Gynekologen 2/21

Page 28

Gynekologi og obstetrikk fra 1996 til 2021

Ultralyd og fosterdiagnostikk – ved målet i Noreg etter 40 år? I tida før ultralyd omfatta svangerskapsomsorg primært den gravide, hennar velvære og dei ­svangerskapsrelaterte sjukdomar ho kunne få. Fosteret var skjult for innsyn, og ein fekk minimal informasjon om fosteret ved klinisk undersøking eller ved blod- og urinprøvar frå den gravide.

Sturla H. Eik-Nes

Ultralyddiagnostikk av foster har i Noreg meir enn i noko anna land i verda vorte kontinuerleg debattert sidan slutten på 70-talet. Det store spørsmålet i den tida var om ultralydundersøking skulle bli eit tilbod til alle gravide eller berre bli brukt på klinisk indikasjon. Epidemiologar og førande innan gynekologi gjekk inn for bruk på klinisk indikasjon. Ikkje alle var samde i det.

Etter ein intens konsensuskonferanse i 1986 vart tilbodet om veke 18 ultralyd innført i Noreg av sosialminister Tove Strand (Ap). Noreg vart såleis det andre landet i verda etter Tyskland, der helsestyresmaktene i 1980 innførte slikt tilbod til alle gravide. Vi tok eit godt steg framover, og det førte til at ultralyddiagnostikk gjekk frå uorganisert til organisert bruk, også med fokus på spesiell opplæring av personalet som utførte undersøkingane. Integrering av ultralydfunn saman med kliniske funn tok til. Ved hjelp av «Snurra», som alt var utvikla i 1984, saman med tilpassa tabellar, nomogram og eigna formular for registrering av ultralyddata, akkumulerte vi nye data om status og intrauterin utvikling. I konsensusrapporten 1986 vart det slått fast at «Undersøkelsen må utføres av personell med spesialkompetanse, fortrinnsvis gynekologar og jordmødre». Utdanningskrava vart teke alvorleg. Eit DNL-utval utvikla eit omfattande, generelt dokument «Leger og annet helsepersonells bruk av ultralyd» i 1989. Norsk Gynekologisk Forening, begge jordmororganisasjonene, Helsedirektoratet og Nasjonalt Senter for Fostermedisin, var aktive i åra rundt tiårskiftet 80/90 med diskusjonar og tilrettelegging av utdanning i ultralyd for involverte legar og jordmødre. Jordmødre gjorde ein særskilt god jobb, etablerte kontakt med internasjonale utdanningsinstitusjonar som Johns Hopkins Hospital, Baltimore, og Thomas Jefferson University, Philadelphia. Resultatet i 1990 vart «Ultralyd i obstetrikk – en utdanningsplan for jordmødre». Optimismen blant oss var stor i den tida. Endeleg slutt på eit tiår med lange debattar – trudde vi! Ved den andre konsensuskonferansen i 1995 hadde vi lagt bak oss 9 år med organisering og utvikling av ultralyddiagnostikk. Konferansen vart to intense dagar som handla om grunnar for og i mot å halde fram tilbod til gravide i veke 18. I høve til den første konsensuskonferansen i 1986, som debatterte den tids forståing av ultralyd som svangerskapsdiagnostikk, var temaet i 1995 retta mot ultralyd som fosterdiagnostikk, mellom anna basert på ytringar i media. (Figur 1). Konferansetemaet var viktig for endeleg å få ultralyd og fosterdiagnostikk opp til formell debatt. Konferansen enda med å halde fram med tilbodet om ultralyd i veke 18, med informert munnleg samtykke frå den gravide. På spørsmål frå pressa svarte eg at ultralyd i 1. trimester var neste steg. Det krevde 25 år med debatt.

Figur 1: Faksimile frå media i tida 1990–1995. Frå Lise Kvandes PhD, Bilete av svangerskap – bilete av foster. NTNU 2008.

28

Medlemsblad for Norsk Gynekologisk Forening


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Ny nettbasert lærebok i Gynekologi og Obstetrikk

3min
pages 62-64

“Midt i livet” - 50 år med rivende utvikling

4min
pages 60-61

Spesialitetskomiteens historie

7min
pages 56-57

Keisersnittets (distrikts-)debut

2min
pages 58-59

FUGO-kurs høsten 2021

1min
pages 54-55

Kjære alle LiS og FUGOister

3min
pages 52-53

Viktige frister

8min
pages 38-40

Invitasjon til årsmøtet

3min
pages 41-42

Abort – eit tema for gynekologar

3min
pages 48-49

Hyperemesis gravidarum – Har dette forandret seg i løpet av 25 år da?

2min
pages 32-33

Infertilitetsbehandling de siste 25 år Stadig dagsaktuelt og i jevn utvikling

6min
pages 34-35

Covid-19 ved svangerskap og fødsel Vitenskapelige resultater per mai 2021

3min
pages 50-51

Svangerskapsomsorgen – stor og viktig, og litt uvitenskapelig

4min
pages 30-31

Nytt fra NGF-styret

3min
pages 36-37

Fødselshjelp gjennom 25 år

4min
pages 26-27

Bekkensmerter – Fra et knapt eksisterende fagfelt til hensiktsmessig behandling

3min
pages 24-25

Gynekologisk onkologi de siste 25 år - En utvikling å være stolt av

5min
pages 22-23

Ultralyd og fosterdiagnostikk – ved målet i Noreg etter 40 år?

4min
pages 28-29

Utviklingen i gynekologisk privat praksis og avtalepraksis de siste 25 år

3min
pages 18-19

Gynekologisk endokrinologi i 25 år

5min
pages 20-21

Operativ gynekologi – En generasjons tilbakeblikk

4min
pages 16-17

Norsk gynekologisk forening 75 år - Hva er nytt siden 50-årsjubileet?

0
pages 10-11
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.