9 minute read
Pioneren blant utbrytarrepublikkane i Jugoslavia
Alpelandet Slovenia utgjorde nordvestre hjørne av Jugoslavia, men identitet og kultur låg nærare Sentral-Europa enn Balkan. Med grenser mot Austerrike i nord og Italia i vest var det i kommunistepoken Jugoslavias hovudport og vindauge mot Vesten.
Slovenia utgjorde ikkje meir enn ca. åtte prosent av Jugoslavia, både i folketal og areal. Likevel kom det høgt opp på lister for rangering av dei seks jugoslaviske delrepublikkane. Slovenia var mest velståande, sterkt industrialisert og stod for ein firedel av eksporten frå Jugoslavia. Innanriksproduktet var 2,5 gonger høgare enn gjennomsnittet for republikkane. Slovenia var tidleg ute med å satse på turisme frå Vest-Europa.
Advertisement
FRÅ JUGOSLAVIA TIL EU Under den «slovenske våren» på siste del av 1980-talet tok Slovenia føringa i ein prosess for demokratisering, desentralisering og kritikk av kommunistsystemet i Jugoslavia. I april 1990 gjennomførte Slovenia det første frie parlamentsvalet innan den jugoslaviske føderasjonen. Valet gav siger for opposisjonen og nederlag for kommunistpartiet. Ved ei folkeavrøysting i desember 1990, med 93 prosent oppslutning, stemte 88 prosent for sjølvstende.1
Den 25. juni 1991 erklærte Slovenia seg som uavhengig stat. To dagar etter gjekk den føderale jugoslaviske hæren (JNA) til av-
180 JUGOLAND
grensa aksjon mot utbrytaren. Dei toppmotiverte slovenske heimevernssoldatane og politistyrkane gjorde uventa sterk motstand. Leiinga av JNA bad det jugoslaviske presidentskapet om løyve til «eit massivt åtak», men det blei avvist. President Milošević i Serbia var tvert om innstilt på å la Slovenia forlate Jugoslavia. Krigen blei avslutta etter ti dagar. Om lag sytti menneske miste livet under den militære konflikten.2
Vegen låg nå open for oppretting av den første uavhengige slovenske staten sidan år 745. I første del av 1992 fekk landet internasjonal anerkjenning og sete i FN. Den nye staten satsa målbevisst på inkludering i vest- og sentraleuropeiske fellesskap. I 2004 vart Slovenia medlem av EU og NATO. I 2007 blei landet del av både eurosona og Schengen-området. Oppslutninga om EU-medlemskap er stor, og slovenarane ser meir optimistisk på framtida til EU enn gjennomsnittsbefolkninga i unionen.3
Eit lite ærerikt kapittel i soga til den nye staten starta i februar 1992, da nær 26000 personar frå andre delrepublikkar i Jugoslavia over natta mista opphaldsløyve i Slovenia. Det gjaldt også barn av «innvandrarar», som var fødde i landet, hadde gått på skole der og var i jobb. Alle papir var brått ugyldige. Nå stod dei utan helseforsikring og andre sosiale rettar, mange måtte slutte i jobben. Eit ukjent tal blei deporterte til sin «heimrepublikk», fleire hamna midt oppi krigshandlingar i Kroatia eller Bosnia-Hercegovina. Etter år med byråkratisk runddans har om lag halvparten etter kvart fått opphaldsløyve eller statsborgarskap. Ein mindre del har også fått økonomisk kompensasjon, men inga offisiell beklaging.4
ØKONOMISKE UTFORDRINGAR Den økonomiske utviklinga etter lausriving frå Jugoslavia har hatt både opp- og nedturar. Starten var ikkje lett. I 1989 braut Serbia økonomisk samband med Slovenia i protest mot den politiske ut-
KRISTIAN HAGESTAD 181
viklinga i delrepublikken. Resultatet var aukande arbeidsløyse og fallande levestandard. Overgangen til marknadsøkonomi blei ein tøff og uryddig prosess med politisk usemje om korleis og kor raskt privatiseringa skulle skje.
Dei første åra etter at landet kom inn i EU, var prega av optimisme og store bankutlån. Så kom 2009 med økonomisk nedtur i eurosona, noko som slo hardt inn i Slovenia. Bruttonasjonalproduktet (BNP) per innbyggar fall med åtte prosent i 2009. Ny regjering i 2012 handterte krisa med lønnskutt i offentleg sektor og reduserte statlege investeringar, noko som truleg bidrog til treg restituering av økonomien.5 Situasjonen var medverkande til ei protestbølge mot den politiske eliten, som skylte over landet vinteren 2012–13.
Frå 2014 peika pilene oppover. Blant slaviske land hadde Slovenia i 2019 nest høgast BNP per innbyggar, berre Tsjekkia låg over. Det slovenske talet utgjorde 89 prosent av gjennomsnittsnivået for EU-landa.6 Covid-19-pandemien medførte fall i BNP i 2020, i november låg talet 2,6 prosent under fjorårsnivået.
I 1995 blei det innført lovbestemt minstelønn. Det har medverka til at differansen mellom minimums- og gjennomsnittslønna er den lågaste i EU.7
Sterk vekst i turismen etter at landet blei sjølvstendig har vore viktig for økonomien. I 1992 tok landet imot om lag 600000 utanlandske turistar, i år 2000 var talet ein million, i 2019 kom det opp i 4,7 millionar.8 Populære reisemål er hovudstaden Ljubljana, kystbyen Piran, innsjøen Bled og kalksteinsgrottene ved Postojna. Turistindustrien har vektlagt berekraft og miljøomsyn. I 2017 blei Slovenia av National Geographic Traveler Magazine kåra som landet med den mest berekraftige turismen.9 I 2019 kom Ljubljana øvst på organisasjonen «Green Destinations» si liste over grøne by-reisemål.10
182 JUGOLAND
Den slovenske hovudstaden Ljubljana er på topp blant grøne by-reisemål for turistar. (Pixabay)
Eg hadde bestilt tur for attersyn med den grøne slovenske hovudstaden i 2020. Pandemien sette stopp for planane mine. Eg var i godt selskap. I november det året kom der ingen ordinære utanlandske turistar til Slovenia.11
POLITIKK – STABILITET, MEN INTRIGAR OG HØGREDREIING Slovenia blir ofte omtalt som ein stat med stabilt demokratisk system.12 Det er berre halve sanninga. Etter frigjeringa har det politiske livet også vore prega av kriser, skandalar og intrigar. Utvikling i nasjonalkonservativ retning har skapt bekymring både nasjonalt og internasjonalt. Soga til Janez Janša (1958–), ein av dei mest markante politiske aktørane i landet gjennom meir enn tre tiår, illustrerer sentrale politiske trekk sidan 1980-talet.5
KRISTIAN HAGESTAD 183
Janša starta sin politiske karriere i den ung-kommunistiske rørsla. Under den «slovenske våren» var han liberal og prodemokratisk aktivist. Seinare flytta han seg mot høgre i det politiske landskapet. I perioden 1990–94 var han forsvarsminister og dermed ein sentral person under tidagarskrigen i 1991. Han måtte gå av i 1994 etter skuldingar om maktmisbruk, ulovleg våpenhandel og utpressing av sentrale samfunnspersonar med trugsmål om å offentleggjere informasjon innsamla av tryggingspolitiet i kommunisttida.
Som leiar av det slovenske demokratiske partiet (SDS) var Janša statsminister i fire år frå 2004 og eitt år frå 2012. Siste gongen måtte han gå av etter skuldingar om utnytting av stillinga til personleg vinning, og i 2013 blei han dømt til to års fengsel for korrupsjon. I mars 2020 tok han likevel på ny plass i statsministerkontoret. Som politikar er Janša blitt samanlikna med Donald Trump (ektemannen til slovenske Melanija f. Knavs). Han er nasjonalistisk og negativ til immigrasjon. Internasjonalt har han knytt nære band til dei høgre-nasjonalistiske regjeringane i Polen, Ungarn og Slovakia. Økonomisk står Janša for ein nyliberal politikk med privatisering av offentlege tenester. Privatiseringsiveren utløyste fredagsprotestar i Ljubljana frå april 2020. «Vi vil ikkje ha noko privatisering. Vi treng offentleg utdanning, offentleg helseteneste og tilgang til (andre) offentlege tenester», uttalte ein av dei protesterande.13 Sidan har det halde fram med demonstrasjonar kvar veke både i hovudstaden og andre delar av landet. Siste fredagen i mai 2021 samla minst titusen menneske seg i Ljubljana i protest mot den sittande regjeringa og med krav om nyval.
Som Trump er Janša aktiv på Twitter og kritisk til midtstraumsmedia, akademiske miljø og kulturinstitusjonar. Han har komme med offentlege åtak på namngitte journalistar. Etter at han kom til makta att, er det innført juridiske og økonomiske restriksjonar på uavhengige kulturaktørar, media og friviljuge organisasjo-
184 JUGOLAND
nar. Med covid-19-pandemien som grunngiving har han villa gjere endringar i den statlege kringkastinga. Offentleg støtte til det slovenske nyhendebyrået STA blei stansa. SDS-vennlege media skal derimot ha fått økonomisk stønad frå Ungarn. Den bekymringsverdige situasjonen for media i Slovenia, Polen og Ungarn var tema i Europaparlamentet i mars 2021.14,15,16,17
Mediasituasjonen i landet har ført til bekymringsmeldingar frå den europeiske journalistføderasjonen (EFJ) og det internasjonale presseinstituttet (IPI).18,19 I oktober 2020 fann 22 slovenske sjefsredaktørar det nødvendig å offentleggjere eit opent brev om at dei ikkje gir etter for press frå styresmaktene, men står fast på sine forpliktingar til å formidle sannferdig informasjon til publikum.20
Det er også komme bekymring knytt til akademisk fridom i Slovenia. Mot slutten av 2020 kom det eit opprop frå 150 representantar for akademiske miljø i ulike land, som bl.a. peikte på endringar i leiinga av museum og forskingsinstitutt, og eit planlagt museum for slovensk sjølvstende blei omtalt som ein propagandainstitusjon for SDS.21
DEMOGRAFI – STABILT FOLKETAL, MEN . . .22 Folketalet i Slovenia har vore rundt to millionar sidan 1980-talet, med vekst frå 1,9 million i 1991 til 2,1 i 2020. Landet er ein av dei få tidlegare kommuniststatane i Europa som har hatt aukande folketal. Prognosar tilseier eit folketal rundt to millionar fram til 2050. Siste tal for forventa levealder ved fødselen er 81,5 år, høgare enn både gjennomsnittet i EU og nivået i nokon tidlegare europeisk kommuniststat. Trass i stabiliteten i folketalet har det skjedd og vil skje ganske dramatiske demografiske endringar knytt til samansetninga av befolkninga når det gjeld etnisitet og aldersfordeling.
Fødselstalet er lågare enn talet på dei som dør, i 2018 var skilnaden 900. Fertiliteten på 1,62 er riktig nok høgare enn gjennomsnit-
KRISTIAN HAGESTAD 185
tet i EU, men altfor låg til å vedlikehalde folketalet. Når befolkninga har auka trass i fødselsunderskott, er årsaka at immigrasjonen langt overstig emigrasjonen. I Jugoslavia-perioden var Slovenia delstaten med den etnisk mest homogene befolkninga. Ved folketeljing i 1948 var 97 prosent av befolkninga registrert som slovenarar, i 1991 var talet 88 prosent, i 2002 låg det på 83 prosent, og nedgangen har halde fram etter den tid. Heile 86 prosent av dei som vandra inn i 2019, kom frå andre eks-jugoslaviske land, av desse igjen var over halvparten frå Bosnia-Hercegovina.
Talet på personar i yrkesaktiv alder (20–64 år) går ned. Den delen som er 65 år eller eldre, har gått opp frå ti prosent i 1990 til 19 prosent i 2019, og prognosen tilseier vidare vekst til 25 prosent i 2030. Slovenia vil bli eitt av landa med sterkast vekst i utgifter til pensjon og omsorgstenester for eldre. Mange fryktar for ei utvikling med utbreidd fattigdom blant pensjonistar.
1. Mønnesland S. Før Jugoslavia og etter. Oslo: Sypress forlag, 2006: s. 249–54. 2. The Death of Yugoslavia; Episode 3 – Wars of Independence. BBC, 17.09.1995. 3. Survey find Slovenians optimistic about EU future. Total
Slovenia News, 29.02.2020. 4. Vladisavljevic A. Status Revoked: Slovenia’s “Erased”
Recall Long Struggle for Justice. Balkan Insight, 26.02.2021. 5. Biography: Janez Janša – Independence Hero, Former
Prisoner, Veteran Politician, Now Slovenia’s PM for 3rd
Time. STA, 04.03.2020. 6. GDP per capita in PPS. Code: tec00114. Eurostat, 01.12.2020. 7. Slovenia with narrowest gap between minimum and average wages in EU. Total Slovenia News, 23.08.2020. 8. Tourism in Numbers 2019. Ljubljana: I feel Slovenia, 2020. tourism_in_numbers_2019.pdf (slovenia.info) 9. Christ C. This is the World’s Most Sustainable Country.
National Geographic Traveler Magazine, 08.03.2017. 10. Green Destinations | The World’s Top 10 Sustainable
Destinations unveiled at ITB | Announcements 11. In November 2020, tourism in Slovenia at a standst.
MarketScreener, 24.12.2020. 12. Slovenia. Norsk Wikipedia. https://no.wikipedia.org/ wiki/Slovenia
186 JUGOLAND
13. Protest movement calls for moving away from neoliberalism. Total Slovenia News, 09.10.2020. 14. Vladisavljevi A. It’ll be Bloody: Under Jansa, Troubled
Times for Slovenian Media. Balkan Insight, 28.04.2020. 15. Maksuti A. Jansa’s Media War is a Dead End for Slovenia. Balkan Insight 08.12.2020. 16. Public broadcaster warns of escalating attacks on its staff. Total Slovenia News, 21.02.2020. 17. Vladisavljevic A. Slovenia’s Jansa Unplugs From Debate on Media, Alleging Censorship. Balkan Insight, 26.03.2021. 18. Following PM’s tweet, European journalists urge end of media demonisation. Total Slovenia News, 16.10.2020. 19. IPI worried about media freedom in Slovenia. Total Slovenia News, 03.09.2020. 20. Slovenian media pledge not to yield to pressure. Total
Slovenia News, 29.10.2020. 21. Vladisavljevic A. Global Petition Voices Concern
About Academic Freedom in Slovenia. Balkan Insight 10.12.2020. 22. Judah T. Slovenia’s rising Population Belies Demographic Woes. Balkan Insight, 18.06.2020.
KRISTIAN HAGESTAD 187