Norge Rundt
Noreg Rundt Førde Sentralsjukehus Naturen på Vestlandet er storslått, og om vi skal seie det sjølv, særskilt i «gamle» Sogn og Fjordane. Med bratte fjell, djupe fjordar og øysamfunn i havgapet er geografiske faktorar essensielle for pasientbehandlinga vår. Det er som kjent litt vêr og vind i vår region, og omgrepet «flyvêr» kjem tidvis opp til diskusjon. Vi er stolte over regionen vår, då ikkje berre naturen, men òg innbyggarane som med å bu her viser at ikkje alle trenger å bu i by og sentrale strøk for å ha det godt. Vi trivst best i litt grissgrente strøk, og vi ved Kvinneklinikken er stolte av å vere ein del av helsetilbodet i denne flotte regionen. Siri Tangedal Nordeide Lege i spesialisering
Førde er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, no del av Vestland fylke. Førde var tidlegare eigen kommune, men blei slått saman med fleire nabokommunar og danna Sunnfjord kommune 01.01.2020. Innbyggartalet steig då frå ca
34
Medlemsblad for Norsk Gynekologisk Forening
10 420 til 21 960. Sunnfjord kommune ligg i regionen Sunnfjord i lag med tre andre kommunar, men Sogn og Fjordane består òg av regionane Sogn og Nordfjord. Dermed skal Sentralsjukehuset i Førde dekke eit befolkingsgrunnlag på ca 107 000. Det er i tillegg to mindre lokalsjukehus i Lærdal og på Nordfjordeid. Helse Førde har om lag 3000 tilsette og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Kvinneklinikken er ein del av Førde sentralsjukehus si spesialist eining og har vore i drift sidan 1980. Avdelinga driv poliklinikkar innan gynekologi og obstetrikk, operative prosedyrar innan generell gynekologi og utredning/behandling av gynekologisk kreft. Fødeavdelinga vår er lokalisert ved sentralsjukehuset i Førde.