5 minute read
Ung stat i nabokrangel
Da fire av delrepublikkane i Jugoslavia braut ut tidleg på 1990-talet, utløyste det militære konfliktar i tre av dei. Da den fjerde – Makedonia – erklærte seg sjølvstendig etter ei folkeavstemming i september 1991, kom det ingen krigshandlingar og lite protestar frå «rest-Jugoslavia». Derimot skulle den nye staten frå tidleg barndom møte politisk motstand frå to andre land på Balkan, i første omgang naboen Hellas i sør, seinare Bulgaria i aust.
HISTORISKE LINER Skal vi forstå litt av dei problema Nord-Makedonia har hatt med nabolanda dei siste tre tiåra, må vi ta eit lynsveip gjennom meir enn 2000 år med historie. I oldtida utgjorde Makedonia ein større region med gresk dominans. Ein av dei store heltane i gresk historie, Aleksander den store (356–323 f. Kr.), kom herifrå. I første del av mellomalderen hadde Makedonia ein sentral religiøs og kulturell posisjon i det bysantinske («aust-romerske») riket. Etter som maktforhold, landegrenser og befolkning på Balkan endra seg, gjekk ordet Makedonia i gløymeboka hos dei som budde der. I 1392 tok tyrkarane kontroll over området, som deretter forblei ein del av det ottomanske riket fram til starten av 1900-talet.1
Advertisement
I det nittande hundreåret auka motstanden mot det tyrkiske styret, og ordet Makedonia blei tatt i bruk av nasjonalistiske rørsler. Samtidig posisjonerte omkringliggande land seg for å sikre sine interesser i området. Eit opprør i 1903 med krav om makedonsk au-
142 JUGOLAND
tonomi blei brutalt slått ned av dei tyrkiske makthavarane, men få år seinare førte Balkan-krigane 1912–13 til at tyrkarane blei drivne ut. Det området som i antikken hadde utgjort Makedonia, blei delt mellom Hellas, Bulgaria og Serbia. Den serbiske parten blei dels omtalt som Sør-Serbia, dels som Makedonia, og i 1918 følgde den med Serbia inn i det nye jugoslaviske kongedømmet. Talemålet i Sør-Serbia blei sett på som ein sørleg dialekt av serbisk.
Under andre verdskrigen slutta Bulgaria seg til aksemaktene. Etter den tyske invasjonen i Jugoslavia i 1941 fekk bulgararane mesteparten av det jugoslaviske Makedonia, det italiensk-kontrollerte Albania tok resten. Da den føderale folkerepublikken Jugoslavia blei etablert etter krigen, blei «Sør-Serbia» skilt ut frå Serbia som ein eigen delrepublikk med namnet Makedonia. Makedonarane blei erklærte som ei eiga slavisk folkegruppe, og makedonsk blei etablert som offisielt språk. Over heile Jugoslavia kom det opp heroiserande minnesmerke om fridomskampen under andre verdskrig; i Makedonia blei mange av desse tileigna striden mot dei bulgarske fascistane.
HELLAS OG BULGARIA – VANSKELEGE NABOAR Så kan vi hoppe fram til 1991 att: Hellas reagerte sterkt på at det nye, sjølvstendige landet kalla seg Makedonia, sjølv om dette var ei vidareføring av det namnet delrepublikken i Jugoslavia hadde hatt. Grekarane peikte på at den nordlegaste provinsen i Hellas alt hadde same namn. Dei mistenkte at nabolandet i nord hadde imperialistiske ambisjonar, eller enda verre, at dei ville ta eigarskap til gresk historie. Mistanken blei styrkt da det gamle greske symbolet Vergina-sola blei tatt inn i flagget til den nye staten. Det hjelpte ikkje så mykje at utforminga av sola i flagget blei endra i 1995, ettersom Makedonia framleis brukte Vergina-motivet i offentlege samanhengar.2 Frå 2008 fekk grekarane eit nytt irritasjonsmoment.
KRISTIAN HAGESTAD 143
Aleksander den store høgt til hest i sentrum av Skopjes nye bydel.
Da starta eit program – kalla «Skopje 2014» – med oppsetting av 40 monument i sentrum av den makedonske hovudstaden. Fleire av skulpturane framstilte makedonske heltar frå antikken, derunder Aleksander den store, mor hans Olympia og faren Philip II.3
144 JUGOLAND
Hellas sørgde for at den nye staten ikkje fekk bli med i internasjonale organisasjonar. I 1993 kom det ei kompromissløysing som opna for medlemskap i FN. Offisielt namn for det nye landet skulle vere «Den tidlegare Jugoslaviske republikken Makedonia», på engelsk forkorta til FYROM. Men Hellas blokkerte framleis for makedonsk tilknyting til EU og NATO.
Først 25 år seinare fekk Makedonia orden på forholdet til Hellas. I 2018 inngjekk statsministarane i dei to landa ein avtale om normale relasjonar. Eitt vilkår var at namnet på den nye staten skulle endrast til Nord-Makedonia. Avtalen utløyste sterke nasjonalistiske protestar og demonstrasjonar i begge landa. I Hellas blei det reist mistillitsforslag mot regjeringa, og forsvarsministeren trekte seg frå stillinga si. Avtalen blei likevel godkjent av dei to parlamenta, og i januar 2019 vart det nye namnet offisielt tatt i bruk.4 Dermed meinte nordmakedonarane, som dei nå måtte kalle seg, at dei var kvalifiserte for å takast inn i den vesteuropeiske varmen i NATO og EU. Og inntoget i NATO gjekk glatt, i mars 2020 blei landet tatt opp som medlem av forsvarsalliansen.5 Når det gjaldt EU derimot, viste det seg at Bulgaria skulle stikke kjeppar i hjula for prosessen mot medlemskap.
Tilhøvet til nabolandet i aust hadde starta godt. I 1991 var Bulgaria det første landet som anerkjente staten Makedonia. I 2017 blei det inngått ei vennskapspakt mellom dei to landa. Ein felles ekspertkommisjon blei oppretta for å avklare forholdet mellom makedonsk og bulgarsk historie. Men under overflata låg ein del sovande skrømt, som nå vakna til live. I Bulgaria er det ei utbreidd oppfatning at makedonarar ikkje er noko eiga folkegruppe, men skal kategoriserast som vest-bulgararar. Tilsvarande blir makedonsk ikkje oppfatta som eit eige språk, men som ein vest-bulgarsk dialekt med innslag av «serbismar». Makedonarar som lever i Bulgaria, blir ikkje anerkjente som minoritetsgruppe.6 Samstundes blir det hevda at bulgararar i Nord-Makedonia blir diskriminerte.
KRISTIAN HAGESTAD 145
I oktober 2019 sendte Bulgaria brev til EU-landa med tjue krav som måtte vere oppfylte før forhandlingar med Nord-Makedonia om medlemskap kunne starte. Blant dei var semje om at det ikkje finst nokon makedonsk minoritet i Bulgaria, og at makedonsk ikkje skal omtalast som eige språk. Nasjonaliteten til heltar frå den ottomanske perioden måtte avklarast; derunder måtte det bli slått fast at Goce Delčev, som leia oppstanden i 1903, var bulgarar. Vidare skulle minneplater om «bulgarske fascist-okkupantar» fjernast.7 Den bulgarske forsvarsministeren følgde seinare opp det siste punktet med trugsmål om å sende soldatar inn i nabolandet for å utføre fjerninga.8 Medio 2021 er status at Bulgaria framleis legg ned veto i EU-systemet mot start av forhandlingar om medlemskap for Nord-Makedonia.
1. Mønnesland S. Før Jugoslavia og etter. Oslo: Sypress forlag, 2006: s. 128–40. 2. Marusic SJ. Macedonians See Red Over Call to Ban
Sun. Balkan Insight, 20.03.2013. 3. Skopje staser seg opp med mektige symboler. Aftenposten, 09.11.2012. 4. Johansen PM. Mer enn et navn. Klassekampen, 02.02.2019: s. 28–29. 5. North Macedonia enters NATO after ratification by Spain.
Bulgarianmilitary.com, 19.03.2020. 6. Macedonian Human Rights Movement International.
Bulgaria’s systematic persecution of its Macedonian minority – Annual report, 09.05.2019. 7. Marusic SJ. Intellectuals Condemn Bulgaria’s ‘Unacceptable’ Demands of North Macedonia. Balkan Insight, 11.10.2019. 8. Dimitrievska V. Bulgarian defence minister threatens to send troops into North Macedonia to dismantle war memorials, bne Intellinews, 22.10.2020.
146 JUGOLAND