3. Croatian Wikipedia – Jasenovac is a “collection camp”. Tanjug
News Agency , 31.08.2018. 4. Croatian minister in another Ustasha-related scandal. www.b92.net/eng , 02.08.2016. 5. Church in Croatia slammed by Simon Wiesenthal Center. Tanjug
News Agency , 30. 12.2016. 6. Vladisavljevic A. Croatian MEP Condemned for ‘Repulsive’ Ustasa Sympathies. Balkan Insight, 05.06.2019. 7. Vennes til ekstreme. NTB-melding, gjengitt i Klassekampen, 09.04.2018. 8. Vladisavljevic A. Croatian Street Names Still Bear
124 JUGOLAND
Names of WWII Fascists. Balkan Insight, 09.04.2021. 9. World Cup: Fascist songs in celebration of Croation footballteam.
Beta News Agency, 18.07.2018. 10. Fascist slogan near death camp site – “nothing contentious”. Tanjug News Agency, 05.12.2016. 11. Vladisavljevic A. WWII Fascist Symbols ‘Widespread’ in Croatia: Ombudsperson. Balkan Insight, 21.11.2018. 12. Vladisavljevic A. Croatian President Snubs Military
Commemoration over Fascist Insignia. Balkan Insight, 22.01.2021.
KRISTIAN HAGESTAD 125
126 JUGOLAND
Montenegro
Landet med dei mørke fjella. (Foto: Pixabay)
KRISTIAN HAGESTAD 127