8 minute read

Fem granneland – fem ulike naboskap

Slovenia grensar til Italia, Austerrike, Ungarn, Serbia og Kroatia. Alle nabolanda har ein slovensk minoritet, totalt utgjer desse ca. 130000 menneske. Dei største kontingentane finst i Italia (ca. 90000) og Austerrike (ca. 30000), den minste i Serbia.

Forholdet til Italia har eit historisk bakteppe av traumatiske hendingar. Under første verdskrig sat mange slovenarar i fangeleirar i Italia, der dei blei behandla som statsfiendar. Mange tusen av dei døydde av underernæring og sjukdom 1915–18. Etter krigen fekk Italia kontroll over den slovenske kyststripa frå Trieste til og med Istra-halvøya. Det innebar at 327 000 slovenarar hamna i Italia. Etter at Benito Mussolini tok makta i 1922, blei det starta eit hardhendt program for «italianisering», som førte til masseemigrasjon av slovenarar.

Advertisement

Under andre verdskrig blei Slovenia delt mellom Tyskland, Ungarn og Italia. Italienarane møtte aktiviteten til slovenske partisanar med represaliar som gisselaksjonar, brenning av landsbyar, masseavrettingar og deportering av om lag 25 000 til konsentrasjonsleirar i Italia. Etter krigen overtok Jugoslavia område ved kysten av Adriaterhavet, som Italia hadde hatt i mellomkrigstida. Det gjekk lenge føre seg ein dragkamp om grensebyen Trieste. I 1954 blei det utforma ein avtale om at Italia skulle få sjølve bykjernen, medan Jugoslavia fekk område inntil byen. Først i 1975 ratifiserte Italia avtalen.1

188 JUGOLAND

Da Slovenia forhandla med EU om medlemskap, var det utbreidd frykt for at italienarar ville ta tilbake eigedommar ved den slovenske middelhavskysten, som dei hadde forlate i etterkrigsåra. Etter press frå EU blei det i 1997 vedtatt ein lov som let utlendingar få kjøpe landområde i Slovenia. Loven har ikkje ført til italienske masseoppkjøp, slik mange frykta.

I dag er forholdet mellom Italia og Slovenia rimeleg harmonisk. Da den slovenske avisa Primorski Dnevnik i Trieste fylte 75 år i 2020, kom det eit spesialnummer med innlegg frå presidentane i dei to landa.2 Omtrent samtidig blei det inngått avtale om at det slovenske kultur- og handelskammeret i Trieste skulle tilbakeførast til slovenarane, hundre år etter at det var brent av fascistane. I det høvet la begge presidentane ned kransar ved to minnesmerke, eitt for slovenarar som blei drepne av fascistar, og eitt for italienarar som blei drepne av partisanar.3 Det høyrer elles med til totalbildet at det finst ein italiensk minoritet i Slovenia, at denne har éin representant i parlamentet, og at italiensk er sidestilt som offisielt språk i tre kommunar vest i landet.

Historia har også stor betydning for relasjonen til Austerrike. Slovenarane var i si tid godt integrerte i Austerrike-Ungarn. Da Jugoslavia blei oppretta etter første verdskrig, forblei mange slovenarar buande i nabolandet i nord. Etter at Tyskland gjekk inn i Austerrike i 1938, mista slovenarane der minoritetsrettane og blei utsette for regelrett terror. I sluttfasen av andre verdskrig okkuperte partisanhæren til Tito den sørlegaste delstaten i Austerrike, Kärnten (slovensk:Koroška), men etter press frå dei allierte trekte Titos styrkar seg tilbake. I etterkrigstida var det betydeleg spenning mellom dei to landa.4 I 1955 fekk Austerrike ein traktat som bl.a. skulle regulere rettar til den slovenske minoriteten, men frå jugoslavisk side blei det hevda at austerrikarane ikkje oppfylte forpliktingane etter traktaten.

I 1991 gjekk Austerrike tidleg ut med støtte til Slovenias sjølv-

KRISTIAN HAGESTAD 189

stendeerklæring og arbeidde gjennom diplomatiske kanalar for internasjonal godkjenning av den nye staten. Medlemskap i EU har stabilisert forholdet mellom dei to landa og verka positivt inn på rettane til den slovenske minoriteten. Ved lokalval i 2021 fekk det slovenske partiet både borgarmeisteren og absolutt fleirtal i kommunestyret i Globasnitz nær grensa til Slovenia.5

Antislovenske haldningar i Austerrike har likevel vist seg å vere seigliva, spesielt i Kärnten. Da grunnlovsdomstolen i 2001 fastsette at vegskilt skulle ha slovensk tekst i tillegg til den tyske i område der minst ti prosent av folket er slovenarar, nekta delstatsleiar Jörg Haider å følge opp avgjerda og ville fjerne eksisterande skilt med slovensk tekst.6 Først ti år seinare blei skiltstriden løyst med eit kompromiss. Grensa for slovensk andel av befolkninga før kravet slår inn, blei heva frå ti til 17 prosent. Behovstalet for tospråklege skilt blei redusert frå 800 til 165.7 Framleis førekjem det likevel episodar med øydelegging av skilt med slovensk tekst .8

Ungararar og slovenarar har levd nær kvarande i nesten tusen år. Relasjonen mellom dagens Slovenia og naboen Ungarn i aust har vore og er rimeleg ukomplisert. Etter at Janša kom tilbake som statsminister i Slovenia i 2020, har den politiske kontakten blomstra som aldri før. Kritiske røyster har – med referanse til den ungarske statsministeren Viktor Orbán – talt om faren for «orbanisering» av slovensk politikk.9 Den slovenske minoriteten i Ungarn utgjer offisielt ca. 3000 personar, uoffisielt er der 5000. Dei fleste bur nær grensa til Slovenia eller Austerrike. Skolane der har tospråkleg undervisning. Slovenske landsbyar har eit visst sjølvstyre.10 Den ungarske minoriteten i Slovenia er om lag 7000 personar, fordelte på ca. tretti landsbyar nær grensa mellom dei to landa. Som den italienske minoriteten har også ungararane éin plass i parlamentet, og ungarsk er sidestilt med slovensk som offisielt språk i området.11

190 JUGOLAND

Forholdet mellom Serbia og Slovenia er utan særlege konfliktområde. Landa har hatt diplomatisk samband sidan år 2000. Rett nok reagerte Serbia negativt da Slovenia som første eks-jugoslaviske land anerkjente Kosovo i 2008. I dag er det viktigare for serbarane at Slovenia er støttespelar for dei under forhandlingane om medlemskap i EU. Den slovenske minoriteten i Serbia er liten. I 2011 var den ca. 4000 personar, 0,6 promille av befolkninga. Talet på serbarar i Slovenia er høgare. Ved folketeljing i 2002 vart den registrert til ca. 40000, to prosent av befolkninga. Gjennom kontakt mellom dei to etniske gruppene er det utvikla eit uoffisielt, slangprega serbisk-slovensk «språk», kalla srboslovenščina.

Slovenias relasjon til Kroatia, det andre eks-jugoslaviske nabolandet, er meir komplisert. Det starta bra da begge statane på koordinert vis erklærte seg uavhengige 25. juni 1991. Oppfølginga stod ikkje i stil. Leiinga i Slovenia vart rasande da Kroatia ikkje støtta dei under tidagarskrigen, men tvert imot let JNA sende troppar gjennom Kroatia. Og på møte i det jugoslaviske presidentskapet 18. juli stemte Kroatias medlem – som den einaste – mot at JNA skulle trekke seg ut av Slovenia. Slovenarane reagerte med å opptre nøytralt under den påfølgande krigen i Kroatia.12

Etter oppløysing av Jugoslavia oppstod det strid om grensedraging mellom Slovenia og Kroatia. Det vanskelegaste spørsmålet gjeld Piran-bukta nordaust i Adriaterhavet. Kroatia hevdar at grensa må følge midtlina. Slovenia meiner landet har historisk rett til meir enn det midtlineprinsippet tilseier. Spørsmålet er viktig for Slovenia med si korte kystline, og dette førte til at landet ei tid blokkerte Kroatias forhandlingar om medlemskap i EU.

I 2011 blei dei to landa einige om å la ein domstol i FN-regi avgjere Piran-saka, men i 2015 trekte Kroatia seg frå prosessen etter at det dukka opp lydbandopptak som skulle dokumentere slovensk forsøk på å påverke dommarpanelet. Den kroatiske tryggingstene-

KRISTIAN HAGESTAD 191

sta skal ha stått bak avlyttinga. I 2017 la domstolen likevel fram kjenninga si, som gjekk i slovensk favør. Slovenia skulle ha tre firedelar av bukta, men Kroatia har ikkje anerkjent avgjerda. Ifølge ein rapport i mars 2020 hadde Kroatia inntil da gitt slovenske fiskarar 913 bøter for fisking i område som landet meiner er kroatisk farvatn, medan Slovenia hadde utbetalt nesten 200 000 euro i rettshjelp til fiskarane.13,14 Ei meiningsmåling i Slovenia i 2018 om synet på Kroatia avspeglar reaksjonar på grensestriden. Heile 54 prosent svarte at Kroatia er eit land som ikkje er til å stole på.15

Kroatia blei medlem av EU i 2013. I motsetning til nabolandet er Kroatia ikkje funnen verdig til inntak i eurosona eller Schengen-området. Det sistnemnte inneber at grensa mellom dei to statane utgjer ein del av yttergrensa for Schengen-landa. Ved meiningsmålinga i 2018, som er nemnt ovanfor, svarte 83 prosent at Kroatia bør haldast utanfor Schengen-samarbeidet.15

Ved folketeljinga i Kroatia i 2001 blei 13000 personar registrerte som slovenarar. Saman med fire andre små minoritetsgrupper har dei éin fellesrepresentant i den kroatiske nasjonalforsamlinga. Ved folketeljinga i Slovenia 2002 utgjorde kroatar den nest største minoritetsgruppa med nesten 36 000 personar, knapt to prosent av befolkninga. Kroatane har likevel ikkje minoritetsstatus i landet, slik italienarar og ungarar har. Dei får derfor ikkje statleg støtte til kroatisk språkopplæring i skolen. Milan Kučan (1941–), den første presidenten i Slovenia, som hadde posisjonen i elleve år frå 1991, kom med eit hjartesukk i intervju med den kroatiske avisa Večernji List i 2020: Slovenia og Kroatia har mange felles interesser og er i same båt, men dei har ingen idéar om fellesprosjekt. I staden driv dei og viser musklar til kvarandre.16

192 JUGOLAND

1. Mønnesland S. Før Jugoslavia og etter. Oslo: Sypress forlag, 2006: s. 207–08. 2. Minority newspaper celebrates 75th anniversary. Total

Slovenia News, 14.05.2020. 3. Slovenian, Italian presidents plan reconciliation act for 13 July. Total Slovenia News, 24.06.2020. 4. Mønnesland S. Før Jugoslavia og etter. Oslo: Sypress forlag, 2006: s. 208–09. 5. Landslide for Slovenian minority in Globasnitz municipality elections. Total Slovenia News, 02.03.2021. 6. Mønnesland S. Før Jugoslavia og etter. Oslo: Sypress forlag, 2006: s. 387. 7. Austria’s Slovene Minority. Helloaustria – A view into

Austria and the Slovene Minority, 11.12.2015. 8. Minority reps protest as bilingual signs vandalised again. Total Slovenia News, 26.01.2021. 9. Vladisavljevic A. New Slovenian Government Raises

Fears of “Orbanisation”. Balkan Insight, 17.03.2020. 10. Slovenians in Hungary. Embassy of the Republic of Slovenia, Budapest. www.budimpesta.veleposlaništvo.si 11. Zágorec-Csuka J. Hungarian Minority in Slovenia and

Hungarian as a Minority Language. Translation and / und Migration: s. 40–48. 12. Silber L, Little A. Yugoslavia: Death of a Nation, Revised. New York: Penguin, 1997: s. 152, 165. 13. Vladisavljevic A. Slovenia, Croatia Reopen Long-running Wiretapping Dispute. Balkan Insight, 10.04.2019. 14. Fishermen in Piran Bay continue getting fined by Croatia. Total Slovenia News, 09.03.2020. 15. Slovenians view Croatia as “untrustworthy and problematic”. TANJUG 15.01.2018. 16. Instead of cooperating, Slovenia and Croatia are flexing their muscles. Total Slovenia News, 02.02.2020.

KRISTIAN HAGESTAD 193

194 JUGOLAND

På kryss og tvers av grensene

Tyrkisk kaffi – favorittdrikk på tvers av grensene på Vest-Balkan.

KRISTIAN HAGESTAD 195

This article is from: