6 minute read
FN-sanksjonar med destruktiv kraft
1990-talet var det store sanksjonstiåret i internasjonal politikk. FN vedtok gjentatte gonger blokade mot statar og regime som ikkje ville innfri krav frå verdssamfunnet. Det starta med tiltak mot Irak i 1990. Totalt innførte FN tretten sanksjonar før tiåret var omme, mot berre to (Sør-Afrika og
Sør-Rhodesia) i heile perioden 1945–90.1
Advertisement
Jugoslavia fekk i høg grad erfare sanksjonsiveren. Første steg var ein våpenembargo vedtatt av FNs tryggingsråd i september 1991.
Forbodet mot leveransar av våpen og anna militært utstyr gjaldt for alle delar av det tidlegare Jugoslavia. Seinare blokadevedtak var derimot einsidig retta mot «rest-Jugoslavia», Serbia og Montenegro, som frå mai 1992 vart utsett for omfattande økonomiske sanksjonar. Desse blei seinare skjerpa i november same år og i mai året etter. Blokaden ramma all vareeksport, tilnærma all import, luftfart og sjøtrafikk, tilgang til kreditt og kapital i utlandet, vitskapleg og teknisk samarbeid, samt kultur og idrett. Landet miste medlemskap i FN og tilgang til andre internasjonale organisasjonar.
Den tøffaste perioden for «rest-Jugoslavia» varte fram til 1996.
Etter avslutning av krigen i Bosnia-Hercegovina blei sanksjonane letta, men blokkering av utanlandsk kreditt gjorde det framleis vanskeleg å importere varer. I samband med NATOs krig i 1999 kom det ny skjerping av sanksjonane. Full oppheving skjedde først i
166 JUGOLAND
2001, etter at Milošević var utlevert til FNs krigsforbrytartribunal for det tidlegare Jugoslavia.
FN-sanksjonane skulle i utgangspunktet ikkje omfatte medisinsk materiell, utstyr og legemiddel. Men råstoff til eigen farmasøytisk industri blei likevel ramma av blokaden. Det same gjaldt ofte reservedelar til medisinsk utstyr. I tillegg blei lovleg import hindra både av valutamangel og av eit tungrodd byråkrati med månadslang saksbehandlingstid i FN-komiteen som overvaka sanksjonane.
I 1993 kom dei første varsko-ropa om helsemessige konsekvensar av FN-sanksjonane. I oktober det året hadde det prestisjetunge medisinske tidsskriftet British Medical Journal ein artikkel med overskrift «Collapsing health care in Serbia and Montenegro».2 Etter kvart skulle det komme fleire rapportar som utfylte og forsterka eit dystert bilde. I Noreg fekk Legeforeningens utval for menneskerettar informasjon om situasjonen gjennom sin kontakt med søsterforeiningane i dei tidlegare jugoslaviske republikkane.3,4
Kvardagen i helsevesenet i Serbia og Montenegro blei prega av mangel på det meste, derunder basale ting som såpe, desinfeksjonsmiddel, vanlege legemiddel og forbruksmateriell. Manko på drivstoff la hinder for sjukebesøk av allmennlegar og utrykking av ambulansar. Energimangel medførte bortfall av varmt vatn og iskalde helseinstitusjonar vinterstid. Pasientar som trengte ikkje-akutte kirurgiske inngrep, fekk liste over nødvendige legemiddel og materiell, som dei sjølve måtte handle inn på svartebørsen før operasjon kunne utførast. Bruk av intravenøs væske ved akuttkirurgiske senter blei strengt rasjonert. Blodbankar kunne ikkje hiv-teste blodet. Utilstrekkeleg tilgang på vaksiner medførte svikt i gjennomføringa av vaksinasjonsprogrammet for barn.
Tilhøva i helsetenesta og samfunnet elles prega helsetilstanden i befolkninga. Samanliknar ein situasjonen i 1993 med kva som var tilfellet før sanksjonsperioden, kjem det fram at total mortalitet
KRISTIAN HAGESTAD 167
(dødsrate) hadde auka med 13 prosent. For personar med diabetes var det skjedd ei dobling. Blant eldre og for psykiatriske langtidspasientar var mortaliteten fleirdobla. Førekomsten av diabetisk kaldbrann var blitt tidobla. Det kom oppblomstring av sjukdommar knytte til mangelfull hygiene, som tuberkulose og lus.5 Medan fødselstalet gjekk ned, auka prosenttalet med for tidleg fødde barn.
Angst og depressive reaksjonar auka. Det same gjaldt misbruk av alkohol og narkotika. Talet på sjølvmord og drap steig. Mangel på psykofarmaka medførte oppblomstring av symptom hos pasientar med kronisk psykisk liding og sviktande tilbod til personar med akutt psykose.5 Feilernæring var vanleg i befolkninga, og direkte underernæring ikkje uvanleg. Innhaldet av protein i kosten var redusert med meir enn 40 prosent. Talet på studentar som var anemiske («blodfattige»), blei meir enn tidobla til 37 prosent.
Legar og anna helsepersonell opplevde fagleg stagnasjon og tilbakegang. Etablerte kontaktar med utanlandske kollegaer og fagmiljø vart brotne, tilgang til fagtidsskrift og annan vitskapleg informasjon var vanskeleg, deltaking i internasjonale fagkonferansar var blokkert. Kvardagen var prega av overarbeid og misforhold mellom pasientforventningar og tilgjengelege tilbod.
Dei vidare sosiale og samfunnsmessige konsekvensane av sanksjonane var dramatiske. Produktiviteten i industrien fall med 52 prosent frå 1990 til -93. Bruttonasjonalproduktet blei redusert med 65 prosent frå 1989 til -93. Inflasjonen løp løpsk og blei den nest høgaste i noko land i moderne tid; i november 1993 nådde den 20 190 prosent. Når pensjonistar hadde fått si månadsutbetaling i dinarar, måtte dei anten straks bruke alt på nødvendige innkjøp, eller dei måtte skunde seg og veksle om til tyske mark på svartebørsen. Månadslønna for ein akademikar rakk til å kjøpe to kilo sukker og fire kilo mjøl.
Den breie middelklassen i samfunnet blei nesten borte. Det store
168 JUGOLAND
fleirtalet av befolkninga levde rundt eksistensminimum. Frå 1991 til -93 steig delen av befolkninga som levde under fattigdomsgrensa frå seks til 36 prosent. I tillegg stod neste like mange i fare for å falle under grensa.6 Mange måtte ha fleire jobbar for å overleve. Andre blei arbeidslause. Ungdom med utdanning såg inga framtid i landet, og om lag 300000 av dei emigrerte til utlandet.7
Sanksjonane skulle i teorien ramme politisk leiing og andre privilegerte grupper. Realiteten var at eliten klarte seg rimeleg bra. Hovudbyrda fall på folk flest.Aller sterkast slo blokaden til mot dei mest sårbare gruppene; barn, unge, gravide, eldre, kronisk sjuke, psykiatriske pasientar, funksjonshemma og dei mange flyktningane frå andre delar av det tidlegare Jugoslavia.7 Ein minoritet skaffa seg derimot rikdom gjennom illegal verksemd knytt til smugling, pengeveksling, kvitvasking og svartebørshandel. Til eksklusive barar og nattklubbar kom velkledde unge menn med Rolex-ur og tunge gullkjeder køyrande i sine Mercedes-bilar. Pengebruken på ein kveld kunne svare til årslønna for ein vanleg familie.3
Dersom hensikta med sanksjonane var å svekke tilliten til regimet i befolkninga, blei resultatet snarare det motsette. Styresmaktene kunne gi omverda skylda for alle indre problem. Sanksjonane blei forklaringa på alt som var galt i samfunnet. Frustrasjon og aggresjon blant folk flest blei ikkje retta vertikalt mot den politiske leiinga, men horisontalt mot omverda. Det breidde seg ein kollektiv apati knytt til oppleving av å vere offer for ein urettferdig og audmjukande internasjonal konspirasjon leia av USA og Tyskland. Slike oppfatningar gav grobotn for ekstrem nasjonalisme og antidemokratiske haldningar.6,7
I 2001 arrangerte Den norske legeforenings utval for menneskerettar eit seminar i Nobelinstituttet om helsemessige og menneskerettslege forhold ved sanksjonar, illustrert med erfaringar frå Irak og Jugoslavia.1 Det blei dokumentert at sanksjonsvåpenet sjeldan er
KRISTIAN HAGESTAD 169
eigna til å ramme regime og statsleiarar. Byrda fell på vanlege folk. Leiarskapet blir heller styrka enn svekka.6
På seminaret hadde eg innlegg om erfaringane frå Jugoslavia. Min konklusjon etter gjennomgangen av tilgjengeleg informasjon var at sanksjonane styrka oppslutninga om president Milošević og truleg forlenga det politiske livet hans. Kvelden etter seminaret fekk eg telefon frå ein journalist i ei hovudstadsavis. Ho hadde ikkje vore på møtet, men ville skrive om sanksjonseffektar i Jugoslavia, dersom det eg fortalte var spennande nok. Eg gav eit kort samandrag av helsemessige, sosiale og samfunnsmessige konsekvensar. Ho vart skuffa. Lus, tuberkulose, fattigdom, døde gamlingar, anemiske studentar og politisk ekstremisme var ikkje dramatisk nok. Kunne eg skaffe nokre høge tal for døde barn, slik det var rapportert frå Irak? Eg kunne ikkje det. Det kom ikkje noko oppslag i avisa om verknader av FN-sanksjonane mot Serbia og Montenegro.
1. Husom N. Sanksjonspolitikk er helsepolitikk. Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 7, 2001: s. 866–67. 2. Black ME. Collapsing health care in Serbia and Montenegro. British Medical Journal 30.10.1993: s. 1135–37. 3. Hoftvedt BO. Et land i krig og oppløsning. Tidsskrift for
Den norske lægeforening nr. 22, 1993: s. 2840–41. 4. Hoftvedt BO, Varvin S. Serbisk helsevesen under dobbelt press. Tidsskrift for Den norske lægeforening nr. 15, 2000: s. 1817–18. 5. Lecic-Tosevski D, Kalicanin P. Effect of the United Nations sanctions on the mental health of the Yugoslav population. Psychiatriki nr. 1–2, 1994: s. 59–65. 6. Jeremic E. FN-sanksjonene som styrket Milosevic.
Aftenposten interaktiv, 24.03.1998. 7. Popović M. Refugees in the Federal Republic of Yugoslavia: Present Situation and Psychological Support.
Medicine, Conflict and Survival, Vol. 12, 1996: s. 325–32.
170 JUGOLAND