8 minute read

Den siste delrepublikken som gjekk ut av Jugoslavia

Mini-staten Montenegro var den minste delrepublikken i Jugoslavia. Den utgjorde om lag tre prosent både når det gjaldt folketal og areal. Namnet har veneziansk-italiensk opphav. På eige språk heiter det Crna Gora. Begge namna betyr «svart fjell». Det seier noko om det storslagne montenegrinske landskapet. På sitt vesle område vekslar det mellom smal kystline, bratte åssider, djupe dalar, juv og mektige fjell med høgde over 2500 m.o.h.

Befolkninga er like samansett som landskapet. Ved folketeljinga i 2011 var fordelinga mellom dei fire største gruppene slik: 45 prosent blei registrerte som montenegrinarar, 29 prosent som serbarar, 12 prosent som bosniakar eller muslimar, fem prosent som albanarar. Både serbisk, montenegrinsk, albansk, bosnisk og kroatisk er offisielle språk. I 2003 snakka fleirtalet ein serbisk dialekt. Berre ein firedel talte montenegrinsk, eit språk som ikkje skil seg mykje frå serbisk, men som styresmaktene har prøvd å fremje bruken av. Det religiøse landskapet er også samansett. Om lag tre firedelar av befolkninga er registrerte som ortodokse kristne, knapt ein femdel som muslimar. Dei fleste ortodokse høyrer til den serbiskortodokse kyrkja, medan ei konkurrerande montenegrinsk-ortodoks kyrkje har oppslutning frå ein tredel. Det finst også ein romersk-katolsk minoritet.

Advertisement

128 JUGOLAND

Innbyggartalet har på 2000-talet halde seg stabilt litt over 620000. Montenegro har så langt unngått slik reduksjon i folketal og forgubbing av befolkninga, som har prega nabolanda, men tilsvarande utvikling ser ut til å innhente det vesle fjell-landet. Fødselstala har falle, og utvandringa til Vest-Europa har auka. Prognosane seier at befolkninga i 2050 vil utgjere om lag 580000. Internt skjer det avfolking i nord; mange derfrå har flytta til hovudstaden Podgorica eller dei meir velståande områda ved kysten, andre har emigrert.1 Dei økonomiske skilnadene i samfunnet er svære. I 2019 fanst det 66 mangemillionærar i landet, samstundes levde ein firedel av befolkninga under fattigdomsgrensa (på kr 23300 årleg).2

FRÅ MELLOMALDERRIKE TIL JUGOSLAVISK DELREPUBLIKK TIL SJØLVSTENDIG STAT Historisk sett har Montenegro lange og stolte tradisjonar. Gjennom mange hundreår var innbyggarane kjende som eit fridomselskande folkeferd med stor ærekjensle og djerve krigarar. Frå 1356 til 1918 eksisterte det ei form for uavhengig montenegrinsk stat; men landområdet varierte i omfang. Det ottomanske riket, som elles herska over denne delen av Balkan frå 1400-talet, fekk aldri full kontroll over fjellstroka i Montenegro.

Gjennom hundreåra levde montenegrinarar og serbarar om kvarandre. Grensa mellom dei to gruppene var glidande. Ofte kjempa dei saman mot tyrkarane. Fyrsten Petar II Petrović-Njegoš i Montenegro (regjeringstid 1830–51), som også var diktar, såg på seg sjølv som både serbar og montenegrinar. Serbarane held han framleis som nasjonaldiktar.3,4 Det må leggast til at tilhøvet mellom dei to gruppene ikkje alltid har vore like harmonisk. Framleis er det spenning mellom nasjonalistisk montenegrinsk separatisme og serbiskvennlege haldningar.

«Den første Balkan-krigen» 1912–13, starta da Montenegro gjekk

KRISTIAN HAGESTAD 129

til krig mot Tyrkia og fekk følge av Serbia, Bulgaria og Hellas. Utfallet var at tyrkarane miste nesten heile sitt europeiske territorium. Under første verdskrig kjempa Montenegro saman med Serbia mot Austerrike-Ungarn. Etter verdskrigen blei det valt ei nasjonalforsamling for å avgjere framtida til Montenegro. Resultatet blei at landet saman med Serbia gjekk inn i det nye sørslaviske kongeriket av serbarar, kroatar og slovenarar som frå 1929 fekk namnet Jugoslavia.

Under andre verdskrig var Montenegro frå 1941 okkupert av Italia, frå 1943 av Tyskland. I juli 1941 gjorde partisanane opprør, og mesteparten av landområdet blei frigjort. Etter ein månad var oppstanden slått ned gjennom massiv italiensk offensiv, men partisanane heldt fram med aktiv geriljaverksemd inntil frigjeringa.

Etter krigen blei Montenegro skilt ut frå Serbia som eigen delrepublikk i den føderale sosialistiske republikken Jugoslavia. Landet blei modernisert, stimulert av økonomiske overføringar frå sentralt nivå. Det blei bygd jernbane frå den serbiske hovudstaden Beograd til den montenegrinske hamnebyen Bar, og turistnæring langs kysten blei utvikla.

Det første frie parlamentsvalet i Montenegro blei gjennomført i desember 1990. Resultatet blei braksiger til kommunistpartiet, som fekk reint fleirtal. Partiet, som året etter skifta namn til Det demokratiske sosialistpartiet (DPS), har sidan dominert styre og stell fram til 2020.

Montenegro stod litt på sidelina under mykje av krigføringa knytt til oppløysing av Jugoslavia på 1990-talet, men økonomien blei hardt ramma av internasjonale sanksjonar mot «rest-Jugoslavia». Bortsett frå avgrensa NATO-bombing av militære anlegg i 1999, var det ikkje krigshandlingar på montenegrinsk jord. Det betyr ikkje at landet sat som fredeleg, passiv tilskodar til krigane. Styrkar frå Montenegro leia åtaket mot den kroatiske byen Dubrovnik og

130 JUGOLAND

deltok på serbisk side under krigen i Bosnia-Hercegovina.4 Under konflikten i Kosovo sist på 1990-talet, var enkeltpersonar frå Montenegro med som friviljuge på serbisk side.

Borgarkrigen i Bosnia-Hercegovina fekk ringverknader i Montenegro. Forsyningar av våpen, drivstoff og anna materiell til dei bosnisk-serbiske styrkane kom inn frå montenegrinsk side av grensa.5,6 I Montenegro skjedde det overgrep og drap på personar frå den muslimske og den kroatiske minoriteten.7 I kystbyen Herceg Novi blei minst 66 bosniakske flyktningar i 1992 arresterte og returnerte til serbiskkontrollert område i Bosnia, der dei fleste blei drepne. Ni politifolk som var involverte i desse hendingane, blei seinare rettsleg tiltalte, men frikjente, trass i at retten karakteriserte både arrestasjonen og deporteringa som ulovleg.8

Det har falle dom i åtte saker om krigsforbrytingar på 1990talet. Alle dei domfelte er frå fotfolket, ingen overordna er stilte for retten. Politikarar som var aktive i kulissane, er ikkje rørde. Viktige arkiv frå perioden er ikkje opna for innsyn. Både EU, USA og Amnesty International har pressa på for å få fleire saker til retten. Det har ikkje skjedd, sjølv om riksadvokaten har sagt at området er prioritert.9 Derimot opna parlamentet i Montenegro i 2020 eit dokumentasjonssenter om krigsforbrytingar i 1990-åra.10

Da Jugoslavia gjekk i oppløysing, stod Serbia og Montenegro att som «rest-Jugoslavia». Ved folkeavstemming i 1992 var det fleirtal for at Montenegro framleis skulle vere knytt til Serbia, i det som nå blei kalla den føderale republikken Jugoslavia. Frå slutten av 1990-talet distanserte politiske leiarar seg meir frå Serbia og politikken til president Milošević. Særleg var det misnøye med den økonomiske utviklinga. Eitt utslag av dette var at Montenegro i 1998 innførte tyske mark som valuta. Da marken forsvann i 2002, gjekk landet over til euro.

Frå 2003 blei namnet på føderasjonen endra til Serbia og Monte-

KRISTIAN HAGESTAD 131

negro. Forholdet mellom dei to landa blei nå omtalt som ein koføderasjon, ein lauseleg union av elles suverene statar. Men dette var ikkje nok for nasjonalistiske borgarar i Montenegro. I 2006 blei det halde ny folkeavstemming om framtida for landet. Oppslutninga var på 86 prosent, og resultatet blei at 55,4 prosent stemte for sjølvstende. Det var så vidt over femtifem-prosent-grensa som var fastsett som vilkår for lausriving. Kort etter erklærte Montenegro seg sjølvstendig.

Tradisjonelt har Montenegro hatt nært forhold ikkje berre til Serbia, men også til Russland. Etter at landet blei sjølvstendig, vendte det seg mot vest-Europa. I 2008 søkte Montenegro om medlemskap i EU, forhandlingar starta i 2012, men prosessen vidare har gått tregt. Vegen til NATO blei enklare, men søknaden om medlemskap i den vestlege militæralliansen provoserte Russland og Serbia. Hausten 2016 gjekk det rykte om at serbiske og russiske nasjonalistar hadde prøvd å gjere statskupp, avsette regjeringa og drepe statsministeren for å hindre NATO-medlemskap. Fleire personar blei arresterte, og ein tidlegare CIA-agent (!) vart etterlyst.11 Året etter blei Montenegro tatt opp som medlem nummer 29 i NATO.

I 2019 vedtok parlamentet ny religionslov. Den innebar at religiøse organisasjonar måtte dokumentere at all eigedom var komme dei i hende før 1918, elles ville den bli overtatt av staten. Dette blei oppfatta som ei krigserklæring mot den serbisk-ortodokse kyrkja, som eig store landområde og rundt 700 bygningar. Mykje av dette har den hatt i hundrevis av år, og det finst lite skriftleg dokumentasjon på eigedomstilhøva. Loven utløyste protestar med store og gjentatte demonstrasjonar, ikkje berre i Montenegro, men også i Serbia.12,13

Valkampen før parlamentsvalet i august 2020 blei tøff. Sosialistpartiet DPS med sine allierte stod «mot røkla». Opposisjonen hadde klart å samle alt frå konservative proserbiske til liberale provestle-

132 JUGOLAND

ge parti. Religionsloven, handtering av covid-19-pandemien og korrupsjon var sentrale element i valkampen. Resultatet blei eit brott med DPS-dominansen gjennom tre tiår. Den nye regjeringa blei omtalt som eit ekspertstyre. Den fekk mange unge, velutdanna personar med lita eller inga politisk erfaring. Statsminister blei Zdravko Krivokapić (1959–) med akademisk bakgrunn som ingeniør og professor. «Eg vil at Montenegro skal likne Luxembourg om fire år,» uttalte han ambisiøst til parlamentet ved tiltredinga.14

Den nye regjeringa fekk knappast mogleg grunnlag med støtte frå 41 av 81 medlemmer i nasjonalforsamlinga. Mange var tvilande til om den brokete koalisjonen ville makte å stå saman gjennom fireårsperioden. I juni 2021 kom den første alvorlege krisa. Ein statsråd blei sparka etter å ha nekta for at det skjedde folkemord i Srebrenica. I skrivande stund er det usikkert om resultatet blir regjeringsskifte.15 Uansett utfall, det politiske livet i Montenegro blir neppe det same att etter brottet med maktmonopolet til DPS.

1. Judah T. Montenegro Cannot Count on Demographic

Bucking Trends. Balkan Insight, 05.12.2017. 2. Descamps P, Otašević A. Korrupsjon og identitetspolitikk i Montenegro. Le Monde Diplomatique, norsk utgåve, februar 2021: s. 10–13. 3. Mønnesland S. Før Jugoslavia og etter. Oslo: Sypress forlag, 2006: s. 110–17. 4. Mønnesland S. Montenegro mot uavhenighet? Focus

Europa nr. 3/2001: s. 8–9. 5. Pellnãs B. De hundra dagarna. Stockholm: Albert Bonniers Fõrlag, 1996: s 93–109. 6. Stoltenberg T, Eide K. De tusen dagene. Fredsmeklere på Balkan. Oslo: Gyldendal, 1996: s. 223–32. 7. Tumovic D. Montenegro Offers Compensation to War

Crime Victims. Balkan Insight 08.09.2017. 8. Montenegro Activists Commemorate Bosniaks’ Wartime Deportation. Balkan Insight, 25.05.2018. 9. Kajosevic S. Montenegro: Another Year Spent Ignoring the War Time Past. Balkan Insight, 30.12.2020. 10. Kajosevic S. Montenegro Parliament Opens War

Crimes Documentation Centre. Balkan Insight, 05.10.2020. 11. Montenegro etterlyser tidligere CIA-agent. NTB, 10.08.18.

KRISTIAN HAGESTAD 133

12. Djuliman E. Ny religionslov truer freden på Balkan. Vårt land, 01.02.2020: s. 34–35. 13. Kajosevic S. Church Protests in Montenegro – Key

Facts. Balkan Insight, 27.01.2020. 14. Kajosevic S. Montenegro Elects First Government

Without Djukanovic Party. Balkan Insight, 04.12.2020. 15. Golubovic V. Montenegro political briefing: The great crisis of the new government. China-CEE Institute, 28.06.2021.

134 JUGOLAND

This article is from: