5 minute read

Draumen om stor-Albania

Det etniske lappeteppet på Balkan går på kryss og tvers av landegrenser. Ønske om samanfall mellom landkart og etniske grupperingar har gjennom tidene utløyst mange tvistar, frå ordkrigar til væpna konfliktar, etniske utreinskingar og massakrar. Krigane i det tidlegare Jugoslavia på 1990-talet innebar slutten for idéane til Slobodan Milošević og Franjo Tuđman om respektive stor-Serbia og -Kroatia. Derimot har draumen om eit stor-Albania levd vidare. Idéen om eit albansk storrike blei lansert på 1800-talet, men har hittil berre vore realisert under den tyske og italienske okkupasjonen på Balkan i andre verdskrig.

Det bur albanarar i mange land på Balkan. I Albania, som aldri var del av Jugoslavia, er 83 prosent av befolkninga etniske albanarar, og nesten 99 prosent har albansk som morsmål.Blant landa frå det tidlegare Jugoslavia står Kosovo i ei særstilling; der er nå ca. 93 prosent av innbyggarane albanarar. Nord-Makedonia har ein stor albansk minoritet, offisielt tal er 25 prosent, og i nordvestre delar av landet er albanarane i fleirtal. Prosenttalet for albanarar i Montenegro er fem.Talet i Serbia er usikkert grunna albansk boikott under folketeljinga i 2011, anslagsvis er det om lag éin prosent.1

Advertisement

I oktober 2014 møttest fotball-landslaga frå Albania og Serbia i Beograd til kvalifiseringsspel for europameisterskapen. Under kampen kom ei drone inn over stadion. Den førte med seg eit banner med kart over stor-Albania, pryda med den svarte albanske

206 JUGOLAND

ørna. I tillegg til Albania omfatta kartet Kosovo, halve Montenegro, halve Makedonia, samt delar av Serbia og Hellas. Da ein serbisk spelar reiv til seg flagget, blei han angripen av albanske motstandarar, dermed var slåssinga i gang. Kampen måtte avsluttast før første omgang var ferdigspelt.2

På stadion i Beograd sat Olsi Rama, bror til den albanske statsministeren, på tribunen under dronestuntet. I Serbia er det ei utbreidd oppfatning at han var hjernen bak provokasjonen.3 Ved tilbakekomst til heimlandet blei Albanias lag feira som heltar og «sigerherrar» av mange tusen menneske. Statsminister Edi Rama sa han var stolt over at dei vann fotballkrigen.4

Albania har aldri tatt avstand frå eller beklaga episoden i Beograd. Tvert om, nokre veker etter sendte den albanske historikaren og politikaren Koco Danaj brev til regjeringane i Montenegro, Serbia, Hellas og Makedonia med oppfordring om å gi opp delar av territoria sine, slik at albanarane kunne sameinast.5

Få dagar etter at Danaj kom med sitt utspel, besøkte statsminister Rami sin serbiske kollega Alexandar Vučić, som i etterkant lakonisk konstaterte at det ikkje var noko lett møte.6 Frå Beograd drog Rama på privatbesøk til Preševo-dalen i Sør-Serbia, eit kjerneområde for den albanske minoriteten i landet, der han blei møtt med helsinga «Velkommen, statsminister».7 Rama la heimvegen gjennom Kosovo, der han helste på folk som bar kart over stor-Albania.8 I januar året etter følgde Rami opp med eit kjempebilde av stor-Albania-kartet på veggen til villaen sin i hovudstaden Tirana.9

Også seinare har sentrale politikarar i Albania og Kosovo komme med utsegner om einskap mellom dei to landa, gjerne supplert av albanske lokalpolitikarar i Sør-Serbia som understrekar at dei også vil høyre til fellesskapet. Dersom serbiske styresmakter protesterer mot det dei oppfattar som panalbansk propaganda, kjem det som

KRISTIAN HAGESTAD 207

regel tilsvar frå Tirana om at serbarane har misforstått, at refererte utsegner er tatt ut av sin samanheng og at idéen om stor-Albania er ei myte som lever vidare i ein serbisk maredraum.

I april 2017 fann det stad eit tilsvarande dronestunt, tydeleg inspirert av hendinga i Beograd i 2014.10 Denne gongen skjedde det under ein fotballkamp på stadion i Skopje, hovudstaden i det som nå heiter Nord-Makedonia. Begge laga høyrde heime i Skopje, men klubben til det eine er dominert av den albanske minoriteten. Droneepisoden i Skopje avspegla spenninga mellom dei makedonske albanarane og majoritetsbefolkninga av slaviske makedonarar, som sidan sekelskiftet fleire gonger har ført landet til randa av borgarkrig.

I 2015 gjekk politiet i Makedonia til aksjon i byen Kumanovo nord i landet mot det som skulle vere albanske terroristar frå Kosovo, Albania og Nord-Makedonia. Ein av dei som slapp unna, uttalte at dei ønskte seg ein albansk stat. Ved rettsoppgjeret to år seinare ropte dei tiltalte slagord for stor-Albania og UÇK-hæren.11

Ei undersøking frå Gallup Balkan Monitor i 2010 viste stor støtte til tanken om eit stor-Albania. Tilslutninga blant albanarar var 63 prosent i Albania, 81 prosent i Kosovo og 53 prosent i Makedonia.12 Albin Kurti, som blei statsminister i Kosovo etter braksiger ved valet i 2021, har støtta tanken om innlemming i Albania. Men internasjonalt får draumen om stor-Albania lita eller inga tilslutning. Tvert om er det både frå EU, USA og ikkje minst Russland uttrykt sterk bekymring over slike tankar. Da den serbiske utanriksministeren besøkte tyske Bundestag i mars 2021, fann han det like fullt nødvendig å åtvare mot samordna aktivitetar frå Albania og Kosovo for å fremje den stor-albanske idéen, noko han såg på som ein trussel mot stabiliteten i heile regionen.13

208 JUGOLAND

1. 2020 CIA WORLD FACTBOOK. 2. Ames N, Ibrul S. Serbia v Albania abandoned after players and fans brawl on pitch. Theguardian.com, 14.10.2014. 3. Police suspect brother of Albanian PM controlled drone. www.b92.net/eng, 16.10.2014. 4. Albanian prime minister “proud” after scandal. www. b92.net/eng, 15.10.2014. 5. Regional governments urged to give up territory. www. b92.net/eng , 05.11.2014. 6. Vucic: Meeting with Rama was «not easy». www.b92. net/eng , 10.11.2014. 7. Rama says Albanians “won’t be assimilated”. www. b92.net/eng,11.11.2014. 8. Rama salutes group displaying Greater Albania map. www.b92.net/eng, 12.11.2014. 9. Protest sent to Albania over display of expansionist map. www.b92.net/eng, 12.01.2015. 10. “Greater Albania” flag drone at stadium in Macedonia. www.b92.net/eng, 24.04.2017. 11. Macedonian court sentenced 33 members of the “Kumanovo Group” to lengthy prison terms. Beta News

Agency, 03.11.2017. 12. Balkan Gallup Monitor – 2010 Summary of Findings.

Brüssel: Gallup Europe: s. 48. 13. Serbian FM tells Bundestag to prevent Greater Albania.

N1 News, 03.03.2021.

KRISTIAN HAGESTAD 209

210 JUGOLAND

Noreg og Jugoslavia / eks-Jugoslavia

Den serbiske ambassadøren i Noreg, Suzana Bošković Prodanović, og militær-attaché Egil Daltveit frå den norske ambassaden i Serbia etter nedlegging av blomar ved minnesteinen for jugoslaviske krigsfangar som blei avretta i Falstad-skogen under andre verdskrig (2019).

KRISTIAN HAGESTAD 211

This article is from: