9 minute read
NATOs straffebombing
Den 18. mars 1999 var det klart at «Rambouillet-forhandlingane» om situasjonen i Kosovo ikkje hadde ført til noko resultat. Som reaksjon på utfallet gjekk NATO den 24. mars til luftkrig mot «rest-Jugoslavia». For første gong sidan 1945 var vest-europeiske statar i krig med eit anna europeisk land. Dag etter dag sverma bombeflya innover Serbia med kurs mot Beograd, Novi Sad, andre serbiske byar og utpeikte mål. I mindre omfang vart også Montenegro ramma. I NATO-krinsar var det forventa at «rest-Jugoslavia» ville kapitulere innan få dagar. Så skjedde ikkje. Først etter 78 døgn var krigen over den 10. juni.
Eitt av åtakslanda var Tyskland. Det tyske luftforsvaret var i strid for første gong sidan andre verdskrig. I Beograd vekte dette sterke kjensler knytte til minna om april 1941, da Tysklands Luftwaffe gjennomførte «Operasjon straff» mot den gjenstridige byen. Etter åtaka den gongen blei tusenvis av døde trekte ut frå ruinane, andre blei aldri funne.
Advertisement
Etter dei første tokta rapporterte NATO om «presisjonsbombing» av militære mål. Tidleg i krigen var det ganske riktig mest militære anlegg, utstyr og bygningar som blei ramma. Men så blei bomber og rakettar meir og meir retta mot ikkje-militære objekt som offentlege bygg, telesamband, vegar, jernbanar, bruer, kraftforsyning og industri. Jamvel kringkastingshuset i Beograd blei sett på som legitimt mål; 16 menneske omkom da bygninga vart bomba.1
NATOs informasjon om treffsikker, «kirurgisk» bombing slo også
KRISTIAN HAGESTAD 171
snart sprekkar. Flyktande sivile albanarar i Kosovo blei bomba, minst 77, kanskje over 100 blei drepne 14. mai.2 Ein sprenglekam hamna på feil side av grensa til Bulgaria. Den kinesiske ambassaden i Beograd blei ramma av ein fulltreffar, tre menneske blei drepne og 20 skadde. NATO beklaga feilbombing og forklarte hendinga med at dei hadde kart som var forelda.3 Byen Niš sør i landet blei to gonger med fem dagars mellomrom ramma av klasebomber. Målet skulle vere flyplassen utanfor byen, men bombene trefte tre–sju kilometer unna, første gong inne i bysenteret. Totalt døydde 14 menneske, 39 vart såra, mange hadde amputasjonsskadar. Året etter miste ein person livet da ein blindgjengar eksploderte.
Innan NATO var det håp om at bombinga skulle få serbarane til å vende seg mot regimet til president Milošević. Så skjedde ikkje. Befolkninga reagerte ganske riktig med raseri, men det vende seg ikkje mot eigne styresmakter, det retta seg mot Vesten. Nå gjaldt det å stå saman på heimebane. Kveld etter kveld samla folk seg på bruene i Beograd med slagord mot NATO på t-skjorter og banner, som levande skjold mot bombing. Truleg bidrog krigen heller til forlenging enn til forkorting av det politiske livet til Milošević.
Tal for tapte menneskeliv under krigen er usikre. Ifølge det serbiske forsvarsdepartementet miste 2500 sivile livet, derav 89 barn, og om lag 6000 blei skadde. Dødstalet blant militære og politi var ca. 1000, 5000 blei skadde.4 Det offisielle serbiske talet for drepne sivile kan vere for høgt. Eit overslag frå Human Rights Watch har konkludert med om lag 500. Talet på øydelagde eller skada bustader er oppgitt til 25000. Av offentlege institusjonar blei det meldt om skade på 19 sjukehus, 20 helsesenter, 18 barnehagar og 69 skolar. Av bruer blei 44 øydelagde og 38 vart skadde. Landet fekk eit samla økonomisk tap på 100 milliardar dollar.5
I mars 2000 var eg i Novi Sad, den nest største byen i Serbia
172 JUGOLAND
og den som blei aller hardast ramma av bombekrigen året før. Dei øydelagde bruene låg ennå i Donau. Ei provisorisk flytebru, som kom på plass medan krigen ennå var i gang, var einaste alternativ for å krysse elva. Donau – den viktigaste vassvegen i Europa – var sperra for skipstrafikk. Det gjekk ikkje berre ut over Serbia, men også land som Romania, Ungarn, Bulgaria og Ukraina. I ein park var det komme opp eit lite monument over dei yngste offera for bombinga med tekst på serbisk og engelsk: «Vi var berre barn.»
Eitt år etter NATO-bombinga låg bruene i Novi Sad framleis som ruinar i Donau. (Foto: Dag W. Grundseth / Aftenposten / NTB)
KRISTIAN HAGESTAD 173
Krigen levde vidare også etter at den var avblåsen. Frå dei mange klasebombene som var slengde ut, låg det titusenvis av udetonerte blindgjengarar att som miner i terrenget.6 Med friske fargar kunne dei freiste barn til leik.7 Elver var forureina både av udetonerte sprenglekamar og av utslepp med miljøskadelege stoff etter bombing av kjemisk industri.8,9 Restar av ammunisjon med utarma uran og resirkulert atomavfall låg att i landskapet.4,10 Frå serbisk hald er det hevda at desse har medført auka førekomst av kreft.
Både forspelet i Rambouillet og den påfølgande krigen har vore utsett for kritikk. Det «forslaget» som blei presentert ved «forhandlingane» i februar–mars, var i realiteten eit ultimatum til Serbia, utforma av dei vestlege medlemmene av kontaktgruppa for Kosovo. For serbarane gav det eit déjà-vu til juli 1914, da Serbia blei stilt overfor eit austerriksk ultimatum som ingen sjølvstendig nasjon kunna ha godtatt. Dokumentet i Rambouillet kravde bl.a. at NATO-troppar på 30000 mann skulle stasjonerast i Kosovo. Troppane skulle kunne flytte seg fritt i heile «rest-Jugoslavia». Mannskapa skulle ha immunitet mot straff etter jugoslavisk lovgiving, og NATO skulle ha fri tilgang til telekommunikasjon, inkludert kringkasting. Kosovo skulle gå over til marknadsøkonomi med privatisering av offentlege verksemder.11,12
Den amerikanske utanriksministeren Madeleine Albright (1937–) skal uformelt ha fortalt journalistar at USA med hensikt heva lista høgare enn det serbarane kunne akseptere.13 Henry Kissinger (1923–), ein av Albrights forgjengarar og den store nestoren i amerikansk utanrikspolitikk, karakteriserte avtaleteksten som «ein provokasjon, ei unnskyldning for å starte bombing».14 I ei ICTY-rettssak i Haag mot serbiske krigsforbrytarar kommenterte dommarane også Serbias situasjon i Rambouillet: Landet blei presentert for eit svært vanskeleg ultimatum som ein kvar stat ville hatt vanskar med å akseptere.15
174 JUGOLAND
Lord Carrington (1919–2018), som var generalsekretær i NATO 1984–88, uttalte at NATOs bombekrig gjorde tinga mykje verre, at den utløyste heller enn forhindra etnisk reinsking.16 Ramsey Clark, som var ein sentral person i det amerikanske justisdepartementet under presidentane John F. Kennedy og Lyndon B. Johnson, og som var riksadvokat i USA 1965–67, besøkte Jugoslavia to gonger under bombekrigen. Han karakteriserte krigføringa som ein kriminell aggresjon som i stor grad ramma sivile mål.17
FN-charteret seier at krig berre kan tillatast etter vedtak i Tryggingsrådet eller som sjølvforsvar mot åtak. Ingen av dei to vilkåra var til stades da NATO gjekk til aksjon mot «rest-Jugoslavia». Bombinga var ei utprøving av den nye strategien til organisasjonen, som formelt blei vedtatt i april 1999, medan krigen gjekk føre seg. NATO gjekk frå å vere ein forsvarsallianse for medlemslanda til også å vere ein allianse for intervensjon og åtak, som kan gripe inn kor som helst i verda for å handtere kriser og konfliktar med humane og tryggingsmessige konsekvensar. Den «vellykka» bombekrigen mot «rest-Jugoslavia» gav inspirasjon til seinare engasjement i Irak, Afghanistan og Libya.18
I 2019 påpeikte Vesko Garšević frå Montenegro, tidlegare ambassadør til NATO og OSSE, at luftkrigen mot «rest-Jugoslavia» fekk storpolitiske konsekvensar. Den blei eit vendepunkt i forholdet mellom Russland og NATO. Russarane fann ut at landet sidan Berlin-murens fall hadde gjort eit strategisk feilgrep ved å vere ettergivande og samarbeidsviljug mot Vesten. Når NATO demonstrativt viste at alliansen ikkje tok russiske interesser og meiningar på alvor, blei det starten på meir konfronterande tilhøve.19 I ein artikkel i Le Monde diplomatique i 2018 blei det hevda at intervensjonen i 1999 skapte ein brest i dei internasjonale relasjonane som framleis ikkje er lækte, og at krigspropagandaen under bombinga introduserte ein ny ideologisk konsensus.20
KRISTIAN HAGESTAD 175
I 2019 var eg i Beograd på tjueårsdagen for starten av krigen. Det var ikkje noko offentleg minnearrangement i hovudstaden det året, den offisielle markeringa var lagt til Niš. Ved kringkastingshuset låg det friske blomar inntil minnesteinen for dei 16 omkomne. Bygninga er restaurert slik at bombeskadane framleis står som gapande sår over fem etasjar. Eg drog vidare til plassen der den kinesiske ambassaden låg inntil 1999. Der var eit svært nybygg under oppføring. Utanfor det kalde gjerdet rundt området var det blomar og ein stein med kinesiske teikn til minne om bombinga 8. mai, same dato som Vest-Europa kunne feire frigjeringa etter andre verdskrig.
I bulevardgata Kneza Miloša låg i si tid bygningane til innanriksdepartementet og hovudkvarteret for hæren. Dei blei øydelagde same dag som Kinas ambassade. Tjue år etter stod dei framleis i ruinar. Der samla det seg spontant ei stor menneskemengde til markering av tjueårsminnet. Dei frammøtte var ei brokete forsamling av yngre og eldre, menn i finklede eller fritidstøy, svartkledde ortodokse prestar og kvinner som hadde funne fram lettsindig lette vårkostyme på den kjølege marsdagen. Slagorda runga bak fargerike plakatar, flagg, faner og ikonbilde.
Ti år tidlegare var tiårsdagen for krigsutbrottet markert med ringing i kyrkjeklokker og eit stille minutt i skolar og regjeringsbygg. Statsministeren sa i sin appell den gongen: «For framtida til barna våre må vi aldri tillate at dette får skje på ny.» Hans ord den gongen har framleis brei oppslutning. «Aldri meir 9. april!» var eit hovudslagord i norske etterkrigsår. «Aldri meir 24. mars!» heiter det i Serbia. Det serbiske ønsket om medlemskap i EU kan sjåast som eitt utslag av denne målsettinga.
176 JUGOLAND
1. 15 years since NATO airstrikes against RTS. www.b92. net/eng , 23.04.2014. 2. Plesch V. Tracing the Scars of NATO’s Air Strikes in
Kosovo. Balkan Insight, 24.03.2019. 3. 15 years since NATO airstrike on Chinese embassy. www.b92.net/eng , 07.05.2014. 4. Twenty-two years ago, NATO bombs started falling on of then Yugoslavia. N1 News 24.03.2021. 5. 15 years since start of NATO’s war against Serbia. www.b92.net/eng , 24.03.2014. 6. Andenæs U. Kosovo: Klasebombene blir liggende.
Aftenposten, 06.12.2000: s. 7. 7. Kruhaug N-I. NATO fordømmes for bruk av fristende lekelignende bomber. Aftenposten, 19.05.1999: s. 6. 8. «Large amount» of unexploded ordnance in Serbia’s big rivers. www.b92.net/eng , 20.01.2015. 9. Mønnesland S. Før Jugoslavia og etter. Oslo: Sypress forlag, 2006: s. 361. 10. Andenæs U. Granater inneholdt farlig atomavfall. Aftenposten, 31.01.2001: s. 7. 11. Brox J. Rambouillet-avtalen Ei krigserklæring. Dag og tid, 15.04.1999: s. 6–7. 12. Pilger J. Revealed: the amazing NATO plan, tabled at
Rambouillet, to occupy Yugoslavia. NewStatesman
Network, 17.05.1999. 13. Johansen P M. De trenger litt bombing . . . . Klassekampen, 09.06.1999: s. 10–11. 14. Bancroft I. Serbia’s anniversary is a timely reminder.
The Guardian, 24.03.2009. 15. Axboe Nielsen C. Vi troede ikke det kunne ske her –
Jugoslaviens sammenbrud 1991–1999, København:
Kristeligt Dagblads Forlag, 2018: s. 281. 16. Ex-NATO chief criticises Kosovo campaign. BBC
News, 26.08.1999. 17. Thus spoke Clark: NATO simply could not break that spirit. B92, https://www.b92.net/eng, 12.04.2021. 18. Gritsch K. Krieg um Kosovo. Innsbruck: Innsbruck University Press, 2016. 19. Garcevic V. NATO’s intervention changed
Western-Russian relations for ever. Balkan Insight, 22.03.2019. 20. Robert A-C. Forbudet mot krig står for fall. Le Monde diplomatique, norsk utgåve, april 2018 : s.26–28.
KRISTIAN HAGESTAD 177
178 JUGOLAND
Slovenia
Postonja-grottene, dei største kalksteinsgrottene i Europa, er ein av dei store turistattraksjonane i Slovenia.
KRISTIAN HAGESTAD 179