5 minute read
samverke mellom kommunistar og sosialdemokratar Norsk-jugoslavisk samband –
Jugoslavia og norsk arbeidarrørsle – samverke mellom kommunistar og sosialdemokratar
Dei to dominerande aktørane i norsk arbeidarrørsle i etterkrigstida, Landsorganisasjonen (LO) og Arbeidarpartiet (Ap), etablerte alt i 1950 kontakt med Jugoslavia. For Ap var det jugoslaviske kommunistpartiet (KJP, frå 1952 SKJ) den formelle kontaktpartnaren, for LO var det landsorganisasjonen i Jugoslavia (CTUY), men i begge landa var parti og fagrørsle nært samanvevde. Kontaktane utvikla seg snart til tette relasjonar som skulle vare i nærare fire tiår. Både i skandinavisk og europeisk samanheng var dette eit spesielt fenomen. Ap hadde ikkje liknande samarbeid med noko anna kommunistparti. Blant andre sosialdemokratiske parti i Vest-Europa var det berre britiske Labour som dyrka liknande kontakt med Jugoslavia.1
Advertisement
Aps partisekretær Haakon Lie (1905–2009), som elles er kjent for sterke antikommunistiske haldningar, hadde respekt for Tito, som han i sine memoarar omtalte som «kommunismens Martin Luther». Lie hadde også ein meir prosaisk og innanrikspolitisk grunn til å pleie omgang med Jugoslavia. Ved det interne oppgjeret i Norges kommunistiske parti (NKP) 1948–49 hadde det følgt Stalin i konflikten med Tito. Dette gjorde at dei medlemmene som støtta partileiar Emil Løvlien (1899–1973), kunne fryse ut tilhengarar av konkurrenten Peder Furubotn (1890–1975), omtalt som «Nordens
KRISTIAN HAGESTAD 229
Tito». Lie håpte at Aps kontakt med dei jugoslaviske kommunistane kunne forsterke splittinga og svekke krafta i NKP.2
Hausten 1954 stod Edvard Kardelj (1910–79), ein sentral person i den jugoslaviske leiinga, på talarstolen i Oslo Arbeidersamfunn. Han var ein nær medarbeidar til Tito og hovudmann bak utviklinga av styresettet i landet etter krigen. Av mange blei han rekna som sjefsideolog i kommunistpartiet. I Oslo var bodskapen hans at det fanst fleire vegar til sosialismen, og at den demokratiske sosialismen i Jugoslavia gav auka fridom for enkeltmennesket og meir omfattande fellesskap. Blant dei som lytta ivrig til Kardeljs tale, var Ap-leiar Einar Gerhardsen. Året etter blei talen trykt og utgitt som eit hefte med forord av Gerhardsen.3
Den mangeårige LO-leiaren Konrad Nordahl (1897–1975), som også sat på Stortinget i åtte år, var som Lie kommunistmotstandar og høyrde utanrikspolitisk til på høgrefløya i Ap. Men i 1951 drog han til Jugoslavia og deltok på landskongressen til CTUY. I sine memoarar omtalte han besøket i eit kapittel med overskrifta «På kongress i en diktaturstat».4 Trass i den dystre tittelen går det fram at han blei fascinert av opplevingane under besøket. I helsingstalen til forsamlinga uttrykte han glede over kontakten med jugoslaviske arbeidarar og sa at målet for begge var det same: «Å bygge et sosialistisk samfunn hvor folket kan beholde friheten.»
Fleire i LO-leiinga utvikla personlege band til Jugoslavia. Parelius Mentsen (1902–85), som overtok leiarvervet etter Nordahl, drog dit i 1968 for å studere det jugoslaviske arbeidarsjølvstyret. Ettermannen Tor Aspengren (1917–2004) var i Jugoslavia i 1974. Da han slutta som LO-leiar i 1977, var avskilsgåva ei Jugoslavia-reise frå Norsk Folkeferie.Den neste LO-leiaren, Tor Halvorsen (1930–87), deltok på CTUYs landskongress i 1978.5
Éin grunn til den gode og langvarige kontakten mellom arbeidarrørsla i dei to landa, var at både Ap og LO fatta interesse for jugosla-
230 JUGOLAND
viske erfaringar med bedriftsdemokrati.6,7 Lie hadde truleg henta inspirasjon frå Jugoslavia da han alt i 1953 foreslo styrerepresentasjon og bedriftsforsamlingar i Noreg. I 1968 drog ein LO-delegasjon til Jugoslavia for å studere arbeidarsjølvstyret. Etter møte og besøk ved fabrikkar i Bosnia var konklusjonen til LO-leiar Mentsen at det jugoslaviske systemet kunne gi inspirasjon og idéar til vidare utbygging av bedriftsdemokratiet i Noreg.8
Det høyrer med til totalbildet at kontakten mellom arbeidarrørsla i dei to landa ikkje alltid var like idyllisk. Den første alvorlege knuten på tråden kom i 1956, da det blei pause i samarbeidet mellom Ap og SKJ. Ap-leiinga meinte at både økonomiske reformer og politisk liberalisering i Jugoslavia hadde stoppa opp. Særleg var folk på Lie-fløya skeptiske. Da den sentrale jugoslaviske politikaren Milovan Điljas (1911–95) blei fengsla for ideologiske avvik, erklærte Lie at Ap ikkje ville ha meir kontakt så lenge Điljas sat i fengsel. Det varte likevel ikkje lenger enn til 1965 før Ap tok opp att sambandet med Jugoslavia, om enn til protestar frå Lie. I 1968 besøkte partileiar Trygve Bratteli (1910–94) Jugoslavia saman med bl.a. Thorvald Stoltenberg. I 1978 deltok den neste Ap-leiaren, Reiulf Steen (1933–2014), på kongressen til SKJ. Han fekk også audiens hos Tito og hadde ein lang samtale med Kardelj.9
Den neste problematiske fasen starta tidleg på 1980-talet. Utviklinga i Jugoslavia etter Titos død førte til at både LO og Ap fekk minska interessa for det økonomiske og politiske systemet i det tradisjonelle vennskapslandet. Den økonomiske krisa blottstilte at styresettet var blitt ineffektivt og fastlåst. I 1982 drog ein LO-delegasjon med bl.a. Halvorsen og Hågensen til Jugoslavia. Medan LO tidlegare hadde sett med sympati på det jugoslaviske sjølvforvaltningssystemet og arbeidarstyret, var reaksjonen nå kritisk. Delegasjonen fann at ordningane var fine på papiret, baserte på styring nedanfrå, men i praksis var dei ineffektive. Makta til arbeidarane
KRISTIAN HAGESTAD 231
var ikkje reell nok, ansvarsforhold blei pulveriserte, og det førekom misbruk av ordninga. Saman med eit tungrodd byråkrati førte det til misnøye. Arbeidsløysa auka, levestandarden fall, og økonomisk avstand mellom delrepublikkane blei tydelegare.10
Da Jugoslavia slo inn på ei hardare innanrikspolitisk line, ikkje berre mot separatisme og gateprotestar, men også mot «munnlege brottsverk», starta Amnesty International i 1985 ein kampanje for politiske fangar i landet. LO støtta aksjonen, og internasjonal sekretær hadde møte med den jugoslaviske ambassadøren i Noreg, der fengsling av fagorganiserte blei tatt opp. LO hadde tillit til Amnesty og avviste påstandar om at organisasjonen ønskte å endre det jugoslaviske systemet. Partisekretæren i Ap, Ivar Leveraas (1939–), sende brev til ordføraren i Ljubljana om at situasjonen for politiske opposisjonelle måtte bli betre.11
Så blei 1990-talet innleia, og med det kom starten på slutten for Jugoslavia. Da blei det også sett endeleg sluttstrek for nesten førti år med unik kontakt og samarbeid mellom arbeidarrørslene i ein kommunistisk eittpartistat og eit vesteuropeisk demokrati.
1. Eriksen KE, Pharo H. Kald krig og internasjonalisering 1949–1965. Norsk Utenrikspolitisk historie bind 5.
Oslo: Universitetsforlaget, 1997: s. 223–24. 2. Lie H. Slik jeg ser det 1. Oslo: Tiden, 1975: s. 121–40. 3. Kardelj E. Sosialistisk demokrati i Jugoslavia. Oslo:
Fram forlag, 1955. 4. Nordahl K. Gode arbeidsår. Oslo: Tiden, 1973: s. 175–78. 5. Bjørnland LH. Norsk-jugoslaviske forhold 1965–86 – Utvikling og stagnasjon. Masteroppgave i historie.
Oslo: UiO, 2015: s. 71–72. 6. Solhjell D. Arbeiderselvstyret i Jugoslavia. Erfaringer fra et bedriftsdemokrati. Oslo: Tiden, 1972. 7. Lysestøl PM. JUGOSLAVIA – et forsøk på sosialisme.
Oslo: Oktober, 1985. 8. Bjørnland LH. Norsk-jugoslaviske forhold 1965–86 – Utvikling og stagnasjon. Masteroppgave i historie.
Oslo: UiO, 2015: s. 39. 9. IBID: s. 20, 75. 10. IBID: s. 101–-02. 11. IBID: s. 95–98.
232 JUGOLAND