Kyrkjeblad Skjåk og Nordberg - påske 2023

Page 11

Skjåk

f KYRKJEBL AD 2014 gjeld_kyrkjeblad jul 03 31.03.14 13.47 Side 1 r g ike, å bord man dtrivnad ord. angfald n sjå glar stråulikt, å! KYRKJEBL AD r uheim Siri Hvitsand Kyrkjeblad påske 2014 gjeld_kyrkjeblad jul 03 31.03.14 13.47 Side 1
Nr. 1 • Mars 2023 • 83. årgang
”Påskemorgen”
KYRKJEBLAD
og
Nordberg

Påskeandakt Biskopen

Frå bispekåpa til Hamarbiskopen. Motivet er Guds lam framstilt som den seirande Kristus, berande på korsfana – seiersfana.

Symbolet sit på den minste delen av bispekåpa – på spennet framme som held kåpa saman. Guds lam er eitt av kristendommen sitt sterkaste symbol.

Foto: Kirsti Hovde

Kristus er her, fordi vi er her

Kvinnene fann grava tom.

Dei fann ikkje Jesus sin kropp, står det. Kvar var han eigentleg, den oppstandne? Det funderte dei også på, kvinnene ved grava.

Det skjedde noko. To framande spør: «Korfor leiter dykk etter den levande mellom dei daude?»

Spørsmålet må ha vekt noko i dei. «Da hugsa dei orda hans», står det. Det minna dei om det Jesus hadde sagt før han døydde. Ja, dei hugsa ikkje berre orda hans. Orda sette dei i rørsle. Dei gjekk, dei sprang og dei fortalde det til alle dei andre.

Undervegs møtte dei han også, den oppstode Jesus Kristus. Dei kjende

han ikkje att med det same. Hadde vanskeleg for å tru at det kunne vere han. Men han synte seg for dei på vegen. Når han snakka med dei, og gjekk saman med dei eit stykke. Når han delte brød og vin ved bordet. Når han ropa oppmuntrande til dei på ein dårleg arbeidsdag etter timar med slit på sjøen, utan ein einaste fisk i garnet. Det var hendingar kor dei kjende han att. Kjende att Guds kjærleik og nåde i det kvardagslege livet. Kor Jesus plutseleg var midt iblant dei, fysisk, konkret, som eit anna medmenneske. Som gav tru, håp og kjærleik i dei og blant dei og gjennom dei. Ja, som sette dei i rørsle til andre.

Tru på oppstoda sett menneske i rørsle. Fyrst kvinnene ved grava. Så dei andre disiplane. Deretter kyrkja og menneska over heile verda. Tru på oppstoda er drivkraft til liv. Den er heilt grunnleggande ikkje berre i kyrkjas liv, men i verdas liv.

Tru på oppstoda vart til rørsle, og rørsla vart til ei kyrkje – og til liv for mange. Å ja, kyrkja kunne trø feil, gjere menneske urett, svikte Gud. Men den ber også tru til trøyst, håp og handling. Som ubrote rører seg utover, til utkanten. Til verda.

Jesus er ikkje i grava.

Han har stått opp.

Han er her, fordi vi er her.

2
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
OLE KRISTIAN BONDEN Biskop i Hamar

Ei feiring av livet sjølv

Vi går no inn i påskeveka. For særs mange ei flott ferietid, for nokre stress og mas og reiser hit og dit, og for kyrkja ei feiring av Jesu liding, daud og oppstode. Eller meir presist: ei feiring av livet sjølv!

Kan vi seie at påska er ei tid for motsetnader?

Ganske mange gonger er eg på grublestadiet, og eg grublar sjølvsagt over kyrkja og kyrkjelydane våre her i Skjåk. Det er lett å føle at eg ikkje strekker til; vi har ikkje nok friviljuge til å hjelpe til med alt vi ynskjer å gjere, og besøket i kyrkja er nokre gonger så som så. Dåpstalla i kyrkja nasjonalt peikar nedover. Det same gjer konfirmantdeltakinga. Presset til å prestere skaper stress og uro. Vel, det er lett å fortape seg i alt det som er negativt og utfordrande.

Men her er og ein motsetnad; bilete er ikkje eintydig. For sanninga er at etter nyttår har vi særs mange dåp i kyrkja vår, mange festkledde folk som kjem for å være med i seremonien. Og fleire dåp er i vente no i påska og til pinse. Vi har og ein særs høg prosent på deltaking til konfirma-

sjon både i Lom og Skjåk. Og sjølv om talet på friviljuge kunne ha vore høgare, så har vi mange gode hjelparar i råd og utval, og til hjelp på gudstenestene, og til diakonale tiltak. Og med dei ressursane vi har så får vi til utroleg mykje.

Det er livet som vinn! Det er påska sitt bodskap! Og når vi kjem inn døra i Nordberg kyrkja så er det den sigrande Jesus Kristus vi ser på altertavla. Han som sigra over dauden, og fekk nytt liv.

For Gud bryt inn i alle våre gjeremål, og Guds ord verkar inn på liva våre. Til det beste for oss sjølve og for nesten vår. Når tvilen og trua tvinnar seg inn i eit utydeleg og uroleg gudsbilde, så slapp av! Trua vår er ikkje ein prestasjon. Trua vår skal vi kvile i, slik vi skal kvile i gudsorda som kjem til oss. Om vi likevel må prestere, så prester ein takk for livet og ein takk for alle vi har kring oss!

Om vi ynskjer å beskrive trua vår, så kan vi nytte Martin Luther sin enkle tyding: tru er å ha tillit til Gud. Difor har eg lagt ved eit bibelvers frå Johannes-evangeliet, der Jesus nettopp har overvunne dauden som Lasarus fekk. Han hadde vore daud i fire dagar da Jesus vekte han opp att til nytt liv. Der seier Jesus til Maria, Lasarus sin søster; ”Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve

ikkje døy. Trur du det?” (Joh 11,2526.)

Der livet vårt bryt mot å oppretthalde livet sjølv, og når utfordringane vert verkeleg vanskelege, så er desse orda gode å reflektere over. Trur vi at Jesus vinn over dauden? Og trur vi at dette kan være eit godt døme for oss å tru på?

Salmediktaren Svein Ellingsen er ikkje i tvil. Han ropar ut i ei av dei vakre salmetekstane sine:

Døden må vike for Gudsrikets krefter! Livet er gjemt i et jord-dekket frø. Se, i oppstandelsens tegn skal vi leve. Se, i oppstandelsens lys skal vi dø. (Salme nr 209 vers 5 i salmeboka vår)

Med desse refleksjonane ynskjer eg kvar og ein ei god påske. Nyt fritida, nyt den flotte naturen vi har, nyt livet, og nyt kvarandre.

3
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
Soknepresten
Kåre Gloslie 2690 Skjåk Tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no Skjåk Kjøpesenter - alt du treng! Velkomen til triveleg handel! Skjåk Kjøpesenter Skjåk Bil
AS
Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70

Kyrkjekontoretinformerar

Påskedagen er fyrste sundag etter fyrste fullmåne etter vårjevndøgn.

Vårjevndøgn – er når dag og natt er like lange – ligg alltid mellom 19. og 21. mars. Påskedag kan derfor berre ligge i perioden mellom 22. mars og 25. april.

2023 og vi har alt lagt bak oss 3 månader av det nye året. Årets kyrkjekonfirmantar er godt i gang med undervisinga si, vore på HEKTA leir og har starta opp med å vere medhjelparar på messene. Det er triveleg å bli kjent med kyrkjekonfirmanatne

Nytt i år er at dei får servert eit varmt måltid, når dei kjem rett etter skuletid. Triveleg start på undervisingstida. Verdien av å samlast rundt bordet for eit fellesmåltid, vert ikkje sett nok pris på i mange samanhengar.

Fasteaksjon 2023 28. mars er konfirmantane i Skjåk klare for innsamling til Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon.

Gild gåve

Kyrkja i Skjåk har fått gild gåve frå Anne Bjørg Morken Gartland.

På eige initiativ har ho laga dåpskjole og lue til dokka vår som vi nyttar m.a. i trusopplæringa.

Kirsti Kolsøe Morken har bidrege med ty til stasen. Hjarteleg takk til båe to.

Fyrste høve til å sjå dåpskleda i bruk blir på tårnagentmessa i Nordberg kyrkje 21. mai.

Retting

I kyrkjeblad nr 4 2022 sneik det seg inn ein feil på det eine dåpsbarnet som var avbilda.

Det var Linnea Yttre Dalheim som vart døypt i Skjåk kyrkje 27. november.

Med ein brønn på landsbygda i Tanzania får jenter, som elles ville gått store avstandar for å hente vatn til familien sin, moglegheit til å gå på skole og få utdanning. Tilgang til reint vatn fører til færre vassbore sjukdomar, og gjev betre helse. Smarte dryppsystem gjev bønder i Tanzania og Malawi moglegheit til å tredoble inntektene sine, og såleis stå betre rusta mot klimaendringar. – Gjennom Fasteaksjonen er vi med på å gje håp og forandring for menneske som treng det mest. Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp handlingsrommet som må til for å redde og forandre liv. Vi håpar konfirmantane vert teke godt imot.

VATN FORANDRAR LIV. FORANDRE FOR ANDRE. SAMAN.

Vipps 2426

Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp moglegheit til å redde liv i akutte kriser og forandre liv på sikt. Takk vere innsamla middel, mellom anna frå fjorårets fasteaksjon, hadde Kirkens Nødhjelp moglegheit til å gje akutt nødhjelp til flyktningar då krigen braut ut i Ukraina for over eitt år sidan. I Syria gjev Kirkens Nødhjelp katastroferespons til jordskjelvråka i form av mat, vatn, hygieneartiklar og teppe. Samarbeid med lokale partnarar mogleggjer rask respons når kriser og katastrofar inntreffe.

Fasteaksjonen bidreg til at Kirkens Nødhjelp også kan forandre liv på sikt. Aksjonen har i år fått tittelen «Håp i ein drope vatn». Vatn gjev håp og positive ringverknader for enkeltmenneske og lokalsamfunn.

Jordtimen /Earth Hour Den 25. mars 2023 kl. 20.30 til 21.30 er klokkeslettet for å markere at verda står samla i kampen mot klimaendringar og for ein levande natur. Skjåk kyrkjelege fellesråd har markert dette i mange år og gjer det og dette året.

Earth Hour er namnet på ei symbolsk handling for klimaet , som har utvikla seg til å bli ei internasjonal årleg kampanje. Den går ut på at private , verksemder, organisasjonar og offentlege myndigheiter sløkke elektrisk ljos i ein time på ein bestemt dato, og på denne måten markera sin vilje til å stå saman mot klimaendringane.

Kyrkjeval 11.september 2023

Nominasjonsnemnda for kyrkjevalet 2023 er ferdige med arbeidet sitt og

RAKARDUGNADAR PÅ KYRKJEGARDANE VÅRE

Nordberg kyrkjegard

ONSDAG 3. MAI

Skjåk kyrkjegard

TORSDAG 4. MAI

Båe dagane frå kl. 18.00. Ta med høveleg reidskap og godt humør. Enkel servering.

4
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

listene blir overlevert til Skjåk kyrkjelege fellesråd 31.03. kl. 12. Det er dei som utgjer valstyret for Kyrkjevalet 2023 i Skjåk. Håpar at flest mogleg nyttar stemmeretten sin.

Soknemøte: Det har vore gjennomført soknemøte både i Nordberg Sokn og Skjåk Sokn med handsaming om eit felles sokneråd i Skjåk. Dette fordi det på Kirkemøtet i 2022 vart fastsett reglar for Ordning for felles menighetsråd for fleire sokn. Oppfylgjing av Kirkeordningens §8,3 ledd.

Skjåk har vore innvilga prøveperiode frå 2013, og nå er det innvilga at dette skal vere permanent.

Kyrkjeblad: Saman med denne utgåva av Kyrkjebladet for Skjåk og Nordberg fylgjer det ein giro for friviljug gåve til Kyrkjebladet. Gåva kan gjevast på konto nr. 2085 07 45170 eller vipps 76 09 74 merk kyrkjeblad.

Fleire utfordringar på Skjåk kyrkje Ved utskifting av takrennene vart det oppdaga at båe takflatene på sørskipet har mange skadar både på spon, mønekam og mønepanne. Det vart såleis utarbeidd ein ny tilstandsrapport på tak på Skjåk kyrkje, som var klar nå nyleg. Det er anbefalt full utskifting av spona på sørskipet..

Utdrag frå rapport:

- Demontere all spon på sørskipet. Mønekam og mønepanne demonterast og kopierast eller bøtast. Endeleg vurdering av tilstanden blir når den er demontert.

- Taktroa har nok ein del råteskader. Disse skiftes, eventuelt skøytast. Det ser ut som at taket er reparert fleire gonger, det er diverse bord som er brukt under sponane. Det brukast bord som har same utforming og kvalitet som dei antatt opprinnelege.

- Heile sørskipet får nytt spontak med same dimensjon som dei som ligg der i dag. Vindskiene sjekkast og nye råtebord.

- Dei andre takflatene sjekkast og enkeltspon som er øydelagt/ sprukke skiftast.

- Mønepanner/ kammer, vindskier og råtebord sjekkast og eventuelt utbetre. Vindskia på sørsida av koret må skiftast / bøtast.

- Tetting av opningar i laftekassa med tjæredrev og tjære.

- Loftet bør ryddast og all isolasjon bør skiftast. Det legge ein pustande duk

på himlinga og oppå isolasjonen.

- Etablere gangveg frå loftsluka til tårntrappa og inspeksjonsgangar i sideskipa.

- Heile kyrkja tjærebreiast. Alt dette bør gjerast men korleis ein skal få dette til økonomisk står att å få til.

Skjerm/mur ved Nordberg kyrkjegard. Etter søknad og dialog med Statens vegvesen er det innvilga dispensasjon frå byggrense v/rv 15 Nordberg kyrkjegard innafor visse vilkår.

Dugnad:Vil og minne om dugnadane på kyrkjegardane 3. og 4. mai. Det vil i år og bli plassert konteinarar ved kyrkjegarden, viss nokon vil kome for å ta sin del av dugnaden, på eit anna tidspunkt.

8. mai 2023 Freds- og veterandagen

8. mai skal sjølvsagt markerast i år og. I tillegg til høgtid ved bautaen, vert det konsert i Nordberg kyrkje. Sjå side 16.

Dåpsljosstakar: Ved dåp i ei av kyrkjene våre plar dåpsbornet få ein dreia ljosstake med namn og dato på. Det var Melvin Haugen som var vår fyrste produsent. Seinare åra har Ragnvald Roen hjelpt oss med dette. Ei tid hadde vi ingen, men inntil vidare har Remi Andre Aamodt produsert for oss. Noko vi er svært takksame for.

Dette er eit fint minne å få med seg Med ønskje om ei god påske.

5
Arnborg Teigum Kyrkjeverje

Ny biskop

Velkomen biskop Ole Kristian Bonden!

– Eg vil arbeide for kyrkjer og fellesskap som er opne, og der folk kan føle seg frie å oppleve at dei høyrer til.

Det sa biskop Ole Kristian Bonden i takketala si til dei frammøtte etter at han vart vigsla som biskop i Hamar domkyrkje 29. januar 2023.

Innsettinga av Bonden skjedde i ei høgtideleg gudsteneste med fullsett domkyrkje, der H.M. Kong Harald deltok. Det gjorde også representantar frå Storting, Regjering og rettsvesen saman med inviterte gjester og folk flest.

Biskopen vår er oppteken av ei raus og open folkekyrkje der alle kan kjenne seg heime. – Vi skal bygge på dei gode tradisjonane vi har, der mange

menneske, både tilsette og frivillige, gjer ein innsats for kyrkja si kvar dag, seier han.

Han ønskjer også at kyrkja skal bidra til håp i ei verd prega av krig. – Eg trur kyrkja betyr mye for folk, og det er mange utfordringar vi slit med både på det personlege plan, men også i verda i dag. Da treng vi ein stad å ta vare på draumane våre om håp, om at det umoglege kanskje kan skje, at vi saman arbeider for både håp og kjærleik, seier han.

Han trekker fram dei to forgjengarane sine, Rosemarie Köhn og Solveig Fiske, som førebilete og store inspiratorar. Dei var tydelege på at «Inga tru er for lita» og at «Gud gjer ikkje forskjell på folk». Dette er verdiar han sjølv ønskjer å vidareføre.

Vigslingsgudstenesta ga eit godt bilete av dette. Her var det barnekor saman med domkoret, tekstlesing med representantar frå ungdomsråd, samisk utval og det nordiske bispekollegiet, og også dans som ein del av seremonien. Ole Kristian Bonden vil ha gudstenester der fleire kan kjenne att livet. – Dan er ein uttrykksform som kan formidle kjensler, stemningar og bodskap som ikkje alltid ord kan gjere seier han.

6
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg Foto Alf Simensen NTB

Han tar nå fatt på oppgåva med å leie kyrkja i Hamar bispedømme inn i framtidas utfordringar og moglegheiter:

– Som biskop i Hamar skal eg gå saman med dykk og bere korset som Kristi merke, som kyrkjas teikn i verda, som ei påminning om at ingen går einsleg. Eg vil arbeide for kyrkjer og fellesskap der vi kan finne openheit, fridom og tilhøyrsle.

7
SkjåkBYGG & VEDLIKEHOLD AS SkjåkBYGG & VEDLIKEHOLD AS Tlf: 97 03 05 96 Tlf 61 21 21 90
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
– Eg vil gå inn i gjerninga, med den nåde Gud vil gje meg.
Biskop Ole Kristian Bonden
Foto Alf Simensen NTB

Leir har vore eit stort sakn i konfirmasjonstida gjennom Corona-nedstengninga. I år opna dette endeleg opp att, og konfirmantane frå både Lom og Skjåk var påmeldt den store leiren på Lillehammer saman med om lag 800 andre, 2. helga i februar.

Turen gjekk fint med felles turbuss nedover til Haakons hall der vi vart teke godt i mot og innlosjert på sovesalar under tribunane. Om kvelden var det opningsseremoni i Lysgårdsbakkane med fakkeltog og tenning av det store fakkeltårnet frå OL. Deretter gjekk det slag i slag heile helga med ymse aktivitetar, felles måltid, undervisning og underhaldning frå scena.

Konfirmantane kunne sjølv ynskje kva dei ville delta på av aktivitetar som

alpin, bob, aking, dans og kunst. Vi var heldige med været så det vart fine dagar ute.

Undervisningsopplegget er det HEKTA-systemet som står for og dette var fullt av musikk, sang, humor og refleksjonar. Her er også mange tidlegare konfirmantar med og formar innhaldet som leiarar. Eit fast innslag på desse samlingane var konkurransar mellom leiarane og årets konfirmantar og to av Skjåk-konfirmantane var deltakarar på eit av desse innslaga.

Dei måtte sjå seg slått i stabling av eskar med pinnar, men det sto ikkje på innsatsen.

Laurdag vart det også arrangert eit såkalla globalmarked der alle konfirmantgruppene hadde kvar sine opplegg dei kunne samle inn pengar gjennom. T.d. ved håndbakkonkurransar, snøbading, spåing, massasje o.s.b. Pengane som vart samla inn går til eit prosjekt som heiter ”Hånd i hånd Uganda” som bidreg med skulemateriell og helsehjelp til funksjonshemma born og ungdommar i Uganda. Eit flott tiltak der mange fantasifulle idear kom til syne. Sundag morgon var det gudsteneste der dei fleste av prestane som var til stades deltok. Dette var også ei oppleving utanom det vanlege for oss som er vande med langt mindre forhold.

Av attendemeldingane vi har fått frå konfirmantane tydar det på at dei var tilfreds med turen, og dei trekkjer særleg fram det å treffe jamaldringar frå andre plasser som positivt. Konfirmantane har også høve til å kome attende på leirar seinare for sjølve å vere friviljuge leiarar for nye konfirmantkull. Ei oppgåve mange veks mykje på og finn stor glede i. Vi i kyrkja må få takka dei som var med oss av foreldre og andre og bidro til at det vart ein vellukka tur, og ikkje minst berømme konfirmantane som var ein veldig triveleg gjeng å reise saman med.

8
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg TEKST OG BILETE: ENDRE SKJÅK

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Konfirmantpresentasjon i Skjåk kyrkje 15.

Frå v. Gea Aurora Øiberg, Martine Heggebotten, Halvor Biløygard Johansen, Matilde Tuva Haagaa, Anna Sigrun

Randen, Ella Soglo, Ronja Morken

Gartland

2.r. Tommy Andersbakken, Lars Vange, Jon Sigurd Forberg, Kristian Rustad, Sina

Aurmo, Amalie Fallingen Stadeløkken

3. rekke Sokneprest Kåre Gloslie, Jonas

Knutsødegård Stenersen

FOTO:

Alle åtteåringar blir inviterte til tårnagentsamling i Nordberg kyrkje

sundag 21. mai.

Invitasjon kjem i posten.

9
Tlf 61 21 37 00 • post@melbytransport.no www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 • avd. Vågå 61 23 70 72 www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00 SKEIMO Tlf: 61 21 40 65
januar
ELIAS SPERSTAD
Skal du feire en stor dag? HØYFJELLSHOTELL På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper. +47 612 17 474 post@grotli.no Annonser_kyrkjebladet.indd 30 19.09.2022 10:53

Påskekviss...

1. Kven skreiv songen med tekstlinja ”... Vi har hørt at ingen snøfnugg er like...”?

2. Ingen snøfnugg er like, men grunnforma er lik. Kva form har dei?

3. Kva er ei oktogonal kyrkje?

4. Kva er Gallus gallus domesticus?

5. Kor mykje egg et vi påska samanlikna med resten av året?

6. Hjå dei yngste verker det som om påskeharen er meir populær enn påskekyllingen. Kvifor?

7. Kva for ein kjend amerikanar inviterer kvart år til påskeaktivitet på plenen sin?

8. Kvar ligg Påskeøya?

9. I påska går mange på ski, på gamalnorsk kalla skið. Kva betyr skið?

10. Er du på skitur kan du ta ein ”honnsnu”, kva er det.

11. Er raudsildre og sørgekåpe del av same famile?

12. På DigitaltMusemum ligg fine bilete av merra Mara på veg til Storberka, kvar er det?

13. Kor stor del av arealet i Skjåk tilhøyrer Skjåk allmenning?

14. Kva for fjell var verdas høgste før Mt. Everest vart oppdaga?

15. Fyrst i mars var mange ute og beundra nordljos over fjella. Er det nordljos på den sørlege halvkule?

16. Kva heiter påske på engelsk?

17. Kva for høgtid skulle Jesus feire da han kom til Jerusalem?

18. Kva heiter det minste landet i verda?

19. Kva har tertitt og talgokse felles?

20. Kva er Rockheim?

10
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
...eller små påskenøtter
Svar
1. Anne Gerte Preus 2. Sekskant 3. Ei kyrkje med ein åttekant som grunnplan 4. Det vitskplege namnet på høner (tamhøner) 5. Det dobbelte 6. Påskeharen kjem med påskeegg fulle av godteri 7. Den amerikanske presidenten 8. I Stillehavet, vest for det chilenske fastlandet. 9. Kløyvd trestykke, som i vedski 10. I fylje A. Dagsgard er det ”ein ganglsus avstikkar” 11. Nei. Raudsildre er ei urt og sørgekåpe er ein sommarfugl. 12. Storberka ligg på høgfjellet mellom Lundadalen og Neto, med Høysetet mot vest og Hesthøgda i aust. 13. 95%
18.
14. Mt. Everest
15.
Ja, men da heiter det sørljos
16.
Easter 17. Pesach, den jødiske høgtida for å minnast at Moses klarte å frigjera israelittane frå slvetilvære i Egypt.
Vatikanstaten
19. Begge er andre namn på kjøttmeis 20. Nasjonalt museum for populærmusikk

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Som kyrkjetenar i rundt 22år, har Ola Sylfest Brenna høyrt fleire salmar enn dei fleste av oss. Han hadde fyrst eit vikariat frå 1995. Så vart han fast tilsett som kyrkjetenar i Nordberg kyrkje frå 1998. Den stillinga hadde han til 2018. Etter det har han ved behov steppa inn som vikar.

- Eg har mange gode minne frå denne tida. Eit triveleg og variert arbeid der eg møtte folk i sorg og glede. På kyrkjegarden trefte eg ofte personar som var ute etter å finne spor etter slektningar, fortel Ola Sylfest.

Med sine kunnskapar og interesse for slekter og lokalhistorie, har mange hatt stor glede av å treffe han på kyrkjegarden. Sjølv på travle dagar om sommaren, tok Ola Sylfest seg alltid tid til å prate med folk, og hjelpe dei med å finne gravplassar eller andre ting dei lurte på. Interessa for lokalhistorie er nok like stor i dag.

På spørsmålet om kva som er «hans» salme svarar Ola Sylfest:

- Det er to å velje mellom. Den eine er «Himmelske Fader», den andre er «Med Jesus vil eg fara». Valet fell på «Med Jesus vil eg fara», seier Ola Sylfest.

Salmar var ein del av skulekvardagen da han var ung. Da han gjekk på Nordberg skule vart skuledagen støtt avslutta med song, da måtte alle stå oppreist. Og det var fast takst med matvers. Songen som vart brukt, var «Gud signe maten på vår jord», fortel 75-åringen. Han har nok å sysle med, da han og kona Susanne driv med sau på småbruket sitt. Og torsdagane er han på biblioteket der han samen med ein fast stab registrerer gamle bilde. Eit sosialt og triveleg gjeremål, tykkjer Ola Sylfest.

Ola Sylfest Brenna

Med Jesus vil eg fara

Med Jesus vil eg fara

På livsens ferd i lag. Gud, lat den samferd vara Alt til min døyand dag! Det er mi høgste æra, Det er mi største ros Hans fylgjesvein å vera Og vandra i hans ljos.

Min Jesus, sannings stjerna, Lys upp min myrke veg! Mitt hjarta vil so gjerna

Få fylgja etter deg. Du lyser enn i verdi Som fyrr frå Betlehem. Ver du mitt ljos på ferdi, Til heim med deg eg kjem!

Min Jesus, gjævast givnad, Min eignalut og skatt!

I all min gang og livnad

Meg støtt for augo statt! Som vesle blomen trugen

Ser upp mot sol og dag, Til deg så vender hugen, Til deg kvart andedrag.

Min Jesus, Sarons lilja, Bløm fagert upp i meg!

Lat ingenting meg skilja

Og riva burt frå deg!

Du vintre i Guds hage, Min kjære Herre Krist!

Unn ogso meg den lage At veksa som din kvist!

Du til di grein meg sette

Alt i min fyrste vår, Med livsens dogg meg vætte, Gav sol og signa år. Du vil og vokster gjeva Alt til min siste slutt, Lat meg i deg få leva, I deg få anda ut.

Tekst: Elias Blix 1875

Melodi: Antwerpen 1540 / Norsk folketone (Sunnmøre)

11
2690
61
90
POLLFOSS HOTELL I RESTAURANT En perle mellom aust og vest 61 21 47 00 • info@pollfoss.com • Skjåkvegen
Skjåk tlf
21 38
www.skjak-trelast.no
3484, 2693 Nordberg
Mi salme

Barmedåp

12
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
1 2 3 4
1. Malin Jakobsen vart døypt i Skjåk kyrkje 15. januar. Foreldre er Anette og Dan Jacobsen. Prest: Kåre Gloslie. Foto: Elias Sperstad 2. Frida Sveine Hov vart døypt i Skjåk kyrkje 26. februar. Foreldre er Astri og Ørjan Sveine Hov

12.

13
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
5 6
Frå før i ti´n Vi er så glade for at det stadig er barnedåpar i kyrkjene våre og at vi kan presentere borna her. Det er likevel grunn til å gruble litt over talet på ungar når ein ser denne lista frå eit kyrkjeblad under krigen. 3. Ola Bakke vart døypt i Skjåk kyrkje 26. februar. Foreldre er Anne Marstein og Eilev Bakke 4. Olav Thingnes Brinchen vart døypt i Skjåk kyrkje 26. februar. Foreldre er Mari Brinchen og Erik Thingnes 5. Ragnhild Flatmo Aukrust vart døypt i Skjåk kyrkje 26. februar. Foreldre er Signe Aukrust og Trygve Flatmo. 6. Kasper Johannesen Aamodt vart døypt i Nordberg kyrkje mars. Foreldre er  Lise-Lotte Johannesen og Brede Johannesen Aamodt.

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Messeplan

Sundag 2. april

kl. 11.00. Skjåk kyrkje. Palmesundagsmesse med dåp

Torsdag 6. april

kl. 11.30 Skjærtorsdagsmesse på Skjåkheimen

Fredag 7. april

kl. 11.00  Skjåk kyrkje. Langfredagsmesse

Laurdag 8. april

kl. 23.00 Lomskyrkja felles påskenattsmesse

Sundag 9. april

kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Påskedagsmesse med dåp

Sundag 23. april

kl. 11.00  Skjåk kyrkje. Messe med dåp. Konfirmantar deltek. Kyrkjekaffe.

Sundag 30. april

kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Messe med dåp. Konfirmantar deltek. Kyrkjekaffe

Måndag 8. mai

kl.18.00  Nordberg kyrkje. Markering av frigjerings- og veterandagen.

Onsdag 17. mai

kl. 12.00 Kraftverket. Messe på nasjonaldagen. Konfirmantar deltek.

Torsdag 18. mai

kl. 11.30 Messe på Skjåkheimen. Helgetorsdag.

Sundag 21. mai

kl. 18.00 Nordberg kyrkje. Tårnagentmesse med 8åringar.

Sundag 28. mai

kl .11.00 Skjåk kyrkje. Pinsedagsmesse med dåp.

Sundag 4. juni kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Messe der konfirmantar deltek

Onsdag 14. juni  kl. 16.00 Skjåk kyrkje. Konfirmantgjestbod

Sundag 18. juni kl. 12.00 Bångråttjønn. Feiring av skaparverkets dag.

Sundag 25. juni kl. 10.00 Lomskyrkja. Felles folkemusikkmesse.

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR

Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid.

Skjåk kyrkjelege liv www.skjaak.kyrkja.no

Blomefonda i Nordberg og Skjåk

Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder.

Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 / 906 77 563 eller e-post til: arnborg.teigum@ skjaak.kommune.no / kyrkjekontoret@ skjaak.kommune.no

Kontonr. NORDBERG BLOMEFOND 2085.64.37400 eller Vipps 141543

Kontonr. SKJÅK BLOMEFOND 2085.64.32409 eller Vipps 141547

Kom gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling.

Om du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, om du ikkje ringer. Dette fordi i informasjonen vi får frå vipps, berre står kven som har betalt.

Nordberg og Skjåk Sokn

Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset

Moavegen 30, 2690 Skjåk

Kontoradresse: Skjåk Energi

Moavegen 28 A, 2690 Skjåk epost: kyrkjekontoret@skjaak. kommune.no

Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00

Mobil: 909 56 437

Sokneprest

Kåre Gloslie tlf: 907 25 062 kare.gloslie@skjaak.kommune.no

Kyrkjelydsekretær

Kari Ørjasæter tlf: 909 56 437 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no

Kyrkjeverje

Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

Kyrkjetenar Nordberg

Amund Hånsnar, tlf: 913 89 051 a-haansn@online.no

Kyrkjetenar Skjåk

Lars Brennhaug, tlf. 482 68 809 lbrennha@online.no

Kyrkjetenar har kontortid etter avtale.

Organist Eirik Matias Urdi, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com

Trusopplærar

Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no

Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Aud Jotun tlf: 908 48 548 aud.jotun@skjaak.kommune.no

Kyrkjebladsutval:

Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@gmail.com

Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no

Aud Jotun, tlf: 908 48 548 aud.jotun@skjaak.kommune.no

Abonnere på kyrkjebladet

Innanbygds: Friviljug kontingent

Utanbygds: Kr. 200,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170

Vipps: 760974 - Merk «Kyrkjeblad»

Ans. utgjevar:

Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjebladet vert sendt til alle husstandar i Skjåk som ikkje har reservert seg for reklame. Og under føresetnad av at distribusjon køyrer ruta. Får du det ikkje i postkassa, kontakt kyrkjekontoret.

Framside: Måleri av Ida Sperstad

Foto: Amund Hånsnar.

14
april - juni 2023

Bollar og bok

Som vanleg vart også i år alle 4-åringar i sokna våre invitert til å få si eiga 4-årsbok frå kyrkjelyden. I år la vi opp dette arrangementet kring fastelavn og hadde bolleverkstad på Kraftverket i Bismo. Mondagen etter fastelavnssundag er kjend som både blåmandag og bollemandag og vi tykte det passa godt å ha bolleverkstad denne dagen. Her fekk alle frammøtte pynte sine eigne bollar med syltetøy, krem, melis og anna godt og vi prata litt kring kva faste er for noko, song litt saman og hadde i det heile tatt ei triveleg stund. Etterpå var

SKRIFTHUGGEREN AS

v/ Jørn Westby Inskripsjonar og oppussing av gravminne Tlf. 413 21 75 • post@skrifthuggern.no

Gravferdshjelpa Lom og Skjåk

Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonsering • Salmeark • Blomar • Minnesider anne@gravferdlomogskjaak.no

Bygd og ætt

Frå vogge til grav

NORDBERG SOKN

Døde:

Anne Haugen

f. 11.05.1944 – d. 15.12.2022

Steinar Asbjørn Åmot

f. 09.08.1942 – d. 12.01.2023.

Olav Peder Moen

f. 30.05.1934 – d. 23.01.2023

Otto Reidar Aamodt

f. 02.06.1936 – d.09.03.2023

Marit Hyrve

f. 20.05.1923 – d.15.03.2023

Døypte: 12.03.2023

Kasper Johannesen Aamodt

SKJÅK SOKN

Døde:

Gunnar Leif Tøfte

f.11.03.1964 – d. 02.12.2022

Unni Toril Forberg

f. 13.04.1949 – d. 23.01.2023

Agnes Auale

f. 05.05.1926 – d. 04.02.2023

det invitert til open kveldsmesse. Om nokon ikkje hadde høve til å ta del på dette arrangementet men allikevel ynskjer å få boka kan denne hentast på kyrkjekontoret.

Framme: Jonas Falling Lande

2 r. frå venstre: Theodor Kveum Aamodt, Mari Mølmen Dagsgard, Ola Even Gjeilo

3.r. Agna Kristine Westli Moen og Ole Jakob Akselen

FOTO OG TEKST: ENDRE SKJÅK

Skjåk Gartneri AS

Tlf. 901 69 255

Fylg oss på Facebook: Skjåk Gartneri

Døypte: 15.01.2023

Malin Jakobsen

26.02.2023

Frida Sveine Hov

Olav Thingnes Brinchen

Ragnhild Flatmo Aukrust

Ola Bakke

Vigde: 04.02.2023

Helene de Presno og Paul Hallvard Eiesar

Nergård Steinindustri A/S

Tlf: 71 29 98 88 • Ta kontakt med kyrkjetenarane

Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.

15
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
957 23 671 AKANTUS B L O M S T E R S k j å k K j ø p e s e n t e r • T l f 6 1 2 1 4 0 5 5
tlf

Konsert

Velkomne til konsert i Nordberg kyrkje 8. mai kl.19.00 med

TOM ROGER AADLAND

Tom Roger Aadland er ein av dei mest kritikarroste artistane i landet dei siste åra. Hausten 2023 gjev  han ut sitt tiande album. Det er ein oppfølgjar til albumet «Motgift» (2021), som har hausta strålande kritikkar. «Landets fremste Dylantolker leverer noen knallåter på egen hånd», skriv Aftenposten. Vårt Land kallar albumet «en hestekur mot likegyldighet og overfladiskhet». Dagsavisen meiner «det hadde vært på sin plass at Bob Dylan spilte inn disse sangene på engelsk». Klassekampen omtalar albumet som «det beste Aadland noen gang har gjort».

I desse dagar er Aadland aktuell med singelen «Kan ikkje gi oss». «Solid, klassisk gitarrock, umiddelbar melodi, knasende nynorsk», skriv Stavanger Aftenblad om den nye låten. Aadland har hatt ei rekkje låtar inne på spelelistene på norsk radio, og mange har nok høyrt songar som «Alle dei i ei», «Min beste ven på ein dårleg dag» og «Like til mi dør». Dylan-gjendiktingane hans gjer suksess på Det Norske Teatret

Bismo Bilverksted AS

i framsyninga «Vikla inn i blått». Dobbeltalbumet «Blondt i blondt» blei kåra til årets album av P1 Norsk på norsk då det kom ut. Han er også kjent som tekstforfattar for Hellbillies, Vamp og Marion Ravn.

Aadland sine Dylan-gjendiktingar har treft mange, og då den nye biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan tolka av Aadland det musikalske ønsket hennar og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Han var

også blant dei utvalde artistane i ein NRK-sendt TV-konsert då Dylan fylte åtti. Tom Roger Aadland er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen.

Billettar, kr 300,-, kan du få kjøpt på Kyrkjekontoret eller på vipps nr. 68 72 89

Garcia Holding AS

16
Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. Tlf.: 90 68 81 13
elektr Tlf 61 28 45 45
Turistheim
Skeid Kro epost: sissel@skeidkro.no YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53 tlf 97 70 08 14 • www. turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
bism
Skjåk
-
Industrivegen 82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no Tlf: 906 88 113
2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00 / 922 13 597 Bygger´n Skjåk, 2690 Skjåk • Tlf 61 21 38 80 2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.