10 minute read

Arne Henning Årskaug

Tole mest

18 Denne snutten, denne snutten kan de kanskje bruke til noko. Det er ikkje allverda til kjøt og næring i han, men det er no so, han går no an å fortelje likevel. Betre det, betre det enn å ha han duppande oppe i skoltesutlet. Det var helst systa som kom med han i si tid, frå den tida då ho, då ho skulle tole mest, dei nytesjuke, pupillause åra før kollapsen, før ho fekk sleppe. Meiner det var slik at ho hadde vakna, vakna ein føremiddag av at det var noko som dreiv og bløytte til handa hennar. Moldete og tufs opna ho auga og fekk sjå ein fullvaksen, semulefarga hund, ein stor hund med ru, purlande tunge. Det var ein slik ein som vi hadde då vi budde på Blekne, der vi voks opp, blandingsrase, labrador og noko til, godt gemytt. Systa kunne ikkje gjere anna enn å mulla noko tull til han. Semulehunden svara med å gøy likesælt, gjespe og so lunte vekk. Like etter lyfta dei vekk rastebordet ho hadde lagt seg til å sove under. Den nedrispa, vassbrune klossen med dei glirande kvisthola som stod nede med elva nedanfor festplassen. Vi var ein god bande som pleidde å samlast der på sommarstid før. Det kom mange gode meiningar, kalkylar og snapsidéar rundt det bordet. Men det vart helst, vart helst til at namnetrekka våre ikkje kom seg derifrå, enda helst opp som risp nedi bordplata, saman med alle krothjarta og spitorda.

Advertisement

Det var, det var elles ein av dei heitaste dagane det året. Grueleg heitt, sjølv om det knapt hadde rukke å verte mai. Lufta, lufta var seig, tjuktflytande var ho, som å sjå gjennom ei flaske. Og utan skugge og dekke kunne ikkje systa liggje der og ròte seg lenger. Slettes ikkje. Sola tvinga ho opp på føtene, skranglen og fæl. Det var ikkje mange timane ho hadde fått på auge, men det heldt. Det skulle kanskje ikkje so mykje til før ho klårna i dei dagar. Ho begynte å speide etter hunden, semulehunden, såg at det var gjæring og sirkus på gong oppe på festplassen. Ungdomen som hadde bore med seg rastebordet, hadde sett det borte med minnebautaen, han etter helikopterhavariet, det som deisa borti høgspentmasta. Det var der dei hadde samla seg, der hadde dei samla seg i hopetal. Oppøste, issleikande sixpencegutar, loppemarknadjenter og arbeidsskvetne. Det var der dei hadde klumpa seg saman i ein einaste stor, dampande floke. I dei lyse sommarkleda sine såg dei ut som skum der dei stod, låg langstrekte på graset, osa og venta, meinte systa. Ja, for det var ho som var der. Ho var klår då, kunne framleis fortelje levande, kunne det nesten all si brukstid. Og so var det vel slik at systa fekk auge på semulehunden inni mengda og tok til å pusle etter han. Ho snitta seg gjennom det ventande skummet, saug til seg betar, ymse opplysningar om samanstimlinga undervegs. Lurar på, lurar på om det igjen var føreseiingar om verdsfemnande sveltihel. Om lågkonjunktur og lediggang. Det var folk som hadde gjort seg skuldbundne og forgjelda på tomter og lausøyre. Og, og det var snakk om nokre stormannsgalne, skjelmske spekulantar, som, som på sikt kom til å øydsle vekk

formuane til folk. Ja, ein elendig pengeadel som skulle forvalte kapitalen, men som i staden satsa høgt og, og vågsamt, spelte hasard med han. Ein flokk med frodande finansfyrstar, som kom til å skusle vekk kvar bidige krone som var å oppdrive på lukkespel, farkeferd og skuggeverksemd. Og det var eit system som heldt på å brotne, snakk om dødsiglarar, om blodraud skrift på veggen, mene tekel, den sorten snakk. Berre ikkje, berre ikkje akkurat slik det vart sagt no. Men det kan òg ha vore ein av skulane dei ville ha freda. Slik at, slik at ungdomen skulle sleppe flytte ut på hybel. Det var i alle fall noko dei ville avverje, ei slags misnøye dei ville understreke. Noko som fekk både lamsnille og kavelystne til å finne saman, kome saman for å lage larm, kome saman for å verte råbarka og hardbalne.

Og systa, systa dreiv no etter semulehunden, kom seg ut på baksida av floken. Der fekk ho auge på ein ungdom, yngre enn dei i mølja ho nett hadde sumt gjennom, ein avkledd ungdom med blanksliten brystkasse ute på volleyballbana, ein som leika seg med ein ropert. Meiner det var ein av dei, ein av tenåringane til Hatlen, dei som dreiv med hund i byggefeltet. Dei pleidde helst å vere heime på dagtid og hagen deira var heilt oppraspa. Det knitra og small frå den blankslitne. Ein liten horg av same slaget, nokre jamaldra, sprang rundt medan dei lo, kasta pinnar og sparka sand mot han, var vel, var vel for at han blankslitne skulle gje seg med roperten. Og hunden, semulehunden, pila litt halvhjarta rundt dei, geipa og prusta. Ho skulle til å gå bort til dei, ho skulle faktisk det, meinte ho. Men so begynte hopen bak ho å strekke på seg. Grasslitarane tok til å lirke seg opp av bakken, og dei som stod, stilte seg inn mot bautaen, danna eit kringvern. Systa gjorde det same, knurva seg saman med forsamlinga, stilte seg inn. For, for, for det var scene dei skulle bruke rastebordet til! Det med namnerispet vårt i, det som systa låg under. Og, og det var her han fauk opp! Trana. Talaren som både dei lamsnille og kavelystne venta på. Ein stram og soldunstande gut. Baus og furubrun, nærare, nærare to meter på sokkelesten, skal ein tru systa. Ein himmelstormar i solbriller, shorts og drivkvit t-skjorte. Heilt upåverka av heten. Eit type oppsyn som høyrde heime på glansa papir, i høgoppløyst format eller i tankeflog rett før ein sovnar. Oppglødde løfta forsamlinga alt pikkpakket dei hadde i hendene, plakatar, mobiltelefonar, den sorten pikkpakk. Trana trampa kjekt i trevirket, tok av seg solbrillene og avduka eit par blåkveikte auge som fekk det til å bruse, nei, fosskoke i bringene til tilskodarane. Kan tru han voks seg bratt i ryggen på all imøtekominga, skein og smilte. Eit ark hadde han med seg, eit som han drog ut av lomma på shortsen og bretta ut, tok seg god tid, såg ut til å vite kva han dreiv på med. Og straks skulle han til å tale! Straks skulle han til å ta i bruk kjeftamentet. Straks skulle eldframkallande trompetskrik fylle plassen, eggje til tiltak og leik.

Det var nærast okkult, det neste som hende, meinte systa. Ho meinte, meinte kanskje at ho høyrde eit lite, jammerleg knak, eit klandrande ynk i frå rastebordet som Trana stod på, før det heile begynte, eit slags svar til trampinga hans. Men det kan vere noko ho har lagt til i ettertid, at det var noko som skaka han. For det, det hang ikkje på greip at det skulle gå slik det gjorde. Ut, ut av Trana kom det berre noko knett. Knett! Ei hås rasling som visna like fort som ho fór frå leppene. Røysta hans var avsjela. Systa

20 og andre spissøyra fekk med seg noko om framtida, noko om privatåtte produksjonsmiddel, noko om stridshug, men kva desse hadde med kvarandre å gjere var det ikkje råd å få med seg. Det var eit lågmælt lirumlarum. Ei, ei, ei utmagra, uthola kleising! Tilskodarane sank støytvis saman etterkvart som at det vart klårt at den utydlege dirringa ikkje kom til å nå dei, ause dei opp. Systa såg korleis mange måtte feste blikket annanstad, på mobilskjermane, på elva, trafikken på hi sida, på måse og sporv. Og, og so kom rekylen! Høgare! var det brått ein som skreik, ein av dei fremste, ein som sikkert kjende trekken i ryggen. Trana høyrde, det gjorde han. Han skvatt litt opp, men såg visstnok ikkje ut til å skjøne kva, kva oppmoding han hadde motteke. Han berre såg ned i skriveriet sitt, trakk pusten og heldt fram med å knette. Framleis kom det berre dunkel susing ut av stilken. Det begynte å gå opp for systa, systa og dei andre tilskodarane at det ikkje var ei trane som stod der og plystra, at han meir minna om ei rugde, der han stod. Guten var slettes ikkje stram, slettes ikkje baus. Han var ein rekel, ein skvetten rekel med rislande, raudt ansikt, krokete rygg og munnskåld. All slags styggeskap kom til syne. Høgare! følgde ei anna opp, ei som stod i midten og var fanga i kviskrekvervelen. Rugda tjafsa seg i håret med den ledige handa, det såg mest ut som høyròte no. Men no, no fekk han det i alle fall med seg. Knettinga auka i volum, gjekk over til klukking, men framleis ikkje noko tilskodarane greidde å få noko meining ut av. Han begynte å sjå skikkeleg sliten ut no, gusten, gusten og sjuk. So gale var det, visstnok. Høgare! kom det på nytt. Det var den blankslitne ungdomen med roperten. Han stod brått rett ved sida av systa, både han og dei jamaldra. Dei jamaldra rundt brast ut i ein hikkande, skadeglad latter. Rugda skalv og svelgde medan han heldt fram, ein kunne nesten sjå korleis adamseplet duppa i bølgjene. Men han nærma seg heldigvis botnen av papirlappen no, systa merka det på korleis tempoet på klukkinga tok til å jekke seg opp. Han hoppa sikkert over ein god del og, ville vel, ville vel helst verte ferdig, skjønte vel at det ikkje var anna å gjere. Og so, og so, og so, var det som han vart stukken. Og so var det som om tunga hans gjorde ein saltomortale, som om all den ubrukte krafta slapp ut i eit drag. Utover plassen gjalla eit einaste ord, eit ord alle fekk med seg:

KAPITALKVEIS!

Og det vart dropstilt. Til og med den blankslitne og dei jamaldra var usikre på korleis dei skulle te seg no. Rugda stod framleis der oppe, støypt fast i rastebordet, tomsen og raud. Han var ferdig med rugdemålet, men han stod der enno. Stod og hiksta. Det tok litt tid, sikkert ikkje so lang tid, som systa meinte, før han rørte på seg igjen.

Det enda vel med at han spruta frå seg ein slags takk og, og, og, og stomla av scena. Det vart ein skral applaus. Rugda humpa ned til elva medan han stira rakt ned i bakken, prøvde å bakse av seg t-skjorta, fekk ho ikkje av. Sol og sveitte hadde laga ei dyvåt rustning av ho. Det var venteleg få som greidde å sjå på, ikkje ein gong han med roperten, men systa såg. Ho var klår den gongen, ho var det, men ho meinte, var likevel fast i trua på at ho høyrde, høyrde ein ny lyd, ein slags hol, knokkelkulsande skratt ifrå bordet i det guten flaksa av.

Hunden? Systa hadde heilt gløymt semulehunden, der ho stod og følgde med, gapa. Det er i grunnen ikkje so viktig med denne hunden, er i grunnen ikkje so sikker på om det var nokon hund der i det heile teke. Det tok uansett ikkje lange tida før forsamlinga begynte å marsjere, og systa hang seg på, klårt ho gjorde, ho skulle jo tole mest. Floken såg ikkje lenger ut som skum no, såg ut som grus. Meiner, meiner at det var ein som prøvde å stemme i ein song, men det var helst eit stillfarande spetakkel der dei toga nedover forbi senteret, rådhuset, over brua. Ved kvar sving var det nokon som draup frå toget, folk som sildra inn i eigne bekkefar før dei fór kvar til sitt, heim. Då dei var komne fram til plassen utanfor bibliosen, der neste talar skulle halde appell, hadde nærast halvparten av deltakarane runne vekk. Lurar, lurar på om det var her dei frå avisene stod og venta. Dei hadde slike kvefseauge. Systa? Ho la seg til på benken, han kvite som står på baksida av bibliosen. Biblioteket. Ja, det var no so. Det var den snutten, de må vel kunne bruke han til noko? Rastebordet står der forresten ikkje i dag, veit ikkje kvar det har vorte av, det har vel fått sleppe, slik som systa, alle dei andre innrissarane. Får de bruk for denne snutten?

This article is from: