![](https://assets.isu.pub/document-structure/210915064705-53f80b655ce376c189893ca9a94c5018/v1/45d3c52908498ae99dde1f378c541ecd.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
11 minute read
Jugoslavar til Noreg for å døy på tyske anlegg
Jugoslavar til Noreg for å døy på tyske anlegg1
Den 14. juni 1942 kom eit tysk skip til Bergen. Om bord var der 893 jugoslaviske fangar med ei lang reise bak seg. I slutten av april hadde dei forlate heimlandet med båt oppover Donau til gjennomgangsleir ved Wien. Derfrå gjekk ferda med tog til den tyske kysten ved Stettin, før dei tok fatt på sjøvegen til Noreg. Og ennå var ikkje reisa slutt. Vel halvparten skulle vidare til Saltdal i Nordland, resten heilt til Karasjok.
Advertisement
Dei 893 fangane som kom til Bergen, utgjorde den første gruppa av vel 4200 jugoslavar som blei sende til Noreg for tvangsarbeid. Dei fleste kom i løpet av tre og ein halv månad sommaren og hausten 1942, dei aller siste i september året etter. Det blei oppretta 27 fangeleirar for jugoslavar her i landet, derav elleve i Nordland og ti i Trøndelag. Den nordlegaste var i Karasjok. Leiren i Beisfjord ved Narvik var den største, bygd til å kunne huse cirka 1500 fangar.
Fangane var dels partisanar, dels sivile personar som var mistenkte for å støtte Titos motstandsrørsle. Tidlegare hadde tyskarane rutinemessig drepe alle partisanfangar, men i mars 1942 gav leiinga for troppane i Søraust-Europa beskjed om at fangar kunne nyttast som arbeidskraft i Tyskland eller okkuperte område. Resultatet blei at jugoslavar som ikkje bar våpen da dei blei tatt, kunne sendast til Noreg, medan partisanar som hadde vore i kamp, framleis skulle avrettast.
216 JUGOLAND
DEI BLODIGE VEGANLEGGA Dei aller fleste jugoslaviske fangane som kom hit til landet, blei sette inn i vegarbeid. Tyskarane hadde store planar for utbygging av vegsamband og annan infrastruktur i det nordafjelske Noreg. Den tyske hæren – Wehrmacht – ønskte særleg betre standard på riksveg 50 (i dag E6) med fjerning av ferjestrekningar og generell oppgradering av kvaliteten. Statens vegvesen fekk beskjed om å stoppe anna vegutbygging til fordel for dei prosjekta Rikskommissariatet ville ha gjennomført. Høg prioritet fekk anlegga i Korgen sør for Mo i Rana, i Saltdal sør for Fauske, omkring Beisfjorden søraust for Narvik samt vegen frå Karasjok til finskegrensa. Tyskarane kom med «tilbod» til leiinga av Vegvesenet om bruk av fangar på anlegga. Etter litt nøling blei dette godtatt, og bygging av fangeleirar starta vinteren 1941–42.
Rikskommissær Terboven gav ansvaret for leirane og tryggleiken der til den nazistiske elitestyrken SS. Deira regime i leirane var ekstremt brutalt. Fangane hadde ikkje status som krigsfangar etter Genève-konvensjonane, fordi dei ikkje hadde bore uniform da dei ble tatt til fange. SS-folka såg på fangane som partisanar, som hadde drepe tyske soldatar og som nå var komne til Noreg for å jobbe og for å utryddast.2 Fangane fekk små dagsrasjonar med elendig mat. Arbeidsdagane var lange, og kleda var ikkje eigna for haust- og vinterbruk. Brakkene var primitive, sanitærforholda elendige og helsetilbodet fråverande. Mishandling var utbreidd med slag, spark, steinkasting, støyt med geværkolbe, stikk med bajonett og regelrette drap.3 I perioden frå juni 1942 til mars 1943 døydde heile 73 prosent av fangane av svolt, sjukdom, ulykker og drap. Dei verste hendingane fann stad i juli 1942. I Beisfjord-leiren blei mange fangar sjuke. Legar meinte det kunne vere flekktyfus. Problemet blei forsøkt «løyst» ved at 287 sjuke fangar blei skotne i løpet av ei natt. Dei neste fem vekene døydde ytterlegare 242 men-
KRISTIAN HAGESTAD 217
neske, enten ved skyting eller av sjukdom. Same månaden hadde to fangar på flukt drepe ein tysk vaktmann i Korgen. Som represalie drap SS-folka kvar tiande fange i Korgen-leiren og kvar tjuande i naboleiren Osen; til saman 60 personar.
Frå mars 1943 blei ansvaret for leirane overført frå SS til Wehrmacht. Etter dette blei forholda gradvis betre. Fangane fekk framleis ikkje status som krigsfangar, men skulle i større grad behandlast som om dei var det. Sjuke fangar blei etter kvart sende sørover til sjukeleir. Den internasjonale raudekrossen pressa på for å få inspisere leirane. Etter kvart sende den også kartongar med mat og sigarettar.
Av alle dei jugoslaviske fangane som kom til Noreg 1942–43, døydde 58 prosent i løpet av krigen. Ved freden i 1945 var i overkant av 1600 fangar frå Jugoslavia att her i landet. Mange av dei blei samla i ein leir på Melhus sør for Trondheim, inntil dei drog attende til heimlandet på ettersommaren og hausten 1945.
MØTE MED NORDMENN Under opphaldet i Noreg møtte dei jugoslaviske fangane tre svært ulike grupper av den norske befolkninga; norske fangevaktarar, personell frå Statens vegvesen og lokalbefolkninga.
Det var minst 400 norske fangevaktarar i leirane. Frå først av bestod vaktstyrken, som bar namnet Hirdvaktbataljonen, mest av hirdfolk eller ordinære NS-medlemmer. Dei yngste medlemmene var berre 16 år gamle. Etter kvart kom det inn «vanlege folk», verva gjennom avisannonsar, og namnet på styrken blei endra til Norsk vaktbataljon. Særleg i den første puljen fanst det nordmenn som deltok i mishandling og drap.4,5 Minst 50 fangar ble skotne av norske vaktarar. Etter krigen blei nesten 50 av vaktarane dømde for brottsverk mot fangar. Aage Sjødal, ein norsk hirdvaktar i Osenleiren, skreiv i eit brev til hirdsjef Oliver Møystad i november 1942:
218 JUGOLAND
«Jeg fikk ordre om å jage og plage dem, for disse skulle helst daua, sa tyskerne.» Når det gjeld Statens vegvesen, finst det ikkje informasjon om at leiinga protesterte mot å bruke fangar som arbeidskraft. Vegvesenet sjølv bidrog på anleggsstadene med leiande personell som ingeniørar, oppsynsmenn og formenn, men også med ordinære arbeidarar. Dei hadde ikkje ansvar for jugoslavane, men skulle gi opplæring. Etter krigen var det liten eller ingen offentleg debatt om samarbeidet mellom Vegvesenet og okkupasjonsmakta. Først i 2014 kom det to publikasjonar som tok opp temaet; ei masteravhandling om emnet6 og to kapittel i ei bok om historia til Statens vegvesen 1912–60.7 Blant fangane sjølve fekk Vegvesenet ikkje noko dårleg ettermæle. Dei har fortalt at nordmennene hjelpte så godt dei kunne, men stod utan maktmiddel når fangar blei mishandla eller skotne. Nokre av dei lokale formennene og ingeniørane skal ha klaga til SS, men til inga nytte.
Dei minna og inntrykka om nordmenn som verkeleg sat spikra i sinnet til fangar som overlevde dei harde åra i Noreg, var knytte til kvardagsheltar blant vanlege norske borgarar. Det dreia seg om Ola og Kari, som såg at her var det medmenneske som trengte hjelp, og som tok konsekvensen av det dei såg. Den brutale behandlinga som fangane blei utsette for av både tyskarar og norske vaktarar, utløyste brei sympati og aktiv støtte frå befolkninga rundt leirane. Mange jugoslavar knytte band til nordmenn, trass i den faren det innebar. Fangar fekk mat, klede og medisinar smugla inn i leiren. Pakker med mat blei gjerne plasserte på arbeidsstadene eller langs den vegen jugoslavane følgde til og frå arbeid. Informasjon blei formidla med mimikk og teiknspråk. Fangar som prøvde å rømme, fekk ofte hjelp av nordmenn, som gøymde dei vekk og la til rettes for vidare flukt. Fleire av rømlingane blei følgde til grensa av lokal los.8 Enkelte nordmenn blei sjølve fengsla og fekk betale ein høg pris for den
KRISTIAN HAGESTAD 219
«Mamma Karasjok» – Kirsten Svineng – på sine eldre dagar. (Foto: Henrik Ørsted / fotoarkivet Troms og Finnmark fylkesbibliotek)
220 JUGOLAND
hjelpa dei hadde gitt. Som takk for innsatsen og den risikoen dei tok, blei om lag 90 hjelparar etter krigen tildelte Titos orden av det jugoslaviske flagget med sølvstjerne.
Forfattaren Per Hansson (1922–88) skreiv bok om den vesle samiske kvinna Kirsten Svineng (1891–1980), som av jugoslaviske krigsfangar fekk kallenamnet Mamma Karasjok. Ho hjelpte fangar som var på rømmen med mat og husly. I 1957 blei ho invitert til Jugoslavia av «Forbundet for fridomskjemparar» der i landet. Hansson fortel om hennar møte med gamle kjenningar i Beograd: «En yngre mann løp mot Kirsten og omfavnet henne. Tårene strømmet fra øynene hans da han sa: ‘Mamma, mamma, jeg hadde mine vanskeligste dager i Karasjok, men jeg så deg gråte da de pisket meg, og dine tårer lindret min smerte.’»9
Da Tito gjesta Oslo i 1965, blei Svineng invitert til hovudstaden. Dei to møtte kvarandre under ei mottaking som den jugoslaviske ambassaden heldt på Grand. Ifølge Hansson uttalte Tito at det jugoslaviske folket aldri ville gløyme henne. Til det svarte ho at Jugoslavia alltid blei nemnd i kveldsbøna hennar.10
FILMEN OM «BLODVEIEN» Ei strekning av dagens E6 på austsida av Saltdalsfjorden, eit par mil sør for Fauske, går framleis under namnet «Blodveien». Ei konkret hending i 1943 skal ligge bak denne nemninga. Etter eit fluktforsøk blei ein fange frå Botn-leiren skoten av ein tysk vaktpost. Med blod frå den døde kroppen teikna bror til den drepne ein kross på bergveggen i ei fjellskjering.11
Ti år etter krigen blei ordet «Blodveien» (serbo-kroatisk «Kravi put», engelsk «The Blood Road») internasjonalt kjent gjennom eit norsk-jugoslavisk filmprosjekt. Opptakten til filmen gjekk tilbake til 1948, da forfattaren og journalisten Sigurd Evensmo (1912–78) besøkte Jugoslavia. Under vitjing på eit veganlegg blei han helst på
KRISTIAN HAGESTAD 221
norsk-svensk av ein ung montenegrinar: «Hei – hei! Jag heter Milenko, och jag skal följa Er.» Mannen sitt fulle namn var Milenko Milović. Som sekstenåring hadde han slutta seg til Titos partisanar. I 1942 blei han arrestert og hamna etter kvart som fange i Korgen-leiren i Nordland. I august 1943 klarte han og ein medfange etter ei fantastisk flukt å komme seg til Sverige, der han blei verande til krigen var over. Etter heimkomsten heldt Evensmo kontakt med Milović, og i 1950 kom montenegrinaren til Noreg. Saman drog dei to til Korgen, såg på det som var att av fangeleiren, følgde delar av fluktruta hans og trefte nordmenn som hadde hjelpt han med skjulestad, mat og skyss.12 Etter kvart kom idéen opp om ein film basert på soga til Milović. Evensmo skreiv manuset «Blodveien» og fekk ein avtale med Norsk Film, som inngjekk samarbeid med Avala Film i Jugoslavia. Opptaka starta i 1954 i Noreg og heldt fram i Beograd. Filmen blei ein kjempesuksess. I Noreg blei den sett av 300 000 menneske, i Jugoslavia av eit mangedobbelt, men ukjent tal. Tito, som var sterkt filminteressert, tykte vel om «Blodveien». Da Evensmo sommaren 1955 besøkte ein utandørs filmfestival i byen Pula, dukka Tito og kona Jovanka uventa opp og ville treffe manusforfattaren.13
«Blodveien» blei av Jugoslavia påmeldt til filmfestivalen i Cannes i 1955. Men etter diskret press frå Vest-Tyskland vedtok festivalkomiteen at filmen ikkje skulle settast opp. Den formelle grunngivinga var eit punkt i statuttane om at det ikkje skulle visast filmar som kunne såre dei nasjonale kjenslene til eit anna land. Ein protest frå Jugoslavia og Norsk Film A/S førte ikkje fram. Evensmo kommenterte seinare denne opplevinga slik: «Plutselig slo et gufs av velkjent kulde inn i denne min beskyttede lille verden, og gufset kom fra den store ‘frie verden’ i vest.»13
Honoraret Evensmo fekk for manuset til «Blodveien», blei utbetalt i jugoslaviske dinarar. Pengane blei brukte til eit opphald i Ju-
222 JUGOLAND
goslavia på åtte månader frå april 1955, saman med kona Randi og barna. Resultatet blei ei hjartevarm bok om landet, som framleis er høgst lesverdig.14
Saltdal kommune har aktivt tatt vare på minna om «Blodveien» og andre veganlegg med austeuropeiske fangar i Nordland i åra 1942–45. På Blodveien-museet, som er ein del av museumstunet i Saltdal, er det sett opp ei tyskarbrakke frå Dunderlandsdalen. Der blir historia vist ved hjelp av gjenstandar, modellar, bilde og tekst. Ein kilometer nord for museet finst det framleis ein raud kross nær den gamle riksvegen. I juni 2017 blei 75-årsminnet for ankomsten av dei første jugoslaviske fangane markert i involverte kommunar i Nordland. I Saltdal la kong Harald ned krans på den jugoslaviske krigskyrkjegarden i Botn. Det blei også avduka skilttavler, som fortel historia om «Blodveien»; seks i Korgen, tre i Beisfjord og éi ved Fauske.15
1. Der anna kjelde ikkje er nemnt, er faktagrunnlaget for dette kapittelet – etter avtale med Michael Stokke – henta frå: Stokke M. Jugoslaviske fanger i Norge 1942–1945 – Fra SS-regime til Wehrmacht-regime.
Manus til avhandling for graden philosophiae doctor.
Tromsø: UiT, Norges arktiske universitet, 2021. 2. Hatlehol G. «Norwegeneinsatz» 1940–1945. Organisation Todts arbeidere i Norge og gradene av tvang. Doktorgradsavhandling 2015:17. Trondheim: NTNU, 2015. 3. Storteig O. Krigsfangenes historie – Blodveien i Saltdal.
Bodø: Saltdal kommune, 1997: s. 8–12, 16–17. 4. Christie N. Fangevoktere i konsentrasjonsleire. En sosiologisk undersøkelse av norske fangevoktere i «serberleirene» i Nord-Norge i 1942–43. Oslo: Pax, 1972. 5. Styrvold S B. «Heil og Sæl. Jeg er utdannet morder!»:
Den norske SS vaktbataljon 1942–45. Masteroppgave i historie. Oslo: UiO, 2009. 6. Fagerbakk A. Uante muligheter og blodige veier. Vegvesenets samarbeid med tyske myndigheter i byggingen av Rv 50 gjennom Nord-Norge. Masteroppgave i historie. Trondheim: NTNU, 2014. 7. Nygaard P. Store drømmer og harde realiteter – Veibygging og biltrafikk i Norge, 1912–1960. Oslo: Pax, 2014. 8. Storteig O. Krigsfangenes historie – Blodveien i Saltdal.
Bodø: Saltdal kommune, 1997: s. 13–15.
KRISTIAN HAGESTAD 223
9. Hansson P. Mamma Karasjok. Oslo: Gyldendal, 1970: s. 231. 10. IBID: s. 248. 11. Storteig O. Krigsfangenes historie – Blodveien i Saltdal.
Bodø: Saltdal kommune, 1997: s 16. 12. Evensmo S. Ut i kulda. Oslo: Gyldendal 1978: s. 96–97, 153–61. 13. IBID: s. 236–39, 243–48, 251–53. 14. Evensmo S. Østenfor Vest og vestenfor Øst. Jugoslavia under Tito. Oslo: Gyldendal, 1956. 15. Nettsida til Vennskapssambandet Norge – Vest-Balkan. http://njsamband.ipage.no/aktuelt/
224 JUGOLAND