![](https://assets.isu.pub/document-structure/210915064705-53f80b655ce376c189893ca9a94c5018/v1/630d30cba60c9197b0183181fcd95b62.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
5 minute read
Montenegros sterke mann – ringrev med tvilsamt rykte
Milo Đukanović (1962–) har sidan starten av 1990-talet prega politikk og samfunnsliv i Montenegro meir enn nokon annan person. Med sitt vesen, sin oppførsel og sine 198 cm på strømpeleisten passar han perfekt inn i tradisjonelle førestillingar om den stolte, viljesterke og høgreiste montenegrinaren. Dessverre er namnet hans ikkje berre knytt til politisk leiarskap, men også til utnytting av politiske posisjonar til økonomisk vinning og til samverke mellom organisert kriminalitet og politikk. Sytten år gammal starta Đukanović sin politiske karriere i Montenegros kommunistparti, der han snart skilte seg ut med sin tøffe og målbevisste stil. På siste del av 1980-talet gjorde ein trio med han og to andre framstormande partifellar opprør mot eldre partikadrar og overtok leiinga av kommunistpartiet. Etter det første frie valet i Montenegro, der partiet fekk reint fleirtal, blei han på sin 29-årsdag i februar 1991 utpeikt som statsminister. Seinare har han – med tre korte avbrekk – vore anten statsminister eller president. Den (hittil) siste fireårsperioden som president starta i 2018. Frå 1998 har han også vore leiar av Montenegros demokratiske sosialistparti (DPS) – arvtakaren etter kommunistpartiet – som heile tida har halde posisjonen som det største partiet i landet. Da han kom til makta, var Đukanović ein lojal støttespelar for Serbias president Milošević. Han slutta opp om krigføringa til serbarane i Kroatia 1991–92 og under borgarkrigen i Bosnia-Hercegovina
KRISTIAN HAGESTAD 135
Advertisement
frå 1992. Mot slutten av 1990-talet markerte han i aukande grad avstand til den serbiske presidenten, bl.a. talte han albanarane si sak under konflikten i Kosovo. Han utvikla seg i montenegrinsknasjonalistisk retning, gjekk inn for avvikling av unionen med Serbia og fullt sjølvstyre for Montenegro. Etter at sjølvstende var oppnådd i 2006, vendte Đukanović seg mot Vest-Europa, EU og NATO. Medlemskap i EU er framleis berre ein ønskedraum, korrupsjon og andre lyssky aktivitetar i Montenegro hindrar framgang i forhandlingane. Like før landet skulle takast opp i NATO, fekk den stolte montenegrinaren eit tøft førstemøte med storebror i alliansen under NATO-toppmøtet i mai 2017. Framfor surrande kamera blei Đukanović resolutt dytta til sides av USAs president Trump.
Montenegro er eit fattig land, men den fremste politiske leiaren er ein mann med solid privatøkonomi. Da avisa The Independent i 2011 kåra dei rikaste statsleiarane i verda, blei Đukanović nummer tjue på lista. I ein kommentar blei han karakterisert som «mystisk velståande».1 Andre familiemedlemmer har også romsleg økonomi. Ifølge ein rapport publisert i 2009 hadde broren Aleksandar ein formue på minst 167 millionar dollar, søstera Ana var god for meir enn 3,5 millionar, medan sonen Blažo – den gong student – tok inn 15000 dollar i leigeinntekter kvar månad.2
På 1990-talet blei det gjennomført ei omfattande privatisering av statleg verksemd og eigedom. Det er hevda at Đukanović – som fleire andre regjeringsmedlemmer – den gongen sikra seg store utbytte; pengar som seinare har vore brukte til oppkjøp og andre investeringar. Han er kritisert for dobbeltroller som politikar og finansmann, bl.a. i samband med sal av ein bank i heimbyen Nikšić.2
Det er solide haldepunkt for at Đukanović i perioden 1994–2000 var djupt involvert i omfattande sigarettsmugling med motorbåtar frå dei montenegrinske hamnebyane Kotor og Bar. Verksemda
136 JUGOLAND
Milo Đukanović drar gjerne på besøk til vestlege land, her i Berlin 2019. (Foto: Britta Pedersen / dpa-Zentralbild / dpa / Alamy Live News)
