1 minute read

Svein Inge Melander

Next Article
Marit Frydenlund

Marit Frydenlund

Svein Inge Melander

Terminal

Advertisement

Sommar Vaksen, men likevel for ung til å liggje i senga og tenkje på politikarar som ikkje gjorde noko anna enn det rette

Isdans Eg kunne kjenne lyden av kinn mot is, jamvel om ein på tribunen ikkje høyrde anna enn jubelen frå i går

Terminal Terminalstolane var grå, heilt til dei byrja harmonere med det varme raude vatnet frå sommarferiar som sakte men sikkert har fått ei hinne av patina

Synkron Kva hadde me sams der me låg i vatnet med hetter på hovudet

Fanst det noko anna val enn å stire opp på dei mange oppbevaringsboksane festa i taket

Nødbluss Eit mannskap på dekk i regnvêr – kvifor sende opp nødbluss når ein kan setje seg ned og studere glorier i byssa

Herbarium Den hemmelege gartnardraumen – eit grønt storsinn som kunne tilgje

best å flytte til eit drivhus verna mot den første stein

Memorabilia Jenta på tivoliet den sommaren sa lukke til, og då bilen stogga og turen var over, var det som om ho alltid kom til å vere der

eit strok av lavendel i ein sal der skrik, skrål og barnleg gløymsle rår

This article is from: