tid
Arne Henning Årskaug
Tole mest Denne snutten, denne snutten kan de kanskje bruke til noko. Det er ikkje allverda til kjøt og næring i han, men det er no so, han går no an å fortelje likevel. Betre det, betre det enn å ha han duppande oppe i skoltesutlet. Det var helst systa som kom med han i si tid, frå den tida då ho, då ho skulle tole mest, dei nytesjuke, pupillause åra før kollapsen, før ho fekk sleppe. Meiner det var slik at ho hadde vakna, vakna ein føremiddag av at det var noko som dreiv og bløytte til handa hennar. Moldete og tufs opna ho auga og fekk sjå ein fullvaksen, semulefarga hund, ein stor hund med ru, purlande tunge. Det var ein slik ein som vi hadde då vi budde på Blekne, der vi voks opp, blandingsrase, labrador og noko til, godt gemytt. Systa kunne ikkje gjere anna enn å mulla noko tull til han. Semulehunden svara med å gøy likesælt, gjespe og so lunte vekk. Like etter lyfta dei vekk rastebordet ho hadde lagt seg til å sove under. Den nedrispa, vassbrune klossen med dei glirande kvisthola som stod nede med elva nedanfor festplassen. Vi var ein god bande som pleidde å samlast der på sommarstid før. Det kom mange gode meiningar, kalkylar og snapsidéar rundt det bordet. Men det vart helst, vart helst til at namnetrekka våre ikkje kom seg derifrå, enda helst opp som risp nedi bordplata, saman med alle krothjarta og spitorda. Det var, det var elles ein av dei heitaste dagane det året. Grueleg heitt, sjølv om det knapt hadde rukke å verte mai. Lufta, lufta var seig, tjuktflytande var ho, som å sjå gjennom ei flaske. Og utan skugge og dekke kunne ikkje systa liggje der og ròte seg lenger. Slettes ikkje. Sola tvinga ho opp på føtene, skranglen og fæl. Det var ikkje mange timane ho hadde fått på auge, men det heldt. Det skulle kanskje ikkje so mykje til før ho klårna i dei dagar. Ho begynte å speide etter hunden, semulehunden, såg at det var gjæring og sirkus på gong oppe på festplassen. Ungdomen som hadde bore med seg rastebordet, hadde sett det borte med minnebautaen, han etter helikopterhavariet, det som deisa borti høgspentmasta. Det var der dei hadde samla seg, der hadde dei samla seg i hopetal. Oppøste, issleikande sixpencegutar, loppemarknadjenter og arbeidsskvetne. Det var der dei hadde klumpa seg saman i ein einaste stor, dampande floke. I dei lyse sommarkleda sine såg dei ut som skum der dei stod, låg langstrekte på graset, osa og venta, meinte systa. Ja, for det var ho som var der. Ho var klår då, kunne framleis fortelje levande, kunne det nesten all si brukstid. Og so var det vel slik at systa fekk auge på semulehunden inni mengda og tok til å pusle etter han. Ho snitta seg gjennom det ventande skummet, saug til seg betar, ymse opplysningar om samanstimlinga undervegs. Lurar på, lurar på om det igjen var føreseiingar om verdsfemnande sveltihel. Om lågkonjunktur og lediggang. Det var folk som hadde gjort seg skuldbundne og forgjelda på tomter og lausøyre. Og, og det var snakk om nokre stormannsgalne, skjelmske spekulantar, som, som på sikt kom til å øydsle vekk 18