3 minute read

eit dikt frå samlinga Urd

70 noveller, og omsette sjølv romanar frå fransk.

Elisabeth Beanca Halvorsen f. 1979. skjønnlitterær omsetjar og forfattar. Har omsett Elfirede Jelinek sidan 2000, og gav i 2010 ut Piker, Wien og klagesang – Om Elfriede Jelineks forfatterskap. Har mellom anna omsett Smaken av eplekjerner av Katharina Hagena (2010) og Sjiraffens hals. En dannelsesroman av Judith Schalansky (2013).

Advertisement

Salbjörg Jósepsdóttir f. 1952 på ein liten gard på vestkysten av Island og der vaks ho opp. No bur ho i byen Isafjördur. Har mellom anna omsett Mælkebøtter og andet smukt. Fortællinger fra et land i forvandling (1999) av Leve Shannon og Mitt bankande hjarte (2011) av Alf Kjetil Walgerno.

Ika Kaminka f. 1958. Er kunsthistorikar, men har jobba som omsetjar sidan slutten av 1990-talet. Omset skjønnlitteratur frå japansk og engelsk, og kunstrelatert faglitteratur frå engelsk. Kaminka har omsett ei rekkje av Haruki Murakami sine bøker til norsk, og fekk Bastianprisen i 2012 for omsetjinga av hans 1Q84. Seinaste utgiving: den norske versjonen av Takashi Hiraide sin diktsyklus: Til valnøttens gjenstridige utholdenhet (oktober, 2013).

Martin Kellerman f. 1973. Svensk teikneserieskapar, mest kjend for Rocky, som vert trykt i fleire norske aviser. Rocky magasin kjem ut annakvar månad, og Rocky har også kome i fleire bøker på norsk – dei siste på Pelikanen forlag.

Sara Koch f. 1974. skjønnlitterær omsetjar. Utdanna cand.philol i litteraturvitskap ved Københavns Universitet. Har mellom anna omsett alle seks bind av Karl Ove Knausgårds Min Kamp. Omset i hovudsak frå norsk og amerikansk.

Runa Kvalsund f. 1987. Frilans litterær omsetjar, frå tysk og engelsk. Redaktør for bøygen.

Thomas Lang f. 1967 i Nürnbrecht. Forfattar med mastergrad i litteraturvitskap, busett i München. Føreles i kreativ skriving ved Ludwig-Maximilians-Universität München. Har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna IngeborgBachmann-Preis i 2005.

Amalie Kasin Lerstang f. 1988. Utdanna tekstforfattar frå Westerdals Høyskole og har studert litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Til dagleg driv ho det kreative produksjonsselskapet SELSKAP, og debuterer våren 2014 med romanen Europa på Cappelen Damm.

Ruth Lillegraven f. 1978. Forfattar frå Granvin i Hardanger. Debuterte med samlinga Store stygge dikt i 2005. Gav ut romanen Mellom oss i 2011, og har skrive tre barnebøker om Mari og Magnus. Er aktuell med diktsyklusen Urd,

8 som ho er nominert til Brageprisen for. Busett i Bærum.

Karl Lubomirski f. 1939. Austerriksk forfattar. Debuterte i 1974 og har gitt ut tolv diktsamlingar i tillegg til tre dramatiske verk, forteljingar, eventyr og reiselitteratur. Siste utgiving er Das Tor. Gedichte (2012). Busett i Milano.

Thomas Lundbo f. 1971. skjønnlitterær omsetjar, forfattar, gjendiktar og nestleiar i Norsk Oversetterforening. Omset hovudsakleg frå fransk. Har mellom anna nyomsett Honoré de Balzac sin Far Goriot. I tillegg har han omsett fleire av bøkene til Michelle Houellebecq, slik som Kartet og terrenget (2011), som han fekk Bokklubbens skjønnlitterære omsetjarpris for.

Brice Matthieussent f. 1950 i Paris. Omsetjar, skribent, redaktør og professor i estetikk ved École supérieure des beaux-arts de Marseille. Omset i hovudsak frå amerikansk, og har ein enorm produksjon. Debuterte som forfattar i 2009 med romanen Vengeance du traducteur.

Hilde Mugaas f. 1987. Masterstudent på litteraturformidling ved Universitetet i Oslo. Redaksjonsmedlem i bøygen.

Viktor Olegovitsj Pelevin f. 1962. Russisk forfattar. Litteraturen hans er prega av science-fiction, og av å leike med dei regjerande mytane som herska(r) i det sovjetiske og post-sovjetiske samfunnet.

Jan Erik Rekdal f. 1951. Lyrikar, gjendiktar og professor i irsk språk og kultur ved Universitetet i Oslo.

Hilde Rød-Larsen f. 1974. Har bachelor- og mastergrad i sosiologi og utviklingsstudiar frå London School of Economics. Har jobba i Plan Norge og som fjernsynstekstar i NRK. Dei siste åra har ho vore skjønnlitterær omsetjar på heiltid, og ho er medlem av Norsk Oversetterforening.

Sigbjørn Skåden f. 1976. Samisk forfattar frå Skånland i SørTroms. Debuterte i 2004 med diktsamlinga Skuovvadeddjiid gonagas (Skomakernes konge). Har sidan gitt ut ytterlegare ei diktsamling, ein roman og ei barnebok.

Ida Hove Solberg f. 1987. Frilans litterær omsetjar, frå fransk og engelsk. Redaktør for bøygen.

Peter Törnqvist f. 1963. Forfattar og litterær omsetjar, Göteborg. Har til dømes omsett Hilde Hagerup, Tore Renberg, Henrik Langeland og Lars Amund Vaage (jobbar akkurat no med Vaages siste, Syngja).

Iril H. Ullestad f. 1984. Tar mastergrad i russisk litteratur, og skriv masteroppgave om Insektenes liv av Viktor Olegovitsj Pelevin.

Marianne Lilleeng Walløe f. 1989. Har ein bachelorgrad i russisk litteratur og ein mastergrad i litterær omsetjing frå russisk.

Julianne Yang f. 1987. Frilansillustratør og seminarleiar i samanliknande litteraturvitskap ved Universitetet i Hong Kong. Busett i Hong Kong og driv nettstaden www.julianneyang.com.

This article is from: