Gynekologen nr. 4.2021

Page 30

Intervju Forskar og rockar. Her frå finalen i Forsker Grand Prix i 2012.

Ragnar Sande

Ragnar Sande er nyvald leiar i Norsk Gynekologisk Forening. Sjølv skildrar han seg som ­fostermedisiner, forskar, rockar og familiefar, men ikkje i akkurat den rekkefølgja. Øystein Bergøy

LiS ved Stavanger Universitetssykehus og ­nestleder i FUGO

tre generasjonar med lærarar før seg i slektstreet. Oldemor og oldefar Sande var sågar dei første lærarane i Sandane, der Ragnar er oppvaksen. - Men eg ser medisinen litt som ein omveg til læraryrket.

Eg treff Ragnar på kontoret hans på SUS, der han mellom anna er seksjonsoverlege på fødepoliklinikken, forskarkoordinator og ikkje minst gitarist og vokalist i husbandet «Obstetriske menn». Ein samfunnsdebatant sa ein gong at å bli plassert på bord saman med ein lege var det keisamaste han kunne tenka seg. Dei er blitt mindre interessert i kunst, historie og politikk, og meir einspora fagmenneske, meinte han. Dette gjeld ikkje Ragnar. - Eg hadde eigentleg tenkt meg å bli lærar eller ingeniør, men far min meinte eg burde bli lege sidan eg gjorde det så godt på skulen. Det hadde kanskje ikkje vore så unaturleg at den unge og lovande Sande skulle søkt seg inn på lærarhøgskulen, ettersom han har

30

Medlemsblad for Norsk Gynekologisk Forening

Undervisning av studentane gjennom si stilling som første­ amanuensis ved universitetet i Bergen er noko han sett stor pris på. Han synest det beste med undervisninga er at studentane stiller spørsmål ingen andre torer å spørja. Då eg spør om han vil dela nokre av det han har lært som undervisar dreg han raskt inn erfaringane sine frå deltakinga i Forskar Grand Prix i 2012 (der han forøvrig vann delfinalen i Stavanger): - Ting treng ikkje vera keisamt, berre det er korrekt. Han skunder seg å legga til at han likevel blir stadig meir skeptisk til det som kan oppfattast som gimmickar. Etter at han som medisin­student underviste sjukepleiarstudentar om green-stick-­ frakturar har dei som deltok på undervisninga i ettertid huska godt ­macheten og dukka laga av kvist, men ikkje heilt huska kva type fraktur det blei førelest over.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.