skjedde i nært samarbeid med italiensk mafia. Rundt tusenårsskiftet skal den illegale handelen ha hatt ein årleg verdi på fleire milliardar dollar. Saka blei behandla i italiensk rettsvesen gjennom mange år frå 2001. Đukanović var i avhøyr i Italia i 2008. Ifølge aktor vart han verna mot tiltale av parlamentarisk immunitet.3
I 2019 publiserte nettmediet Balkan Insight – etter omfattande journalistisk gravearbeid – ein artikkel om sigarettsmugling frå Montenegro også i perioden 2014–19. Sigarettar som var produ-
KRISTIAN HAGESTAD 137
serte på Balkan, blei frakta med fiskebåtar frå frihamna i Bar med kurs for marknaden i EU. Profitten av verksemda vart anslått til 52 millionar euro, det resulterande skattetapet i EU til 153 millionar. Đukanović er ikkje nemnt i artikkelen, men høgst sannsynleg må han i det minste ha kjent til smuglaraktiviteten.4 I 2015 blei Đukanović kåra til «Årets namn innan organisert kriminalitet og korrupsjon». Bak kåringa står ei internasjonal samanslutning av institusjonar, media og journalistar, som kallar seg Organized Crime and Corruption Reporting Project (OCCRP).5 Grunngivinga var samla i ti punkt, som bl.a. omfatta følgande forhold: • Bruk av ei øy, finansiert av familiebanken, til vidare smuglingsaktivitet etter at samarbeidet med den italienske mafiaen var slutt • Montenegro som trygg hamn for sentrale figurar i organisert kriminalitet • Familieovertaking av ein statsbank, da den blei privatisert, og bruk av denne til kvitvasking av pengar • Sal av omfattande kystområde til tvilsame personar og selskap • Svære tap på statsgarantiar til private selskap • Bakvasking av kritiske journalistar og aktivistar
Det siste punktet på lista til OCCRP er same året utdjupa i ein rapport frå Human Rights Watch. Den omtaler bl.a. 20 tilfelle av åtak og trakassering mot journalistar i perioden 2010–14. Hendingane omfattar eksplosjonar, bilbomber, dødstruslar, søksmål og verbale åtak i statskontrollerte organ.6 Anten Đukanović har hatt posisjon som statsminister, president eller «berre» som partileiar i DPS, har han sidan 1991 påverka styre og stell i landet på avgjerande vis. Kritiske røyster har karakterisert Montenegro både som eit autokrati (éin-person-styre) og eit kleptokrati (tjuv-styre). I ein rapport frå Freedom House i 2020 blei
138 JUGOLAND
landet – for første gong sidan 2003 – omtala som eit land med hybrid regime; staten har formelle demokratiske organ, men så sterke autoritære trekk at det ikkje er tale om eit fullverdig demokrati.7
Da DPS mot slutten av 2020 miste regjeringsmakta til ein brei opposisjonskoalisjon, hadde Đukanović framleis tre år att av presidentperioden. Det innebar makt til å utøve politisk obstruksjon gjennom å stanse eller forseinke iverksetting av parlamentsvedtak. Han kan bruke posisjonen til å kjempe for at både partiet og han sjølv skal kunne komme sterkt tilbake; i første omgang ved lokale val og deretter ved presidentvalet i 2023.
1. Usborne D. Rich and Powerful: Obama and the global super-elite. The Independent, 23.10.2011. 2. Đukanović’s Montenegro a Family Business. CIN (Center for Investigative Reporting), 01.06.2009. 3. Barlovac B. Book: Djukanovic Used Immunity in Cigarette Smuggling. Balkan Insight, 11.01.2011. 4. Prebreza V, Vesovic M, Otasevic V, Chougui N,
Marzouk L, Angelovski I, Cosic J, ElShamy A. Cigarette Smugglers – Safe Harbour in Montenegro. Balkan
Insight, 30.05.2019. 5. Milo Djukanovic 2015 Person of the Year in organized
Crime and Corruption. Nettadresse: Milo Djukanovic –
OCCRP 6. A Difficult Profession – Media Freedom Under Attack in the Western Balkans. USA: Human Rights Watch, 2015: s. 24–28, 39–40, 48–49, 58–59. 7. Nations in Transit 2020. Washington DC: Freedom
House, 2020: s. 3.
KRISTIAN HAGESTAD 139
140 JUGOLAND
Nord-Makedonia
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210915064705-53f80b655ce376c189893ca9a94c5018/v1/484ea94da3a18b774ff35b7e9e4422cc.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Det nord-makedonske sol-flagget over festninga Kale i Skopjes gamleby.
KRISTIAN HAGESTAD 141