2 minute read
Arne Garborg: Haugtussa (utdrag
arne garborg (1851–1924) og diktsyklusen Haugtussa, som diktet «Til deg du heid og bleike myr» (1895) er henta frå, kan du lese om på side 222. Veit du kva ei haugtusse er?
heid: hei, høgareliggande strekning med gras eller lyng bukkeblad: plante med kvite blomstrar, brukt i folkemedisin kvad: dikt um: om sviv: dreie seg, kretse dimd: mørkt, uklart draug: gjenferd dulde: skjulte galdre-song: trolldomssong, kan trollbinde mannefall: når mange mennesker døyr sigers ljod: lyden av siger
HAUGTUSSA (UTDRAG)
Til deg, du heid og bleike myr med bukkeblad, der hegre stig og heilo flyr, eg gjev mitt kvad.
Til deg, du visne lyng um haug, der draumar sviv, eg gjev min song um dimd og draug, og dulde liv.
Eg kjenner deg, du trollheim grå, du skugge natt! Eg rømde rædd; men stundom må eg sjå deg att.
Eg kjenner deg, du havsens marm med galdre-song; du gauv meg gru i rædde barm so mang ein gong.
Eg kjenner striden tung og sein mot trolldoms vald. Gud hjelpe oss for brotne bein og mannefall!
Eg kjenner deg – eg kjenner deg, som ikkje vann! –Eg såg din strid, eg veit din veg i skugge-land. Eg røynde sjølv den striden stygg i mange år, med ville mod, med bøygde rygg, med svære sår.
Du um meg sviv, du hjå meg sit, du arme ånd! I meg du enno riv og slit i dine bånd.
Eg veit det vel: dei sterke troll, den vilje rik; ein båt i foss, eit kvad i moll, sløkkt i eit skrik.
Men lerka stig frå gløymde grav med sigers ljod; og vinden stryker inn av hav so frisk og god.
Og um me kjenner gråt og gru og saknad sår, so må me lerkesongen tru, som lovar vår.
Frå Haugtussa. Aschehoug, 2000.
OPPGÅVER
1 Beskriv forma og rimmønstera i dette diktet.
2 Kva er gjer dette diktet nyromantisk? Du kan lese om nyromantikken på side 222.
3 Ei sentral gjentaking her er «Eg kjenner deg». Kven er det det lyriske eget kjenner? Kva kan det bety at ho kjenner dei ulike skapningane og fenomena?
4 Dette diktet kan fortelje lesaren kva som skal skje med Veslemøy gjennom resten av diktsamlinga, om ein tolkar naturbeskrivingane som metaforarar. Reflekter over kva Veslemøy skal gå gjennom.
5 Reflekter over korleis dei underjordiske, mørke kreftene i diktet kan henge saman med det vi i dag ser på som psykisk (u)helse. Diskuter med ein medelev.
6 Lytt til tolkinga av «Til deg, du hei og bleike myr» på albumet Der draumar sviv (Verbaan og Undheim), som du kan finne på Spotify eller YouTube. Kva for stemning blir skapt av framføringa og musikken, og korleis synest du at stemninga passar til innhald og tema i diktet?