7 minute read
organisert vennskap frå folk til folk Behandlingstilbod for norske revmatikarar
Norsk-jugoslavisk samband – organisert vennskap frå folk til folk1
Kontaktar som under andre verdskrig blei knytte mellom nordmenn og fangar frå Jugoslavia, døydde ikkje ut da freden kom i 1945. Tvert om, hendingar i krigsåra la grunn for ei grasrotbasert vidareføring og -utvikling av vennskap mellom dei to folka innan organisatoriske rammer. Aktivitetsnivå og former for samarbeid har rett nok variert og gått gjennom ulike fasar, nært relatert til storpolitiske forhold. Ein heftig pionerepoke i 1945 blei følgt av ein latensfase. Etter varsam gjenoppbygging kom det organisatorisk konsolidering på 1960-talet og blømingstid i 1970- og 80-åra. Krigane på Balkan på 1990-talet gav forbigåande tilnærma stillstand, men så kom ny start og reorientering etter tusenårsskiftet.
Advertisement
I mai 1945 vart gjenlevande fangar frå Jugoslavia plasserte i ein samleleir i Melhus. Fangane kunne farte fritt omkring i området. I løpet av sommaren blei dei eit kjent trekk i bybildet i Trondheim. Kontaktar som var oppretta under krigen, blei haldne ved like. Nye vennskap oppstod. Den 26. juli arrangerte jugoslavane eit underhaldningsprogram på Britannia hotell for norske venner. Etterpå var dei samla i Sentrum kino, der to vennskapsorganisasjonar blei stifta; Norsk-jugoslavisk samband og Jugoslavisk-norsk samband.2 Den første skulle verke her i landet, den an-
KRISTIAN HAGESTAD 233
dre ville dei tidlegare fangane ta med seg til heimlandet. Politisk sokna fleire av medlemmene i det norske sambandet til Norges kommunistiske parti (NKP).3
Organisasjonane frå 1945 fekk kort levetid. Jugoslavane reiste heim i andre halvår. Både interne jugoslaviske forhold, avstandane, dårlege kommunikasjonar og den internasjonale situasjonen gjorde det vanskeleg eller uråd for nordmenn å halde oppe kontakt med dei jugoslaviske vennene. Brottet mellom Stalin og Tito i 1948 gjorde dessutan at NKP mista sympati og interesse for Jugoslavia.
Kontaktane kom så smått i gang att på 1950-talet, da eks-fangar besøkte stader der dei hadde vore under krigen og folk dei hadde hatt kontakt med den gong. Ein konsekvens av dette var eit ønske om å reaktivere det organiserte samarbeidet for vennskap mellom Noreg og Jugoslavia. Både oppheving av visumplikta i 1964 og gjensidige statsbesøk mellom dei to landa på 1960-talet stimulerte utviklinga. I 1966 blei Norsk-jugoslavisk samband Trøndelag nystifta. Medlemstalet vaks raskt, og interessa var aukande også i andre landsdelar. I 1969 blei Norsk-jugoslavisk samband (NJS) ein landsomfattande organisasjon.
I Jugoslavia blei Jugoslavisk-norsk samband (JNS) stifta på ny i 1969 på eit møte i Niš i Sør-Serbia med 800 deltakarar. Dei fleste som var til stades, var tidlegare krigsfangar i Noreg eller familiemedlemer av fangar som døydde her. Nordmenn var også med på møtet. JNS fekk etter kvart 25 lokallag og eit medlemstal på nær 30 000. Også bedrifter melde seg inn.
Samarbeidet som utvikla seg mellom NJS og JNS, var spesielt. Bortsett frå ei inaktiv fransk-jugoslavisk foreining frå 1918 fanst det ingen liknande bilaterale organisasjonar for kontakt mellom Titos Jugoslavia og vestlege land. Opprettinga av JNS som ein «frittståande» organisasjon var også eit spesielt fenomen i jugoslavisk samanheng, ettersom foreiningar utanom kommunistpartiet eigentleg
234 JUGOLAND
var forbodne.4 Når det er sagt, må det føyast til at JNS hadde nær kontakt med styresmaktene, og sentrale posisjonar var rekrutterte frå partiet.5
Einar Gerhardsen bidrog ved oppstart av Oslo-avdelinga i NJS, noko som styrkte prestisjen til sambandet. Framståande politikarar frå fleire parti sat seinare som styremedlemer, bl.a. Kåre Willoch (1928–), Lars Korvald (1916–2006) og Thorvald Stoltenberg. Men da den politiske kontakten mellom Noreg og Jugoslavia utover 1980-talet blei mindre tett, forsvann dei fleste rikspolitiske profilane frå organisasjonen. Eitt unntak var stortingsrepresentant Osmund Faremo (1921–99) frå Arbeidarpartiet, som var ein driftig styreleiar i åra 1980–88.
Det folkelege samarbeidet mellom jugoslavar og nordmenn skjedde på mange måtar. På 1960-talet deltok norske ungdommar i dugnadsgjengar – «ungdomsbrigadar» – i Jugoslavia. I praksis var det nok meir tale om demonstrering av solidaritet enn nytteinnsats, men fleire av «brigadistane» blei seinare støttespelarar i NJS. Gjennom åra deltok også ca. 600 unge nordmenn i Beograd-festivalen «Radost Evrope» (Europas glede), som første gong blei arrangert i 1969. På 1970-talet dukka «partisanmarsjane» opp, først langs fluktruta frå Ørland under krigen, seinare også andre stader, både i Noreg og i Jugoslavia.6
Mellom 300 og 400 unge frå Jugoslavia og Norge fekk økonomisk stønad til språkopplæring, spesielt frå Bergesenstiftelsen, men også frå vennskapsforeiningar og kommunar. I 1974 blei det i Beograd gitt ut ei tospråkleg bok på serbo-kroatisk og norsk om Jugoslavia og Noreg. Boka la vekt på kultur og historie og framheva likskapstrekk mellom dei to landa.7 Ein delegasjon frå JNS fekk audiens hos kong Olav for å overrekke eit eksemplar. Kongen takka både for boka og for verksemda til dei to vennskapssambanda.8
Mange norske kommunar fekk vennskapskommune i Jugosla-
KRISTIAN HAGESTAD 235
via. Under krigane i 1990-åra blei det stillstand i relasjonane, men seinare er ein del av dei tatt opp att. Nettsida til Vennskapssambandet Norge–Vest-Balkan nemner elleve kommunar og éin fylkeskommune som har aktiv vennskapskontakt med partnar i tidlegare Jugoslavia. Dei mange besøka som skjedde begge vegar, knytte vennskapsband og gav utveksling av kunnskap om kultur- og samfunnsliv. På kulturfronten blei det gitt støtte frå staten og organisasjonar til utveksling av elevar, studentar, kunstnarar, musikarar, dansarar og folkloregrupper. Den norske ambassadøren i Beograd fortalte i 1982 om «Noregs-dyrking» i Jugoslavia. Skolebarn lærte om innsatsen til nordmenn under andre verdskrig, og jugoslaviske kor song «Ja, vi elsker».5
Den største enkelthendinga i samarbeidet mellom NJS og JNS var opning av Vennskapshuset i Gornji Milanovac i Serbia hausten 1987. Bygget, som var teikna av arkitekten Aleksandar Djokić, fekk ein original konstruksjon, ei slags samansmelting av eit norsk vikingskip og ein gammal serbisk skyss-stasjon. Ei årsak til at Gornji Milanovac blei valt som lokaliseringsstad, var at mange av dei jugoslaviske fangane i Noreg kom frå dette området. I byen fanst det frå før både ein minnebauta over falne jugoslaviske fangar i Noreg og ein kopi av «Serbarhytta» i Rødsjøheia i Fosen, som under krigen blei brukt av jugoslaviske fangar på flukt.
Hensikta med Vennskapshuset var å styrke det kulturelle samarbeidet mellom Noreg og Jugoslavia gjennom museale tiltak, litteratur, kunstsamlingar og foredragsverksemd. Dei besøkande kunne lære om natur og næringsliv, kulturell og sosial utvikling i dei to landa samt om bakgrunnen for vennskapen mellom Noreg og Jugoslavia. Forutan museum fekk huset restaurant, forsamlingssal, rom for kunstnariske aktivitetar, terrasse og hytter for overnatting. Ved opninga var over 20 000 menneske til stades, derav 100 nordmenn med kulturminister Hallvard Bakke (1943–) i spissen.
236 JUGOLAND
Da det på 1980-talet kom politiske innstrammingar i Jugoslavia med undertrykking av motstandarar til regimet, blei situasjonen utfordrande for NJS. Amnesty International tok i 1985 kontakt og bad Sambandet ta opp menneskerettsbrott med jugoslaviske styresmakter. Svaret var at NJS som ein upolitisk organisasjon ikkje ønskte å gå inn i slike spørsmål.9
Krigshandlingane og oppløysinga av Jugoslavia på 1990-talet førte til ytterlegare vanskar for vennskapssambanda. Embargoen mot Serbia og Montenegro frå 1992 omfatta kulturelle kontaktar. Planlagde og innarbeidde arrangement måtte innstillast, men enkeltmedlemer i Noreg heldt kontaktar i det tidlegare Jugoslavia ved like. Mange eldre medlemer i JNS – særleg tidlegare krigsfangar – hadde store vanskar med å akseptere den offisielle norske politikken ovanfor Jugoslavia og statane som braut ut. Internt i NJS var det også uro. Mange medlemer melde seg ut, fleire lokallag blei lagt ned. Det blei hevda at styret tok parti i konfliktane på Balkan. Det blei også diskusjon om namnet til organisasjonen: Var det meiningsfylt å nytte ordet «jugoslavisk», når Jugoslavia var gått i oppløysing? Spørsmålet blei medverkande til fleire namneskifte og organisatoriske endringar. På ekstraordinært landsmøte i 1992 ble NJS lagt ned, men ein ny organisasjon blei snart danna og vidareførte verksemda. Serbia hadde frå starten vore kjerneområde for samarbeidet. Serbia og Montenegro utgjorde framleis éin nasjon. Resultatet blei «Venneforeningen Serbia-Montenegro». Eit hovudmål for den vart å ta vare på Vennskapshuset; ei oppgåve organisasjonen lykkast med.
I 2010 blei namnet Vennskapssambandet Norge–Vest-Balkan.2 Det skulle signalisere ønske om vennskap mellom Noreg og alle dei nye statane frå tidlegare Jugoslavia. Eitt problem med namnet er at omgrepet Vest-Balkan i andre samanhengar inkluderer Albania. Uansett, i praksis går hovudkontakten framleis mot Serbia. I tråd
KRISTIAN HAGESTAD 237
med det har søsterorganisasjonen Jugoslavisk-norsk samband endra namn til Serbisk-norsk selskap (Norveško društvo – Srbija).
Viktige aktivitetar i Vennskapssambandet siste åra har vore dokumentasjonsprosjekt om «Blodveien» samt markering i juni 2017, da det var 75 år sidan dei første jugoslaviske fangane kom til Noreg. Ved 50-årsjubileet for NJS som nasjonal organisasjon blei det i 2019 tatt eit interessant initiativ. Ei strategigruppe blei oppretta med ungdommar frå Noreg og Serbia. Gruppa skulle foreslå tiltak for å sikre Sambandet livsens rett også i framtida. Så står det att å sjå korleis foreininga vidare framover kan bidra til folkeleg samkvem og samarbeid mellom nordmenn og befolkninga i det som ein gong var Jugoslavia.
1. Der anna kjelde ikkje er nemnt, er faktagrunnlaget for dette kapittelet henta frå nettsida til Vennskapssambandet Norge – Vest-Balkan, http://njsamband.ipage.no/ ; i sær frå denne artikkelen: Andersen AT. Våre samband i 40 år, http://njsamband.ipage.no/historie/ 2. Nerdal J. Norsk – Jugoslavisk Samband og Jugoslavisk – Norsk Samband. Privat notat basert på materiale i
Arbeiderbevegelsens arkiv på Folkets hus i Oslo, 2019. 3. Bjørnland LH. Norsk-jugoslaviske forhold 1965–86 –
Utvikling og stagnasjon. Masteroppgave. Oslo: UiO
Institutt for arkeologi, konservering og historie, 2015: s. 15. 4. IBID: s. 41. 5. IBID: s. 101. 6. https://no.wikipedia.org/wiki/Partisanmarsjen 7. Mladenovic L. Norge – Jugoslavia: Jugoslavja – Norveška. Beograd: Bigz, 1974. 8. Bjørnland LH. Norsk-jugoslaviske forhold 1965–86 –
Utvikling og stagnasjon. Masteroppgave. Oslo: UiO
Institutt for arkeologi, konservering og historie, 2015: s. 59. 9. IBID: s. 99.
238 JUGOLAND