2 minute read
Ivar Aasen: «Nordmannen»
ivar aasen (1813–1896) kan du lese meir om på side 326. Aasen var norsk språkforskar og diktar. Midt på 1800-talet samla han inn språkprøver frå store delar av Noreg, som etter systematisering og organisering danna grunnlaget for eit nytt norsk skriftspråk, landsmålet (i dag: nynorsk). om teksten Til venstre ser du diktet slik Ivar Aasen skreiv det i 1875. Til høgre ser du ein modernisert versjon.
NORDMANNEN
Tone: L.M. Lindeman
fenge: fått tuftene: tomtene deim: tidlegare objektform av pronomenet «dei»
rudningen: ein stad der ein har rydda jord for å bygge hus bårute: bølgete ruskut: ruskete, dårleg vêr
stundom: i blant
grønkar: noko som blir grønt ljose: lyse Millom Bakkar og Berg ut med Havet heve Nordmannen fenget sin Heim, der han sjølv heve Tufterna gravet og sett sjølv sine Hus uppaa deim.
Han saag ut på dei steinutte Strender; det var ingen, som der hadde bygt. «Lat oss rydja og byggja oss Grender, og so eiga me Rudningen trygt.»
Han saag ut paa det baarutte Havet; der var ruskutt aa leggja ut paa; men der leikade Fisk ned i Kavet, og den Leiken den vilde han sjaa.
Fram paa Vetteren stundom han tenkte: Giv eg var i eit varmare Land! Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte, fekk han Hug til si heimlege Strand.
Og naar Liderna grønka som Hagar, naar det laver av Blomar på Straa, og naar Næter er ljosa som Dagar, kann han ingenstad vænare sjaa. Mellom bakkar og berg utmed havet heve nordmannen fenge sin heim, der han sjølv heve tuftene grave og sett sjølv sine hus oppå deim.
Han såg ut på dei steinute strender; Det var ingen som der hadde bygt. «Lat oss rydja og byggja oss grender, og så eige med rudningen trygt.»
Han såg ut på det bårute havet; der var ruskut å leggja ut på; men der leikade fisk nedi kavet, og den leiken, den ville han sjå.
Fram på vinteren stundom han tenkte: Gjev eg var i eit varmare land! Men når vårsol i bakkane blenkte, fekk han hug til si heimlege strand.
Og når liene grønkar som hagar, når det laver av blomar på strå, og når netter er ljose som dagar, kan han ingen stad venare sjå.
Frå Symra, 3. utgåva 1875.
OPPGÅVER
1 Samanlikn språka i dei to versjonane av «Nordmannen». Peik på endringar i ord, skrivemåtar, bøyingar og liknande. Vil du seie at nynorsken har utvikla seg mykje gjennom åra?
2 Diktet skildrar «nordmannen». Kva for tre adjektiv vil du bruke for å skildre Aasens framstilling av nordmannen? Samanlikn adjektiva dykkar i klassen. 3 Blir den norske naturen skildra negativt eller positivt i diktet? Grunngi svaret ditt ved hjelp av eksempel frå diktet.
4 Arranger Lego Masters – Nordmannen edition i klassen! Avtal ein dag der alle som har Lego, tar det med på skolen. Del klassen i grupper, og la kvar gruppe få ei strofe av diktet som dei skal visualisere ved hjelp av Lego. Når modellane er ferdige, kan de saman utforske dei og bruke dei som inngang til ei tolking av diktet.
Frå Norges Bondekvinnelag Sangbok. Landbruksforlaget, 1995.