5 minute read

Fotball – nasjonsbyggar og sprengkraft

Fotball er ikkje berre eit spørsmål om liv og død. Fotballen er langt viktigare enn som så.

Bill Shankly, britiske fotball-legende1

Advertisement

To fotballkampar – med ti års mellomrom – har ein sentral plass i soga om oppløysinga av Jugoslavia.2 Den første fann stad 4. mai 1980 i Split i Kroatia. Heimelaget Hadjuk møtte klubben Raude stjerne frå Beograd i Serbia til toppoppgjer i den jugoslaviske eliteserien. Brått vart kampen avbroten. Over høgtalaren blei det kunngjort at Tito var død. Spelarar, publikum og kommentator på fjernsynet brast i gråt. Så samla dei 50000 på tribunen seg i hyllestsongen til landsfaderen: «Kamerat Tito, vi sver til deg, frå vegen din vil vi aldri vike.»

Også den 13. mai 1990 skulle Raude stjerne spele bortekamp mot eit kroatisk storlag. Nå var motstandaren Zagreb-laget Dynamo. Kort før hadde det nasjonalistiske partiet HDZ vunne valet i Kroatia. Supportarklubben til Raude stjerne bar namnet Delije («dei djerve») og var leia av Željko Ražnatović (1952–2000), betre kjent under tilnamnet Arkan, ein yrkeskriminell mafiaboss og tsjetnik. Få månader seinare skulle han etablere ein privat paramilitær styrke, rekruttert bl.a. frå medlemmer av Delije. Hæren hans med tilnamnet «Tigrane» blei berykta for sine brutale aksjonar under krigane

KRISTIAN HAGESTAD 201

i Kroatia, Bosnia-Hercegovina og Kosovo. Alt før kampen tok til, var det samanstøytar i byen mellom tilhengarar av dei to klubbane. Under kampen heldt gruppene fram med provoserande utfall mot kvarandre. Det starta med slagord og songar, snart etter var slåssinga i gang på tribunane. Neste steg blei å storme banen. Politiet forsøkte utan hell å få situasjonen under kontroll. Dynamo-kaptein Bohan blei «match-vinnar» og nasjonalhelt etter eit velretta spark som felte ein politimann som ville gripe ein av dei lokale supportarane.

I ettertid er det utvikla ein myte om at Bobans spark sparka i gang krigane som oppløyste Jugoslavia. Eit monument utanfor Maksimir stadion bygger opp under den med følgande tekst: «Til alle dei Dynamo-fans som 13. mai 1990 fekk sitt første møte med krigen, og som gjekk ut av den ved å ofre livet sitt på altaret for det kroatiske fedrelandet.» I realiteten blei sesongen fullført i jugoslavisk eliteserie 1991–92, sjølv om landet var på veg inn i væpna konfliktar.

Dei to dramatiske fotballkampane i 1980 og -90 illustrerer skremmande godt det potensialet fotballen hadde i Jugoslavia – og framleis har i dei eks-Jugoslaviske landa – for bygging av samhald og patriotisme, men også for skaping av konflikt, vald og splitting. Dei er slåande eksempel på sanninga i Richard Mills utsegn i boka «The Politics of Football in Yoguslavia», at fotballsporten kan brukast som lupe for å observere og forstå historia til Jugoslavia.3

Allereie i det jugoslaviske kongeriket i mellomkrigstida fekk fotball posisjon som favorittsport for folk flest. Kommunistpartiet, som var bannlyst av styresmaktene, var aktivt i fotballmiljøet. Det infiltrerte klubbleiingar, fekk etablert nye klubbar og rekrutterte spelarar til illegale aktivitetar. Under andre verdskrig var fotball den mest populære fritidsaktiviteten i dei frigjorte områda. Etter krigen blei fotball brukt som verktøy for statsbygging og promotering av det nye Jugoslavia både i eige land og internasjonalt. Viktige klubbar fekk namn med revolusjonær klang, som Raude stjerne,

202 JUGOLAND

Partizan, Hajduk («geriljakrigar») og Dynamo. Som ledd i jugoslavisk solidaritetsarbeid sendte landet fotballtrenarar til u-land.

Det jugoslaviske fotball-landslaget vart kjent for dyktig angrepsspel og blei kalla «Europas brasilianarar». Laget tok sølvmedalje i dei tre første olympiske leikane etter krigen (1948, -52 og -56) og krona det heile med gull i Roma-OL i 1960. I europameisterskapet blei det sølv i 1960 og -68. Men da Jugoslavia sjølv var EM-arrangør i 1976, blei resultatet eit nasjonalt vonbrott. Laget rauk ut i semifinalen etter ekstraomgangar mot Vest-Tyskland.

Enda meir traumatisk blei fotball-EM i 1992. Jugoslavia hadde atter kvalifisert seg til sluttspel. Laget kom til arrangørlandet Sverige i god tid. Så fekk dei sjokket. Laget blei «slått ut» før spelet var komme i gang. Grunnen var ikkje sportsleg, men storpolitisk. Den politiske og militære utviklinga i Jugoslavia hadde fått tryggingsrådet i FN til å vedta vide sanksjonar mot Jugoslavia, derunder forbod mot deltaking i internasjonale sportsarrangement.4 Danmark, som var nummer to i den kvalifiseringsgruppa Jugoslavia hadde vunne, overtok plassen i sluttspelet, og mot alle odds blei danskane europameistrar. Det jugoslaviske laget måtte følge kampane på fjernsyn. Det var plassert langt unna fotballarenaen, da den svenske tryggingstenesta Säpo frykta aksjonar frå eksilkroatiske grupper med tilknyting til Ustasja.

For nye land som kom til da Jugoslavia gjekk i oppløysing, var etablering av ein nasjonal fotball-liga, landslag og internasjonale turneringar prioriterte oppgåver som ledd i nasjonsbygging og stimulering av nasjonal patriotisme. Kroatias overraskande sølvmedalje i fotball-VM i 2018 utløyste ei kraftig nasjonalistisk oppblomstring. Ustasja-songar og -slagord dukka opp både på tribunane i Russland og ved feiringa i heimlandet.

Hatretorikk med brodd mot minoritetar og hylling av tvilsame historiske heltebilde er vanleg blant supportarar til fotballklubbar,

KRISTIAN HAGESTAD 203

særleg i Kroatia og Serbia. Slagord som «Fuck serbiske kvinner og barn» og «Drep serbarar» kan høyrast på kroatiske fotballtribunar, gjerne kombinert med Ustasja-symbol. I Serbia kan ein oppleve hylling av krigsforbrytardømde Mladićog slagord som «Kniv, piggtråd, Srebrenica!»5 Hooligans som er blitt fengsla for grov og uprovosert vald, blir sett på som samvitsfangar i supportarmiljøet. I 2019 plasserte fotballaget Raude stjerne ei sovjetiskprodusert T-55-stridsvogn utanfor heimebanen i Beograd. Ei avis hevda at vogna kunne knytast til kampane om Vukovar i Kroatia i 1991.6

På 1990-talet blei fotballen inkludert i utviklinga av det albanske parallellsamfunnet i den serbiske provinsen Kosovo. Alt i 1993 vart det spelt vennskaps-«landskamp» mot Albania. Da Kosovo hadde erklært seg sjølvstendig i 2008, søkte landet medlemskap i dei internasjonale fotballorganisasjonane UEFA og FIFA. I første omgang blei det avslag, men i 2016 vart Kosovo – mot sterke serbiske protestar – tatt opp som fullverdig medlem i den globale fotballfamilien. Den heiderlege innsatsen landslaget viste under kvalifiseringskampane til fotball-EM i 2020, var kjærkomne lysglimt i den grå Kosovo-kvardagen.

Som omtalt i neste kapittel er fotballarenaen også tatt i bruk for promotering av idéen om eit stor-Albania. Både i Beograd i 2014 og i Skopje i 2017 blei flagg med den svarte, albanske ørna og kart over «stor-Albania» ført inn over fotballstadion med drone.

Shanklys ord ser ut til å vere minst like gyldige på Vest-Balkan som i Storbritannia.

204 JUGOLAND

1. The wit and wisdom of Bill Shankly. Daily Mirror 02.09.2010. 2. Taraku S. Krig, fred og fotball. Klassekampen, 21.06.2018: s. 14–15. 3. Mills R. The Politics of Football in Yugoslavia. London:

I.B.Tauris, 2018. 4. Axboe Nielsen C. Vi troede ikke, det kunne ske her.

København: Kristeligt Dagblads Forlag, 2018: s. 9. 5. Vladisavljevic A, Jeremic I. Croatian and Serbian Hooligans: Football Foes Share Love of Hate. Balkan Insight, 19.06.2020. 6. Stojanovic M. Serbian Club Parks Tank Outside Stadium, Sparking Controversy. Balkan Insight, 27.08.2019.

KRISTIAN HAGESTAD 205

This article is from: