5 minute read

«Gjennem Montenegro på ski» – Henrik Angell (1861–1922); skipioner og krigar

Ein januardag i 1893 var eit uvanleg følge på veg opp den bratte åssida frå byen Kotor ved kysten av Adriaterhavet. Den vesle gruppa følgde ikkje den flotte, nye vegen med dei mange hårnålssvingane. Heller ikkje gjekk ferda langs den gamle ridevegen. Spreke som dei var, hadde dei valt beinvegen rett opp lia. Fleire i følget var montenegrinarar i tradisjonelle folkedrakter, som bar på reisebagasje. I fremste rekke gjekk ein stram kar som skilte seg ut frå resten av flokken. På hovudet hadde han ei svær skinnlue, på aksla bar han eit par ski. Mannen med skia var nordmannen Henrik Angell; offiser, idrettsmann, eventyrar, forsvarsvenn og kraftpatriot.

Kva var det så som hadde ført nordmannen til denne avkroken av Europa? Bakgrunnen var Angells vonbrott over svak nasjonal entusiasme og forsvarsvilje i heimlandet. Han jakta på ideal som kunne haldast fram for norsk ungdom, som han meinte trengte inspirasjon frå meir heroiske folk, nokon som verkeleg slåst for fridommen sin. Forbildet fann han i det vesle landet Montenegro. Der hadde folket kjempa mot mektige naboar i hundrevis av år. Tyrkarane, som hadde lagt under seg store delar av Balkan, hadde aldri heilt fått makt over montenegrinarane.

Advertisement

Ved toppen av åsen, om lag 1000 meter over Kotor-bukta, møtte

212 JUGOLAND

gruppa snøen. Angell tok skia av skuldrene, spente dei på og fór av garde. Følgesveinane stod med store auge. Slikt hadde dei aldri sett før. Truger var dei vande med å bruke, og skøyter var ikkje ukjent utstyr. Men dette, fjøler som ein kunne springe på snøen med, det var eit aldeles nytt syn! På ferda vidare i Montenegro gjentok overraskinga og begeistringa for skikunsten seg overalt der Angell kom. I hovudstaden Cetinje fekk hoffet nyss om kunstane hans, og prins Nikola I bad nordmannen starte skiundervisning i bakkane utanfor byen. Både sivile og militære stilte opp for å tileigne seg skikunsten. Også kongelege personar møtte fram som læreviljuge elevar. Fyrsten i Cetinje telegraferte til Wien og bestilte fleire ski, og lokale snekkarar forsøkte seg med skiproduksjon. Seinare blei det også sendt ski frå Noreg. Angell sjølv gav vekk skia sine til legen i Nikšić (Niksitsch, som Angel skreiv det), vest i landet. I boka om ferda si – Gjennem Montenegro paa ski – fortel han om møtet med dokteren:

Han blev saa indtagen i skierne, at han fik beholde dem tilslut. For hans praxis var de ogsaa til sine tider uundværlige. Sneen maalte 2⅓ meter paa de fleste steder i selve byen, oppe i enkelte fjelddale var den endnu dybere, dér laa den i maaneder, og trugerne var daarlige at komme sig frem med. Naar nu befolkningen ser doktoren sin komme saa letvindt frem, saa ta’r man vel efter.1

Og folket i Montenegro tok verkeleg etter! Landet har seinare aldri gløymt nordmannen som lærte dei kunsten å gå på ski. I samband med vinterolympiaden i Sarajevo i 1984 sette den montenegrinske organisasjonen for ski-instruktørar opp ein minneplakett utanfor Cetinje, på staden der Angell starta skiskole i 1893. I 1993 blei det vist ei hundreårsutstilling om Angell i same byen. Det året vart det også gjennomført eit skiarrangement med namnet Henrik Angell Ski Cup, noko som i 2011 blei følgt opp med ein Henrik Angell Ski Festival. Nordmannen Roy Andersen, som i 2000 gav ut ein biografi om

KRISTIAN HAGESTAD 213

Angell, fekk erfare kva status landsmannen hans framleis hadde i Montenegro.2 Under arbeidet med boka tok han kontakt med montenegrinske styresmakter. Resultatet vart at han blei invitert som offisiell gjest til landet, hadde lunsj med utanriksministeren, var på fjernsyn og radio og måtte halde foredrag om skihelten. Han fekk høyre soger om Angell, som ennå var levande på folkemunne, og fekk sjå minnesmerke ved fleire alpinanlegg.3

Den norske ambassadøren i Serbia, Montenegro og Makedonia fekk i 2013 også stadfesta at Angell framleis blei hugsa. Da den eine av Angells bøker om Montenegro – «De sorte fjeldes sønner» frå 1896 – blei utgitt på ny i Montenegro, ønskte forlagsredaktøren eit foredrag om mannen som lærte kongane i Serbia og Montenegro å gå på ski. Ønsket blei oppfylt ved eit arrangement i ambassaden i Beograd, der det også blei vist film, og der Serbias fremste vintersportsutøvar, Alexander Milenković, hadde innlegg.4 Går vi atter tilbake til tida rundt det førre hundreårsskiftet, finn vi at Angell etter heimkomst til Noreg gjennomførte landsomfattande foredragsturnéar. Bodskapen hans var at sidan nordmenn var like mykje fjellfolk som montenegrinarane, måtte vi kunne kjempe for fedrelandet like djervt som dei hadde gjort. Tre bøker og alle foredraga om Montenegro gjorde Angell landskjent. Folk gjekk mann av huse for å høyre om det tapre fjellfolket.

Reisa gjennom Montenegro i 1893 skulle ikkje bli Angells siste tur til denne delen av Europa. I samband med dei to Balkan-krigane 1912–13 var han tilbake i området. Under den første krigen skreiv han entusiastiske rapportar til Aftenposten og Berlingske Tidende om korleis montenegrinarar og serbarar jaga ut tyrkarane.

Inntrykk frå den andre krigen, sommaren 1913, fortalte han om i boka «Naar et lidet folk kjæmper for Livet – Serbiske soldaterfortællinger», der han samla heroiske intervju og historier frå slagmarka. Beundringa for dei tapre Serbia-krigarane var nesten grenselaus. I

214 JUGOLAND

forordet heiter det at boka er «skrevet for at vise, hvad et lidet og offervilligt Folk kan udrette, naar det staar samlet til kamp for en national Ide».Tittelen på eitt av dei siste kapitla er– karakteristisk nok– «Hvorledes en serbisk soldat dør».5

Angell fekk mange medaljar og æresbevis for innsatsen sin på ulike frontar. Fire av dei fekk han som takk for innsatsen som skimisjonær og krigsreportar på Balkan. I Montenegro vart han riddar av Ordenen til Danielo I og fekk Krigsmedaljen. I Serbia blei han tildelt Sankt Savas orden av andre klasse og den serbiske militærkrossen.

I Noreg er det to minnesmerke for Angell. Begge blei reiste kort etter han døydde. I heimbygda Luster i Sogn står det ei fem meter høg steinstøtte med bronserelieff og med namnet hogd inn i steinen.6 Nær Holmenkollen restaurant i hovudstaden finst det ein bronsestatue, der det på sokkelen er kopi av signaturen «H. Angell» saman med år for fødsel og død. Spør du tilfeldig forbipasserande kven denne mannen var, er du heldig om nokon kan svare. Vil du vite meir om han, er det betre å ta ein tur til Montenegro.

1. Angell H. Gjennem Montenegro paa ski. Kristiania:

Aschehoug, 1895: s. 90. 2. Andersen R. Henrik Angell: En nordmann på tvers.

Oslo: Aschehoug, 2000. 3. Andersen R. Henrik Angell – en offiser på tvers. Foredrag Oslo Militære Samfund, 05.02.2001. 4. Lustring heidra 120 år etter at han kom til Montenegro.

NRK Sogn og Fjordane, 27.03.2013. 5. Angell H. Naar et lidet folk kjæmper for Livet – Serbiske soldaterfortællinger. Kristiania: Aschehoug, 1914. 6. Kleppa H. Minnestein over Henrik Angell. Leikanger:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Kulturhistorisk leksikon. https://leksikon.fylkesarkivet.no/article/ e4705e96-6626-47b2-a7b6-c0ef07ca1add/

KRISTIAN HAGESTAD 215

This article is from: