5 minute read

Språkstrid i eks-Jugoslavia

Eg har stundom prøvd å forklare norsk språkstrid til folk frå andre nasjonar og kulturar. Det er sjeldan vellykka. Dess meir eg snakkar om hovudmål, sidemål, nynorsk, bokmål, samnorsk og dialektar, dess meir forbløffa ser samtalepartnaren ut. Når eg fortel at nordmenn kan nytte sitt eige språk i samtale med danskar og svenskar, blir forvirringa total.

Samanlikna med den sørslaviske språksituasjonen i eks-Jugoslavia blir norske utfordringar relativt enkle og harmlause. I utgangspunktet skulle ein tru saka var grei. Dei sørslaviske språka står kvarandre nær.1 Det er mange glidande overgangar, eksempelvis mellom talemålet i Slovenia og delar av Kroatia. Serbiske og makedonske dialektar kan stå kvarandre så nær at makedonsk har vore omtalt som «sørserbisk».

Advertisement

Variasjonar mellom dei mange sørslaviske dialektane er mest knytte til geografi, i ein viss grad til sosiale tilhøve. Etnisk bakgrunn og nasjonalitet spelar lita eller inga rolle. Ein bosniak, ein serbar og ein kroat frå same by i Bosnia-Hercegovina taler same språk med same aksent. Likevel er språkpolitikk eit brennheitt politisk tema i fire av statane frå tidlegare Jugoslavia.

Frå 1954 var serbo-kroatisk hovudspråket i det føderale Jugoslavia. I tillegg var slovensk og makedonsk offisielle språk, brukt i respektive Slovenia og Makedonia. Mange synest å tru at det serbo-

196 JUGOLAND

kroatiske skriftspråket kom til under Tito-styret, men det er faktisk langt eldre. Det blei til rundt 1850 som resultat av samarbeid mellom serbiske og kroatiske intellektuelle. Fellesspråket var basert på den aust-kroatiske dialekten štokavisk. «Skriv som du snakkar» var eitt prinsipp bak normeringa. I tråd med dette utvikla det seg fleire variantar av språket.

Etter at Jugoslavia fall frå kvarandre, har serbo-kroatisk gått i oppløysing som sams språk for Kroatia, Serbia, Montenegro og Bosnia-Hercegovina. Som del av nasjonsbygginga med patriotisme og identitet har det blitt fire offisielle språk: Bosnisk, kroatisk, montenegrinsk og serbisk. Dette er ikkje til hinder for at folk framleis forstår kvarandre og snakkar saman på tvers av språkgrensene. Skilnadene mellom dei fire variantane er mindre enn mellom norsk, dansk og svensk. Ifølge den kroatiske lingvisten Josip Baotić er under ti prosent av vokabularet ulikt. Relasjonen mellom serbisk og kroatisk har vore samanlikna med relasjonen mellom britisk og amerikansk versjon av engelsk.2

Kroatane var tidleg ute med eige språk. Dei har også – som islendingane – ofte laga nyord til erstatning for utanlandske ord. Eksempelvis er lufthamn på kroatisk blitt til «zraćna luka», medan dei tre andre språka bruker det internasjonalt prega ordet «aoerodrom». Det seiest at jamvel kroatar kan ha problem med å forstå enkelte av nyorda. I bosnisk er det inkludert såkalla «turkismar», ord av tyrkisk opphav, sjølv om desse knapt er i bruk i daglegtale.3

Språket blir ikkje berre formidla med ord, men også med bokstavar. For sørslaviske språk er to alfabet i bruk, det latinske og det kyrilliske. Eller som vi frå Vest-Europa kan uttrykke det: det vanlege alfabetet og det russisk-liknande. Kroatisk og bosnisk blir skrivne med latinsk alfabet. For makedonsk og serbisk er kyrilliske bokstavar førstevalet, men dei latinske kan òg nyttast. Også i montenegrinsk er begge alfabeta i bruk. For serbarane har dei kyrilliske

KRISTIAN HAGESTAD 197

Språkpolitikk i Bosnia-Hercegovina: «Pušenje ubija» (Røyking drep) – må skrivast tre gonger; den serbiske versjonen med kyrilliske bokstavar.

bokstavane blitt eit viktig nasjonalt symbol, sterkt knytt til den serbisk-ortodokse kyrkja.

Bosnia-Hercegovina med sine tre nasjonsgrupper – bosniakar, serbarar og kroatar – har tre offisielle språk: bosnisk, serbisk og kroatisk. Det gir seg ein del merkverdige utslag. Serbisk tale på fjernsynet kan bli teksta til kroatisk. På sigarettpakningane er helseåtvaringane skrivne på tre språk, sjølv om det inneber at bodskapen «Pušenje ubija» – «Røyking drep» – må skrivast tre gonger, den serbiske versjonen skil seg riktig nok ut med sine kyrilliske bokstavar. I rettssalen er det visstnok blitt stilt krav om å få betalt tolk for omsetting frå bosnisk til kroatisk. Meir alvorleg er det

198 JUGOLAND

når skriftspråk-skilja fører til segregert skolegang basert på kva nasjonsgruppe barna høyrer til.

Langt frå alle er begeistra for avviklinga av fellesspråket serbo-kroatisk. I 2017 publiserte 30 lingvistar frå dei fire landa ein deklarasjon om «vårt felles språk». I innleiinga heiter det bl.a.: «Taler vi same språk i Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Montenegro og Serbia? Svaret er ja. Det dreiar seg om eit felles polysentrisk språk, det vil seie med tydelege variantar, slik som i tysk, engelsk, arabisk, fransk, spansk, portugisisk og mange andre språk.» Deklarasjonen er seinare signert av meir enn 200 lingvistar, forfattarar, vitskapsmenn, aktivistar og andre offentlege kjente personar frå heile regionen.4

Ikkje uventa utløyste dokumentet om fellesspråk sterke reaksjonar, spesielt frå offentleg hald i Kroatia. «Kven i Kroatia kan støtte dette?» var statsministeren sitt retoriske spørsmål da han blei spurt om han ville skrive under erklæringa. Leiaren av instituttet for kroatisk språk og lingvistikk fann initiativet unødvendig og meiningslaust. Han peikte på at den kroatiske grunnloven er skriven på kroatisk, og at kroatisk er det 24. offisielle språket i EU.

Ein intervjurunde som nettavisa Balkan Insight utførte blant «vanlege folk» i dei fire landa, viste derimot utbreidd sympati og støtte for deklarasjonen om felles språk. Ein lærar frå Sarajevo i Bosnia-Hercegovina kommenterte saka slik: «Kor vidt alt er eitt språk, er ikkje ein gong eit spørsmål. Slik er det berre. (. . . ) Spørsmålet er meir kva ein skal kalle det. Eg trur ikkje dette er noko lingvistisk sak, det er eit politisk tema.» Ein kollega av han frå Podgorica i Montenegro uttrykte seg slik: «Dersom deklarasjonen blei lagt ut for vanlege folk i dei fire landa, ville den få ein million støtteerklæringar.»

Utvikling på mediefronten har styrka kjensla av fellesspråk. Fleire regionale media har nedslagsfelt på tvers av grensene. Det gjeld bl.a. nyhendekanalen N1, ein avleggar av CNN, Al Jazeera Balkan, samt

KRISTIAN HAGESTAD 199

Radio Slobodna Evropa, utgått frå Radio Free Europe. Mange forlag publiserer bøker for fleire av landa. Tilsvarande utvikling med kryssing av land- og språkgrenser skjer på song- og musikkfronten. Bosnisk rap blir kringkasta på serbisk radio. Serbisk «turbomusikk» med blanding av folkemusikk, pop og rock er populær i nabolanda. Eit produksjonsstudio i Beograd formidlar hip-hop-låtar frå fleire eks-jugoslaviske land.5 Offisielt eksisterer ikkje lenger ordet «serbo-kroatisk». Spørsmålet blir da – slik læraren frå Sarajevo var inne på – kva ein skal kalle fellesspråket. Mange internasjonale organisasjonar bruker forkortinga BCMS – på norsk BKMS, på «serbo-kroatisk» BHCGS – for bosnisk-kroatisk-montenegrinsk-serbisk. Det enklaste er å gjere slik ein ung sekretær frå Zagreb i Kroatia fortalte til Balkan Insight: «Eg seier nas jezik – språket vårt.»

1 Mønnesland S. Før Jugoslavia og etter. Oslo: Sypress, 2006: s. 19–20. 2 Axboe Nielsen C. Vi troede ikke, det kunne ske her.

København: Kristeligt Dagblads Forlag, 2018: s. 19. 3 Derens J-A, Rico S. Balkans navnløse språk. Le

Monde diplomatique, norsk utgåve, juli 2017: s. 34–35. 4 Milekic S: Post-Yugoslav «Common Language” Declaration. Balkan Insight, 30.03.2017. 5 Braden B. Crossing Borders Again, Balkan Music

Reckons with Difficult Past. Balkan Insight, 04.03.2021.

200 JUGOLAND

This article is from: