![](https://static.isu.pub/fe/default-story-images/news.jpg?width=720&quality=85%2C50)
1 minute read
Bidragsytarar
6 Tove Bakke f. 1954. skjønnlitterær omsetjar og gjendiktar, omset frå fransk, spansk, dansk, svensk, katalansk og amerikansk. I 2003 fekk ho Bastianprisen for omsetjinga av Daniel Pennas Hund! Hund!, og ho har mellom anna omsett Albert Camus, Astrid Lindgren, Lars Norén og Paula Fox, i tillegg til at ho har omsett Anna Gavalda sidan 2002.
Brit Bildøen f. 1962. Forfattar, litterær konsulent og omsetjar. Omset hovudsakleg frå engelsk. Siste utgitte bok er romanen Adam Hiorths veg (2011), og siste omsette verk er Just kids av Patti Smith (2012).
Advertisement
Dairena Ní Chinnéide f. 1969. Irsk poet, forfattar og (sjølv)omsetjar. Har undervist i kreativ skriving og litterær omsetjing ved American University i Washington D.C..
Anne-Marie Stevåg Egset f. 1987. Har studert tyrkisk og (litt) persisk, saman med lingvistikk. Går på masterprogrammet i tyrkisk språk ved UiO, der dei mellom anna lærer osmansk.
Juli Fagerland f. 1966. Vaks opp på Færøyane og i Danmark. Studerte nordisk – særleg færøysk språk og litteratur, og jobba deretter som omsetjar for færøysk fjernsyn inntil ho flytta til Noreg i 1995. Også utdanna grafisk designar og sjukepleiar, og tar no ein mastergrad i helsefagvitskap ved UiO. Ho har omsett barne- og ungdomsbøker frå norsk og svensk til færøysk sidan 2000, ca. ei bok anna kvart år.
Marianne Fischer f. 1978. Frilans omsetjar. Omset i hovudsak frå tysk. Har mellom anna omsett Agnes (2010) og Sju år (2012) av Peter Stamm.
William Gjerde f. 1983. Har ein mastergrad i litterær omsetting frå engelsk til norsk.
Dag F. Gravem f. 1974. Er cand.philol med historie hovudfag frå UiO, og har jobba som frilansomsetjar sidan 2000. Driv òg som skribent og musikant, og arbeider til dagleg som rådgjevar ved Statistisk sentralbyrå sin seksjon for datafangstmetodar.
Annjo Klungervik Greenall f. 1966. Professor i engelsk språk ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU i Trondheim. Ho omset songar frå Billie Holidays repertoar til nynorsk; nokre av songane blei i 2012 utgitte på CD-en Eg vandrar langs kaiane. Ho har også ein blogg der ho publiserer artiklar om engelsk i Noreg, spesielt om populærmusikk og tekst: http://annjogreenall.wordpress.com.
Hüseyin Rahmi Gürpınar (1864–1944). Tyrkisk forfattar og journalist. Levde i Istanbul, og skreiv til dels samfunnskritiske tekstar som skisserte kvardagslivet i byen. Han hadde ein stor litterær produksjon, med omtrent 40 romanar og