2 minute read

Den serbisk-ortodokse kyrkja – trussamfunn og maktfaktor

Den serbisk-ortodokse kyrkja, som 88 prosent av befolkninga høyrer til i, har vore og er ein sentral institusjon i Serbia, ikkje berre for ivaretaking av åndelege behov, men også for nasjonal identitet, kultur og samfunnsoppfatning.

Under andre verdskrig tok kyrkja vel mot Titos frigjeringshær og den raude armeen, da Beograd blei erobra hausten 1944. Kommunistregimet var likevel skeptisk til kyrkja, ikkje berre som religiøs institusjon, men også som berar av serbisk nasjonalisme. Posisjonen til kyrkja blei svekka, og særleg blant dei yngre vart interessa laber.

Advertisement

På 1990-talet skjedde det noko. I ei vanskeleg tid med press frå omverda vende folk seg mot kyrkja som berar av serbisk identitet. Det å vere serbar blei nesten synonymt med å vere ortodoks. Sjølv ateistar kunne støtte kyrkja. Ordet svetosavlje blei henta fram frå dvale sidan mellomkrigstida. Det står for ei samansmelting av ortodoks kristendom, myter, serbisk nasjonalisme og skepsis til vestleg påverknad. Kyrkja er siste par–tre tiåra ikkje berre blitt meir synleg i samfunnet, ho er også blitt ein tydelegare konservativ og antiliberal politisk aktør. Det har vore sagt at Serbia har gått gjennom ei «klerikalisering» av samfunnet.1

Når eg er i Beograd, plar eg gå innom St. Michael-katedralen for ei stille stund. Nå ja, heilt stille blir det sjeldan. Eg

KRISTIAN HAGESTAD 163

er ikkje aleine. Folk i alle aldersgrupper – tydelegvis med variert sosial bakgrunn – kjem og går. Dei gjer krossteikn, tenner lys, kneler, kyssar helgenbilde og står ei stund før dei går ut. Er der messe, står folk lina opp i venting på å få komme fram til presten, kysse handa hans og få den heilage brødbiten.

Eitt resultat av den serbiske «nyreligiøsiteten» er fullføringa av St. Sava-katedralen i 2020, heile 85 år etter grunnsteinsnedlegginga. Byggearbeidet blei stansa under andre verdskrig og vart ikkje tatt opp att før i 1985. Bygget, som er blitt det fremste landemerket i Beograd, dekker 15000 m2 og har ein 27 meter høg kuppel med vekt på 4000 tonn. President Vučić har stolt omtalt kyrkja som «den nye Hagia Sophia» med referanse til katedralen i Konstantinopel, som nå er omgjort til moské. Den totale kostnaden for byggeprosjektet skal ha blitt 100 millionar euro. Forutan den serbiske regjeringa har russiske aktørar bidratt til finansieringa. Katedralen har namn etter Sankt Sava (1175–1236), som var den første erkebiskopen i den serbisk-ortodokse kyrkja. I 1594 skal representantar for det ottomanske riket ha brent relikviar etter helgenen på den staden der katedralen nå står.2

I november 2020 døydde patriark Irenj (1930–2020) av covid-19. Etter ti år som øvste leiar av den serbisk-ortodokse kyrkja var han kjent for å ha eit godt forhold til president Vučić. I 2019 kritiserte han dei som demonstrerte mot regjeringa og sa dei ville «styrke fiendane våre».3 Ettermann i patriarkstolen blei «ungdommen» Porfirie Perić (1961–). Også han blir sett på som ein person med sympati for regjeringa og presidenten. I desember 2020 gjekk han ut mot det han kalla ein «samordna kampanje mot republikken Serbia, presidenten, regjeringa og nesten heile det serbiske folket».4

164 JUGOLAND

Dei som arbeider for eit regimeskifte i dagens Serbia, kan neppe rekne med støtte frå kyrkjeleg hald.

1. Falina M. Svetosavlje a Case Study in the Nationalization of Religion. Schweitzerische Zeitschrift für

Religions- und Kulturgeschichte, Volum 101, 2007: s. 505–27. 2. Mladen A. More than a Church – New “Hagia Sophia” is Big Deal for Serbia. Balkan Insight, 23.10.2020. 3. Stojanovic M. Serbia Mourns Aged Patriarch’s Death from COVID-19. Balkan Insight, 21.11.2020. 4. Stojanovic M. Serbian Church Elects Patriarch Deemed

Close to President. Balkan Insight, 18.02.2021.

KRISTIAN HAGESTAD 165

This article is from: