
5 minute read
Jugoslavia – eit særtilfelle i norsk utanrikspolitikk Jugoslavia og norsk arbeidarrørsle –
Jugoslavia – eit særtilfelle i norsk utanrikspolitikk
Dei aller første åra etter andre verdskrigen var det lite politisk kontakt mellom Noreg og Jugoslavia. Men dette endra seg raskt etter brottet mellom Stalin og Tito i 1948. I 1950 bidrog Noreg til ei vestleg økonomisk støttepakke for Jugoslavia. Det blei startskott for utvikling av ein nær og særeigen politisk relasjon mellom eit demokratisk NATO-land i Norden og ein kommunistisk føderalstat på Balkan. Samarbeidet på tvers av internasjonal blokktenking varte heilt fram mot slutten av 1980-talet. Noreg hadde aldri tilsvarande kontakt med noko anna austeuropeisk land under den kalde krigen.1
Advertisement
Årsaka til den spesielle norsk-jugoslaviske relasjonen er samansett. Soga om fangane som var i Noreg under krigen, hadde gitt landet vårt ein spesiell status i den jugoslaviske befolkninga. Da dei andre kommunistiske statane støytte Jugoslavia ut i kulda, og landet måtte søke nærare kontakt med Vesten, var det derfor nærliggande å satse på Noreg. Den restriktive norske base- og atompolitikken kan også ha spelt ei rolle. Dei to landa hadde dessutan erfart at dei ofte hadde samanfallande interesser og synspunkt i FN-systemet.
I Noreg fatta Arbeidarpartiet (Ap) tidleg interesse for element i det politiske systemet i Jugoslavia. Frå landskontoret til det norske styringspartiet var vegen kort til dei som utforma den norske utanrikspolitikken i Utanriksdepartementet. Samarbeidet med Jugosla-
KRISTIAN HAGESTAD 225
via utløyste ikkje nemneverdig politisk motstand på heimebane. Etter brottet mellom Stalin og Tito hadde Jugoslavias kamp for å overleve under blokaden frå aust-blokken og jugoslavane si utvikling av ein «tredje veg» i utanrikspolitikken skapt sympati og velvilje i breie politiske krinsar her i landet.
Noreg hadde eit generelt ønske om å bidra til avspenning, svekking av fiendebilde, fremjing av demokratiske ideal og styrking av mellommenneskelege relasjonar. Kontakten med Jugoslavia blei sett på som eit middel for å stimulere prosessar for demokratisering i landet. Norske representantar opplevde at dei kunne ha openhjartige samtalar med jugoslavane på ein heilt annan måte enn det dei hadde erfart i andre kommunistiske land. I memoarane sine skreiv Einar Gerhardsen (1897–1987) at det offisielle besøket i Jugoslavia i 1958 var ei rik oppleving: «Det var som om vi ble personlige venner med dem alle. (…) På mange punkter var vi enige. Der vi hadde ulikt syn, begrenset vi oss til å grunngi våre synspunkter.»2
Eitt ledd i Noregs politikk overfor Jugoslavia var å støtte opp under den økonomiske utviklinga i landet og legge til rette for handel mellom dei to statane, sjølv om dette frå norsk side sett ikkje var spesielt lønsamt. Den norske handelen med Jugoslavia var meir prega av politiske enn av økonomiske interesser.3 Eit anna tiltak var å legge til rette for turisme til Jugoslavia. På 1970-talet var Noreg det skandinaviske landet som sende flest turistar til landet, ca. 20 000 årleg. I 1980-åra var talet stege til 35–40 000.
Da eg i 1967 drog på min første tur til Jugoslavia, kunne eg glede meg over at visumplikta for personar frå dei nordiske landa var oppheva tre år tidlegare. På førehand hadde eg fått «gode råd» om å vere førebudd på nitid grensekontroll ved innreise til eit kommunistisk land. I staden opplevde eg at når det raude Noreg-passet blei tatt fram, trong eg knapt opne det.
226 JUGOLAND
Regjeringsskiftet i Noreg i 1965, da landet etter tjue år med nesten uavbrote Ap-styre fekk borgarleg regjering, førte ikkje til nokon nedgang i kontaktane mellom dei to statane. Tvert om, relasjonen blei heller tettare. Leiinga i Utanriksdepartementet ønskte å nytte Jugoslavias uavhengige stilling både til å få formidla synspunkt frå Noreg og Vesten vidare til austblokken, og til sjølv å få informasjon om situasjonen i den kommunistiske delen av Europa.3
Sommaren 1965 kom Tito på statsbesøk til Noreg og fekk audiens hos kong Olav (1903–91). Året etter reiste kongen til Jugoslavia, det einaste austeuropeiske landet han offisielt besøkte som monark. Den gode relasjonen mellom dei to landa kom tydeleg fram da Tito blei tildelt St. Olavs Orden. Kongen såg etter kvart på Tito ikkje berre som ein stor statsmann, men også som ein personleg venn.
Utanriksminister John Lyng (1905–78) frå Høgre besøkte Jugoslavia saman med kongen i 1966. Lyng møtte bl.a. Tito og skreiv seinare i memoarane sine: «Titos interesse for utenrikspolitikk var åpenbar, og han var nesten forbausende godt orientert. På dette område var hans vurderinger preget av klok moderasjon, jeg er nesten fristet til å si virkelig visdom.»4 Statsminister Per Borten (1913–2005) vitja Jugoslavia hausten 1967. Som senterpartimann hadde han stor sans for den jugoslaviske desentraliseringspolitikken.
Det norsk-jugoslaviske samarbeidet blei intensivert etter Sovjets invasjon i Tsjekkoslovakia i 1968. Styresmaktene i dei to landa ville vise at statar med ulike styresett kunne leve og samarbeide fredeleg i lag. Som ei understreking av dette besøkte forsvarsminister Otto Grieg Tidemand (1921–2006) Jugoslavia i 1969. Da Tito døydde i mai 1980, deltok både kong Olav og statsminister Odvar Nordli (1927–2018) i gravferda. Som symbol på det spesielle forholdet mellom dei to landa blei Titos St. Olavs Orden overført til det jugoslaviske folket. Elles tilseier rutinen at ordenen skal leverast tilbake når mottakaren er død.
KRISTIAN HAGESTAD 227
Frå 1981 av blei den politiske kontakten mellom Noreg og Jugoslavia trappa ned. Éin grunn var nok at jugoslavane måtte kutte i reiseverksemd av økonomiske årsaker. I tillegg kom at landet hadde mista den internasjonale prestisjen som var knytt til personen Tito, og at Tito sjølv hadde vore pådrivar for samarbeid med Noreg. Da statsminister Gro Harlem Brundtland og forsvarsminister Thorvald Stoltenberg var i Beograd i 1981, kom det lite ut av møta.5
Det tradisjonelt gode forholdet mellom dei to landa gjorde at norske styresmakter fekk eit dilemma i fanget da Amnesty International og norsk presse i 1985 retta kritisk søkelys mot Jugoslavia for aukande menneskerettsbrott. På eit møte med den jugoslaviske ambassadøren understreka den norske utanriksråden at Noreg såg på Jugoslavia som modell for eit genuint alliansefritt land og som representant for sosialisme med menneskeleg ansikt; derfor håpte vi at Jugoslavia ville unngå tiltak som kunne gi grunnlag for kritikk. Men offisielt kom det ingen kommentar frå norsk side til den interne situasjonen i Jugoslavia.6
Få år seinare starta oppløysinga av Jugoslavia. Det kan verke paradoksalt at Noreg – landet som i fire tiår hadde hatt tette politiske band til den jugoslaviske føderalstaten – var blant dei nasjonane som raskt anerkjente dei nye statane etter kvart som dei braut ut av føderasjonen; frå Slovenia og Kroatia i januar 1992 til Kosovo i 2008.
1 Eriksen K E, Pharo H. Kald Krig og internasjonalisering.
Norsk utenrikspolitisk historie bind 5. Oslo: Universitetsforlaget, 1997: s. 223–24. 2 Gerhardsen E. I medgang og motgang. Erindringer 1955–65. Oslo: Tiden, 1972: s. 320–25. 3 Moen R.: Østenfor vest og Vestenfor øst: Jugoslavia i norsk utenrikspolitikk 1945–1965. Hovedoppgave i historie. Oslo: UiO, 1997: s 157–58. 4 Lyng J. Mellom Øst og Vest, erindringer 1965–1968.
Oslo: Cappelen, 1976: s. 130–35. 5 Bjørnland LH. Norsk-jugoslaviske forhold 1965–86 – Utvikling og stagnasjon. Masteroppgave i historie.
Oslo: UiO, 2015: s. 93–94. 6 IBID: s. 95–98.
228 JUGOLAND