11 minute read

Storebror

Serbia var den klart største delrepublikken i Jugoslavia, både når det gjaldt folketal og areal. Serbarane var også den største etniske gruppa, nesten dobbelt så stor som kroatane på andreplass. Av serbarane budde 75 prosent i Serbia, dei resterande i andre delrepublikkar, hovudsakleg Bosnia-Hercegovina og Kroatia. Dagens Serbia (utan Kosovo) er den største av dei eks-jugoslaviske statane og har med sine sju millionar innbyggarar ein tredel av den samla befolkninga i dei sju landa.

FRÅ STORRIKE I MELLOMALDEREN TIL STOREBROR I SØRSLAVISK KONGEDØMME Den geografiske utstrekninga til Serbia har endra seg mange gonger gjennom historia. Da serbarane vandra inn til Balkan på 600-talet, slo dei seg ned sør for Donau i område innanfor det aust-romerske riket. I mellomalderen eksisterte der eit storserbisk kongedømme i om lag to hundreår. Det var på sitt største rundt 1350, da det strekte seg frå elvene Donau og Sava i nord til store delar av Hellas i sør. Riket inkluderte også dagens Albania, Nord-Makedonia og Montenegro, samt delar av Bulgaria, Bosnia-Hercegovina og Kroatia.

Advertisement

Sist på 1300-talet banka det ekspanderande ottomanske riket på døra til serbarstaten. Ved det avgjerande slaget på Kosovo-sletta i 1389 sigra dei islamske tyrkarane over den «kristne» hæren. Frå 1459 hadde ottomanarane full kontroll over det tidlegare serbiske området, med unntak av Montenegro. Mange serbarar flykta til ungarsk territorium nord for Donau.1

154 JUGOLAND

Serbarane var blitt kristna av bysantinske misjonærar på 800talet. Bandet til den ortodokse aust-kyrkja var sterkt. I det serbiske storriket var det jamvel straffbart å gå over til romersk katolisisme. Da tyrkarane kom, dreiv dei ikkje tvangsomvending til islam, men gav fordelar til folk som konverterte. Dei fleste serbarane heldt fast på kristentrua, og kyrkja spelte ei viktig rolle for bevaring av serbisk identitet og kultur gjennom dei følgande hundreåra.

I løpet av 1800-talet vann serbarane gradvis kontroll over delar av sitt gamle territorium. Ved Berlin-kongressen i 1878 blei landet internasjonalt anerkjent som eigen stat. I 1882 vart kongedømmet Serbia oppretta. Under Balkan-krigane 1912–13 blei Serbia utvida mot sør med ein del av Makedonia og ikkje minst Kosovo, «vogga til den serbiske nasjonen».

Nabolandet Austerrike hadde sidan 1699 hatt elvene Donau og Sava som grense mot det ottomanske riket, frå 1800-talet mot serbarane. Skiljet melom dei to rika gjekk dermed heilt inntil den serbiske hovudstaden Beograd. Ei anna fellesgrense kom til etter at Austerrike-Ungarn i 1878 gjekk inn i Bosnia-Hercegovina og seinare annekterte landet. Austerrikarane, som var skeptiske både til Serbias nære kontakt med Russland og til aukande oppslutning kring idéen om samling av sørslaviske nasjonar, var på leit etter eit høve til militært oppgjer med Serbia. Mordet på erkehertug Franz Ferdinand og kona Sophie i Sarajevo 28. juni 1914, utført av ein serbisk terrorist, gav dei det påskottet dei trengte. Ein månad seinare gjekk Austerrike-Ungarn til krig mot Serbia. Den første verdskrigen var i gang.2 Ingen andre land hadde så store tap under krigen som Serbia. Befolkninga blei kraftig redusert, ikkje berre på grunn av krigshandlingar. I tillegg kom sjukdom, hunger, reduserte fødselstal og emigrasjon. Anslag for reduksjon av folketalet varierer sterkt.3 Truleg ligg talet omkring 25 prosent.

Den sørslaviske samlinga som austerrikarane hadde frykta, blei

KRISTIAN HAGESTAD 155

paradoksalt nok framskynda av den verdskrigen dei utløyste. Etter krigen blei det nye kongedømmet av serbarar, kroatar og slovenarar oppretta. Austerrike-Ungarn måtte i tillegg akseptere at Vojvodina-provinsen nord for Donau blei innlemma i Serbia og dermed også i det nye sørslaviske riket. Serbia fekk ein dominerande storebrorposisjon i Jugoslavia. Ein del serbarar såg den nye staten som eit steg på vegen mot atterreising av det gamle storserbiske riket.

FRÅ SPLITTA MOTSTANDSRØRSLE TIL NYNASJONALISME Under andre verdskrig var den serbiske motstandsrørsla splitta. Titos kommunistiske og multietniske partisanar møtte motstand frå serbisknasjonalistiske og kongetru tsjetnikgrupper, leia av general «Draža» Mihailović, som til tider samarbeidde med okkupantane for å ramme partisanane. Etter krigen vart Mihailović dømt til døden for landssvik. Som resultat av auka serbisk nasjonalisme har synet på Mihailović og tsjetnikane endra seg dei siste tiåra. Nå blir dei gjerne framstilte både som antifascistar på line med partisanane og som offer for kommunismen. Brottsverka deira blir ofte fornekta. Om samarbeidet med okkupantane blir det sagt at det var nødvendig for å verne den serbiske befolkninga.4 I 2015 rehabiliterte serbisk høgsterett Mihailović og oppheva dommen frå 1946. Det er reist fleire monument over han i Serbia og i den serbiske delen av Bosnia-Hercegovina.

I det kommunistiske Jugoslavia etter andre verdskrig fekk Serbia ein mindre dominerande posisjon enn kva som hadde vore tilfellet under kongedømmet i mellomkrigstida. Rettnok var Beograd framleis hovudstad, sjølv om kongedømmet var avskaffa, men rammene for føderalstaten gjekk ikkje i serbisk favør. Grensedraginga mellom delrepublikkane gjorde at fleire serbarar hamna utanfor Serbia. Makedonia og Montenegro blei skilde frå Serbia som eigne delrepublikkar. Makedonsk blei offisielt eit eige språk, ikkje ein sørserbisk

156 JUGOLAND

dialekt. Auka autonomi for dei serbiske provinsane Vojvodina og Kosovo frå 1974 reduserte makta til det «indre Serbia». For Tito var det ein bevisst politikk å hindre serbisk dominans. Han er tillagt ein replikk om at «eit svakt Serbia betyr eit sterkt Jugoslavia».5

Da nasjonalistiske stemningar blomstra opp i dei jugoslaviske delrepublikkane utover 1980-talet, var Serbia langt frå noko unntak. I 1985–86 utarbeidde ein komité i det serbiske vitskapsakademiet eit dokument kalla «Memorandum» om Serbias stilling i føderalstaten.6 Det hevda at strukturen til Jugoslavia diskriminerte serbarane, at Serbias utvikling blei undergraven av andre delrepublikkar, og at serbiske minoritetar utanfor Serbia blei undertrykte. Dokumentet fekk stor påverknad på serbisk politikk og nasjonalkjensle.

TO STERKE MENN Den politikaren som best fanga opp den nasjonalistiske melodien i tida, var Slobodan Milošević(1941–2006).Frå ein anonym posisjon blei hanleiar for kommunistpartiet i Beograd i 1984. Så gjekk det slag i slag: partileiar for Serbia frå 1986, president frå 1989. Sjølv var han kanskje ikkje nokon nasjonalist, men han spelte bevisst på nasjonalistiske strenger for å halde på maktposisjonen sin. Han fekk iscenesett serbisknasjonalistiske demonstrasjonar rundt om i Serbia og Montenegro som ein «antibyråkratisk revolusjon» med krav om utskifting av politiske motstandarar. I 1990 danna han Serbias sosialistiske parti (SPS), som tok opp i seg kommunistpartiet. Same året heldt Serbia for første gong val med fleire politiske parti. SPS fekk 43 prosent av stemmene og reint fleirtal i nasjonalforsamlinga. Milošević makta å halde på makta gjennom dei dramatiske hendingane på 1990-talet; oppløysing av Jugoslavia, borgarkrigar (Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Kosovo), internasjonal fordømming, sanksjonar og NATO-bombing. Mot tusenårsskiftet auka opposisjonen. Den ungdomsdominerte organisasjonen Otpor («mot-

KRISTIAN HAGESTAD 157

stand») arrangerte masseprotestar. Før presidentvalet i september 2000 samla opposisjonen seg i ein ueinsarta koalisjon. Plakatar og klistremerke med teksten «Gotov je – han er ferdig» florerte.

Vojislav Koštunica (1944–) vann førsterunden av valet, men forfatningsdomstolen annullerte valresultatet grunna «feil» ved gjennomføringa og sa det ville bli omval året etter. Meldinga utløyste masseprotestar i Beograd 5. oktober med ein halv million menneske frå store delar av landet. Politiet og dei militære greip i liten grad inn mot demonstrantane.7 Dagen etter erklærte Milošević sin avgang. I april året etter blei han arrestert, skulda for maktmisbruk og korrupsjon. I juni 2001 vart han utlevert til ICTY i Haag, der han døydde i 2006, før rettssaka mot han var ferdig.

Eg var innom Beograd to veker etter «oktoberrevolusjonen» mot Milošević: Samanlikna med det eg opplevde ved førre besøk eit halvt år tidlegare, var det skjedd noko. Endringa var ikkje så lett å definere eller beskrive, men atmosfæren var annleis. Alt på flyplassen fekk eg ei oppleving av at stemninga var lettare, smila sat lausare, folk var mindre reserverte, fleire ville gjerne ha kontakt.

Etter at Milošević fall, blei Koštunica president og Zoran Đinđić (1952–2003) statsminister. Dei to høyrde til to ulike parti, som begge kalla seg demokratiske; presidenten kom frå Serbias demokratiske parti (DSS), statsministeren frå det Demokratiske partiet (DS). Den politiske skilnaden mellom dei to var langt større enn det partinamna skulle tilseie. Koštunica var konservativ, meir genuint nasjonalistisk enn Milošević, skeptisk til Vesten og mistruisk til ICTY. Đinđić ønskte nærare kontakt med Vesten og medlemskap i EU, og han meinte Serbia måtte samarbeide med ICTY. Under presentasjonen av programmet sitt for parlamentet uttalte Đinđić at

158 JUGOLAND

mandatet hans ikkje var å styre, men å skape endring. Det var han som – i strid med viljen til presidenten – sørga for at Milošević blei sendt til domstolen i Haag. Den 12. mars 2003 blei Đinđić myrda midt på dagen utanfor regjeringsbygget.

Eg var i Beograd under gravferda for Đinđić 15. mars. Nær ein halv million menneske var i gatene langs ruta frå St. Sava-katedralen til gravplassen. Dagen etter oppsøkte eg mordåstaden. Eg var ikkje aleine. Under oppsyn av tungt væpna politi strøymde det til menneske med blomster, lys, bilde og handskrivne helsingar. «Han gav meg tru på at vi hadde ei framtid i Serbia», sa ei kvinne på bra engelsk medan ho heldt eit stort portrett av Đinđić inntil jeansfrakken. Ho var ein typisk representant for tilhengarane hans; dei yngre, intellektuelle og urbane. Som ein kontrast: Lenger opp i gata var det hengt opp portrett av Radovan Karadžić, den bosnisk-serbiske leiaren som den gongen var på rømmen frå ICTY. «Ein kvar serbar er ein Radovan» stod det på oppslaga, som ein protest mot kravet om utlevering. Mjuke hender i sorg over eit håp som var myrda – og ein hard murvegg med hylling av krigsforbrytaren: Ein illustrasjon av spenninga, kompleksiteten og motsetnadene i det serbiske samfunnet. For mange hadde Đinđić representert håpet, for andre var han ein lakei for Vesten.

Medlemmer av tryggingstenesta og ei kriminell gruppe blei etter kort tid arresterte for drapet på Đinđić. To personar blei drepne i skottveksling ved pågripinga, resten blei dømde til totalt 378 år i fengsel. Men politikarar og overordna personell, som må ha vore involverte i ugjerninga, er aldri blitt stilte til ansvar.8 Frå 2014 har Aleksandar Vučić (1970–) vore den sterke mannen

KRISTIAN HAGESTAD 159

Sorg i Beograd etter drapet på statsminister Zoran Đinđić 2003.

i serbisk politikk. Han kom tidleg med i det ultranasjonalistiske og sterkt høgrevridde Serbias radikale parti (SRS) og var informasjonsminister dei siste par åra av regimet til Milošević. I 2008 braut han med SRS og var med på å danne Serbias framstegsparti (SNS). I 2012 kom han inn i regjeringa som forsvars- og visestatsminister, i 2014 vart han statsminister, frå 2017 har han vore president. På forbausande kort tid har Vučić og SNS fått bukta og begge endane i serbisk politikk og samfunnsliv. Han kombinerer serbisk nasjona-

160 JUGOLAND

lisme og eit godt forhold til Russland med økonomisk liberalisme og ønske om EU-medlemskap. Han er karakterisert som både autoritær, autokratisk og illiberal, og er blitt samanlikna med president Putin i Russland. Det er talande at nettopp Putin fekk heltemottaking i Beograd, da han i 2019 kom på statsbesøk til Serbia for fjerde gong sidan 2001.9 Regimet til Vučić har sikra seg kontroll med mesteparten av massemedia. Uavhengige organ er under press. Tilliten til media er laber blant folk flest. Ei spørjeundersøking i 2020 viste at berre 20 prosent av innbyggarane trur på det dei les, høyrer og ser i offisielle media.10 Både frå opposisjonspolitikarar, menneskerettsaktivistar og medieorgan er det hevda at styresmaktene har brukt unntakstilstanden under covid-19-pandemien til å kneble kritiske røyster.11 Parlamentsvalet i juni 2020 blei boikotta av dei fleste opposisjonspartia, som meinte valet verken var fritt eller rettferdig. Koalisjonen rundt partiet til Vučić fekk nesten to tredelar av plassane i nasjonalforsamlinga, men frammøtet ved valet var under 50 prosent. I rapporten «Freedom of the World 2021» er Serbia omtalt som eit «delvis fritt land». På Balkan er ikkje landet aleine om det. Av dei sju eks-jugoslaviske statane er det berre Slovenia og Kroatia som kjem i kategorien «frie». Men Serbia skil seg ut: Det er eitt av dei landa i verda som har hatt størst fall i politiske og sivile rettar siste tiåret.12 Mange er misnøgde med regimet til Vučić. Etter presidentvalet i 2017 var det demonstrasjonar i mange byar mot påstått valfusk.13 I 2019 var der demonstrasjonar i Beograd kvar veke, i starten med titusenvis av deltakarar.14,15 Etter parlamentsvalet i 2020 blei det protestert mot at valet vart gjennomført i ein kort interimsperiode mellom strenge koronatiltak.16 Styresmaktene har dels neglisjert protestane, dels organisert motaksjonar, dels fått provokatørar til å infiltrere demonstrasjonane.17

KRISTIAN HAGESTAD 161

Eit politisk skifte i dagens Serbia vil krevje eit jordskjelv som nærmar seg revolusjonsnivået på den politiske ristingsskalaen. Første føresetnad for at det kan skje, er at den sprikande opposisjonen klarer å samle seg, slik det skjedde før fallet til Milošević i 2000.

1. Mønnesland S. Før Jugoslavia og etter. Oslo: Sypress forlag, 2006: s. 89–100. 2. MacMillan M. The War that Ended Peace – How Europe abandoned peace for the First World War. London:

Profile Books Ltd, 2014. 3. Radivojevic B, Penev G. Demographic losses of Serbia in the first World War and their long-term consequences. Economic Annals, Volume LIX, No.203 / Oktober–

Desember 2014: s. 29–54. 4. Đureinovic J. The Politics of Memory of the Second

World War in Contemporary Serbia – Collaboration,

Resistance and Retribution. London: Routledge, 2019. 5. Mønnesland S. Før Jugoslavia og etter. Oslo: Sypress forlag, 2006: s. 241. 6. http://www.trepca.net/english/2006/serbian_memorandum_1986/serbia_memorandum_1986.html 7. Opprøret I Beograd. Aftenposten 06.10.2000: s. 6. 8. 15th anniversary of Djindjic assassination marked. www.b92. net/eng , 12.03.2018. 9. Putin anklager USA for destabilisering på Balkan. NTB 16.01.2016. 10. Trust in media in Serbia lowest in Europe. N1 News, 28.10.2020. 11. Verseck K. “Corona-Diktatur” in Serbien – Die Demokratie wird eingesperrt. Der Spiegel, 28.04.2020. 12. Freedom of the World 2021. Washington DC: Freedom

House, 2021. 13. Rudic F. Serbia’s Anti-Vucic Protests: Key Facts. Balkan Insight, 12.04.2017. 14. Demonstranter inntok statlig TV-hus i Serbia. NTB, 16.03.2019. 15. Zivanovic M. Serbian Opposition at Sea on Anti-Government Protest Anniversary. Balkan Insight, 06.12.2019. 16. Vasovic M. Vucic is Paying a Price for Serbia’s Bogus

Elections. Balkan Insight, 17.07.2020. 17. Georgjev S. Vucic Rally May Have Silenced Serbia’s

Protest Movement. Balkan Insight, 24.04.2019.

162 JUGOLAND

This article is from: