8 minute read
Interne utfordringar i kø
Nord-Makedonia har ei etnisk samansett befolkning. Meir enn halvparten er rett nok makedonarar, men albanarar utgjer om lag ein firedel av samla folketal og er i fleirtal i nord-vestre delar av landet. I tillegg er der mindre minoritetsgrupper som tyrkarar, romfolk og serbarar.
Motsetningar mellom albanarar og makedonarar utløyste i januar 2001 ein borgarkrigsliknande tilstand. I løpet av dei neste sju månadene slo ein albansk geriljaorganisasjon til ei rekke stader, bl.a. i landsbyar like utanfor Skopje. Hovudårsakene til oppstanden var av politisk, sosial, kulturell og etnisk karakter. Fleire har hevda at det også var spørsmål om kontroll over smuglarruter på Balkan; for varer som sigarettar, narkotika, våpen og kvinner til prostitusjon. Geriljaen kalla seg UÇK, same namn som var nytta av den albanske frigjeringshæren i Kosovo under kampen mot serbarane på 1990-talet. Menneskerettsgrupper og andre observatørar meldte om lokal etnisk utreinsking og overgrep både frå UÇK og makedonske tryggingsstyrkar. Fleire hundre menneske miste livet i løpet av konfliktperioden, kanskje meir enn tusen.1,2,3 Etter forhandlingar mellom representantar for EU, USA og fire politiske parti i landet – to makedonskdominerte og to albanske – blei det i august inngått ein avtale som gjorde slutt på krisa. Geriljaen skulle avvæpnast av ein NATO-styrke. Til gjengjeld fekk UÇK-styrkane amnesti. Grunnloven blei endra for å sikre albanarane kulturell og politisk anerkjenning og involvering i offentlege organ. I kom-
Advertisement
KRISTIAN HAGESTAD 147
munar med minst 20 prosent albanarar, skulle albansk vere sidestilt med makedonsk som offisielt språk.Andre minoritetsgrupper fekk tilsvarande språkrettar. UÇK blei omdanna til eit politisk parti, Demokratisk union for integrasjon (DUI), som etter kvart blei det største blant dei albanske partia og deltakar i koalisjonsregjering.3
Avtalen frå 2001 blei eit historisk vendepunkt. I hovudsak har den sikra stabilitet mellom dei to store folkegruppene, men fleire gonger har det vore tilspissa situasjonar som kunne ført til omfattande konfliktar. Eitt eksempel er at da fem unge makedonarar blei funne ihelskotne nær Skopje i 2012, oppstod det uro i den makedonske befolkninga. Da seks albanarar seinare blei dømde til livstidsfengsel for drapa, utløyste det store protestar frå albansk hald. Det blei hevda at drapa var ein politisk provokasjon for å skape etniske samanstøytar, og at dei dømde var uskyldige syndebukkar.4 Etter at saka var tatt opp på ny, vart éin av dei seks frifunne i 2021. Ein annan alvorleg situasjon oppstod i 2015, da politiet gjennomførte ein tungt væpna aksjon i byen Kumanovo nord i landet. Målet blei sagt å vere albanske terroristar frå Kosovo, Albania og Nord-Makedonia, som hadde planlagt åtak mot statlege bygg. Eit større våpenparti blei beslaglagt. Åtte politifolk og 14 terroristar blei drepne i aksjonen.5 Totalt 33 etniske albanarar blei seinare dømde til lange fengselsstraffar.
I 2017 tok den sosialdemokratiske makedonaren Zaran Zaev (1974–) over som statsminister for ei koalisjonsregjering som inkluderte to albanske parti. Albanaren Talat Xhaferi (1962–) fekk vervet som president for nasjonalforsamlinga. Etter valet i juli 2020 kunne Zaev igjen danne regjering, nå saman med det albanske partiet DUI. Samarbeidsavtalen fastsette bl.a. at i dei siste hundre dagane av regjeringsperioden skal landet – for første gong i historia – ha ein albansk statsminister, utpeikt av DUI.
Alle er samde om at makedonarar og albanarar er dei to store fol-
148 JUGOLAND
kegruppene i landet. Verre blir det dersom ein spør om storleik på befolkninga og om prosentfordelinga mellom dei to gruppene. Sanninga er nemleg (medio 2021) at ingen veit kva som er korrekt folketal i Nord-Makedonia. Offisielt hadde landet i 2020 ei befolkning på knapt 2,1 millionar. Det talet er galt, sannsynlegvis altfor høgt. Anslag for reelt nivå har variert mellom 1,5 og 1,8 millionar. Det offisielle sifferet tar utgangspunkt i ei folketeljing i 2002, som så er justert for seinare registrerte dødsfall, fødslar og emigrasjonar. Problemet er at det emigrasjonstalet som blir brukt, er altfor lågt; hundretusenvis har utvandra, utan at dette er offentleg registrert.6
Folketeljing er ikkje noko å spøke med. Det er eit kjenslevart tema, fordi det har å gjere med styrkeforholdet mellom dei to store folkegruppene. Begge ønsker å få sin del av befolkninga registrert med eit høgt tal. For albanarane er det viktig at prosenttalet er minst 20 i flest mogleg kommunar. Albanarar har tradisjonelt hatt høgare fødselstal enn makedonarar, men blant dei albanske er det også fleire som emigrerer til utlandet, og det er usikkert kva nettoeffekten av dei to faktorane blir. Ei folketeljing i 2011 måtte avbrytast, fordi politikarar frå begge sider blanda seg inn. Ei ny teljing var planlagt i 2020, men blei utsett til 2021.6
Under epoken som delrepublikk i Jugoslavia var Makedonia den fattigaste partnaren i føderasjonen. Både uvissa om EU-medlemskap og den demografiske utviklinga bidrar til at økonomien framleis er svak. Landet er eitt av dei fattigaste i Europa. Arbeidsløysa er høg, godt over 20 prosent.7 Blant dei som har jobb, er gjennomsnittsløna låg. I 2019 utgjorde den 413 euro per månad, det lågaste nivået på Vest-Balkan. Regjeringa har som målsetting at gjennomsnittet skal komme opp til 500 euro i løpet av funksjonsperioden. Ifølge samanslutninga av fagforeiningar i landet vil også eit slikt nivå ligge under basisbehovet til ein familie med fire personar, som er anslått til 531 euro.8
KRISTIAN HAGESTAD 149
Turisme har hatt stor og aukande betydning for sysselsetting og økonomi. Talet på utanlandske turistar var i 2019 over trekvart million, ein auke på nesten 60 prosent frå 2015. Dei to mest besøkte delane av landet er hovudstaden Skopje og området ved Ohrid-sjøen inntil grensa mot Albania. Koronapandemien ramma næringa brutalt. Talet på utanlandske turistar i september 2020 var 92 prosent lågare enn i same månad året før.9
Eit anna forhold som kan truge turismen, er at dette landet med så vakre naturområde også har store miljøutfordringar. På ei liste med resultat i 2020 frå 87 målestasjonar for luftkvalitet i 36 europeiske land kom den nord-makedonske byen Tetovo dårlegast ut. Skopje blei nummer fire på verstinglista.10 Utslepp frå trafikk, fyring og søppelbrenning er oppgitt som årsaker til problema. Det er målt nivå av skadelege luftpartiklar opptil elleve gonger anbefalte grenseverdiar. Det er anslått at 3000 personar årleg dør på grunn av forureina luft.11 I 2020 blei det lagt ned forbod mot sport og andre aktivitetar utandørs på dagar med høgt nivå av luftforureining. Regjeringa anbefalte også arbeidsgivarar å la gravide kvinner og personar over 60 år få fri frå arbeid slike dagar.11,12
Det er ikkje berre turistar som har strøymt til Nord-Makedonia. Under si korte levetid har det fattige landet to gonger måtta handtere storinvasjon av flyktningar. Den første bølga bestod av albanarar frå Kosovo, som kom i mengder over grensa under NATOs bombekrig mot rest-Jugoslavia frå mars 1999. Ifølge ein medisinsk rapport kom det nesten 350000 menneske i løpet av dei første ni vekene. Situasjonen var kaotisk. Meir enn 100000 flyktningar blei plasserte hos vertsfamiliar, omtrent like mange kom til leirar, og ca. 100 000 reiste vidare til andre land. Dei aller fleste flyktningane drog raskt tilbake til Kosovo da krigen var over. Allereie i juni–juli 1999 returnerte meir enn 220000.13 I 2015 – det store flyktningåret i nyare europeisk historie – gjekk
150 JUGOLAND
ei migrasjonsrute til Vest-Europa frå Hellas gjennom Makedonia. Meir enn 815000 flyktningar og asylsøkarar passerte landet med tog, buss eller til fots. Dei fleste kom frå Syria, Irak eller Afghanistan. Om lag ein tredel var barn. Mange var dårleg utrusta med pengar, klede og nødvendig utstyr. Ein del hadde pådratt seg sjukdom eller skadar under den lange fluktruta. Situasjonen utløyste ei solidaritetsrørsle i landet på tvers av etniske og religiøse skiljeliner. Brigadar av friviljuge stilte opp, før styresmaktene kom meir på banen og EU gav økonomisk hjelp. Det blei organisert forsyningar med vatn, mat, klede og basale hygieneprodukt. Etter kvart blei provisoriske leirar oppretta ved geografisk sentrale knutepunkt.14,15
Studentar og andre ungdommar deltok aktivt i hjelpearbeidet for flyktningar i 2015. Mange unge er utolmodige og frustrerte over situasjonen i landet. Det har ført til demonstrasjonar og protestar mot politikarar, korrupsjon, utdanningssystem og mangel på arbeidsplassar. Når landet fyller tretti år som sjølvstendig stat, ønsker dei unge seg andre framtidsutsikter enn valet mellom fattigdom og utvandring. Det store håpet for mange er at EU-medlemskap snart vil vere innan rekkevidde, og at det skal bli starten på ei lysare framtid.
1. KIahrs K. Gerilja drev etnisk rensing. Aftenposten, 08.08.2001: s. 6. 2. Axboe Nielsen C. Vi troede ikke det kunne ske her –
Jugoslaviens sammenbrud 1991–1999, København:
Kristeligt Dagblads Forlag, 2018: s. 292–93. 3. Marusic SJ. 20 Years on, Armed Conflict’s Legacy Endures in North Macedonia. Balkan Insight, 22.01.2021. 4. Marusic SJ. Clashes Erupt at North Macedonia Protest
Against Terror Verdict. Balkan Insight, 26.02.2021. 5. Macedonian ministers, head of intelligence service resign. www.b92.net/eng , 13.05.2015. 6. Judah T. Wildly wrong: North Macedonia’s population mystery. Balkan Insight, 14.05.2020. 7. Mac Donald SB. Why China and Russia are Vying for
Influence Over the Balkans. The National Interest, 07.02.2019. 8. Lowest Average Wage in Western Balkans in North
KRISTIAN HAGESTAD 151
Macedonia. Novinte.com – Sofia News Agency, 07.08.2019. 9. Tourism September 2020. Republic of Macedonia,
State Statistical Office, 2020. 10. Europe: Pollution Index by City 2020. www.numbeo. com 11. North Macedonia Announces Urgent Measures Due
To Severe Pollution. RadioFreeEurope/Radio/Liberty, 27.01.2020. 12. Report: Europe’s most polluted country is Macedonia. Euronews 26.11.2018 . 13. Donev D, Onèeva S, Gligorov I. Refugee Crisis in
Macedonia during the Kosovo Conflict in 1999. Croatian Medical Journal 2002: 43(2): s. 184–89. 14. Dérens J-A, Geslin L. Permanent politisk Krise i Makedonia. Le Monde diplomatique, norsk utgåve, mai 2016 : s. 12–13. 15. Former Yugoslav Republic of Macedonia. European
Commission – European Civil Protection and Humanitarian Aid Operations, 07.02.2018.
152 JUGOLAND
Serbia
Kveldsstemning i Beograd, sett frå elva Sava. I framgrunnen St. Michael- kyrkja, i bakgrunnen St. Sava-katedralen.
KRISTIAN HAGESTAD 153