2 minute read

Norskstudium ved Universitetet i Beograd «Et lite stykke Norge» Norske soldatar på fredsoppdrag i eit

Norskstudium ved Universitetet i Beograd – «Et lite stykke Norge»

Rundt 1990 var éi av mine helsebyråkratiske oppgåver å vurdere søknader til legestillingar i kommunar i Vest-Agder. Rett som det var, dukka det opp jugoslaviske legar blant søkarane. Dei skreiv på norsk, og kvaliteten på skriftspråket skilte seg lite ut frå det deira norske kollegaer presterte. Ein del av forklaringa til dette fenomenet fann eg i ein ruvande murbygning ved Studenttorget i hjartet av den serbiske hovudstaden. Eg fann ut at mange av dei legesøkarane eg stifta kjennskap med, anten sjølve hadde studert der, eller dei hadde fått skrivehjelp frå nokon med norskkompetanse derfrå.

Advertisement

Ved det filologiske fakultetet ved Universitetet i Beograd er det ein seksjon for nordiske studiar, der det sidan 1977 har vore undervist i norsk. Studiet tok til da Ljubiša Rajić blei tilsett som universitetslektor. (Sjå kapittelet om «Stemma frå Beograd»). Det han starta, utvikla seg til det største skandinavistikkmiljøet ved eit universitet utanfor Norden.1 Seksjonen tilbyr bachelorprogram over fire år, påbygging til mastergrad og vidare løp til doktorgrad. Årleg blir det tatt opp ca. femti studentar. Om lag 30 av dei vel norskfaget, litt færre tar svensk, ei mindre gruppe dansk. Til ei kvar tid er ca. 100 studentar i gang med norskstudium. Éin norsk lektor og tre lokalt tilsette står for undervisninga.2

KRISTIAN HAGESTAD 243

Studieplanen for studentane legg ikkje berre vekt på skriftleg og munnleg bruk av språket, grammatikk og språkhistorie. I tillegg kjem kunnskap om litteratur, kultur og samfunn. Som flue på veggen i undervisningslokala kan ein oppleve studentpresentasjon om norsk språkstrid og dialektbruk, folkeeventyr, tekstar frå Henrik Ibsen eller Jon Fosse, diskusjon av avisartiklar, lytting til podkast eller framsyning av film og videosnuttar.3,4 Etter fire år skal studentane ha norskkunnskap på nivå B2 eller C1 (høgare mellomnivå eller høgare) etter Europarådets nivåskala for språkkunnskap (CEFR). Under studiet kan nokon av dei beste studentane få stipend til deltaking på sommarskole ved Universitetet i Oslo eller i Bergen. Andre tar eit år på norsk folkehøgskole. Nansenskolen har i mange år hatt samarbeid med Universitetet i Beograd og gitt stipend til studentar for eitt skoleår.

Spør ein studentane kvifor dei har gitt seg i kast med norskstudium, kan svara spenne over eit vidt spekter. Nokon av dei viser kanskje til det foreldre eller besteforeldre har fortalt om forholdet mellom Noreg og Jugoslavia, derunder historia om krigsfangane under andre verdskrig. Andre kan nemne interesse for norsk litteratur, musikk, natur eller den norske velferdsstaten. Rundt tusenårsskiftet var interessa for norsk black metal sterk, og mange av studentane kom svartkledde med langt, svart hår. For få år sidan hadde «alle» sett fjernsynsserien «Skam» og digga den.4,5

Uansett motiv, kvart år er det oversøking av studentar til norskstudiet. Runo Isaksen frå Bergen, som var lektor i Beograd 2019–20, fortel om motiverte og lærelystne studentar.5 Universitetet i Beograd kan gjerne låne eit uttrykk frå reklamen for Freias mjølkesjokolade: På det filologiske instituttet finst det «et lite stykke Norge».

244 JUGOLAND

1. Bull T, Jahr EH, Wiggen G. Nekrolog Ljubiša Rajić. Aftenposten, 09.06.2012. 2. Utlysning 2018: Utenlands-lektor i norsk språk – Universitetet i Beograd. Diku 3. Dahlum S. Norsk på serbisk. Universitas, 10.04.2008 4. Lærer norsk i Serbia. NRK 24.10.2007. 5. Jeg ville aldri vært dette året foruten. Diku Aktuelt, 12.02.2020.

KRISTIAN HAGESTAD 245

This article is from: