Bøygen 4/2013

Page 7

70 noveller, og omsette sjølv romanar frå fransk. Elisabeth Beanca Halvorsen f. 1979. skjønnlitterær omsetjar og forfattar. Har omsett Elfirede Jelinek sidan 2000, og gav i 2010 ut Piker, Wien og klagesang – Om Elfriede Jelineks forfatterskap. Har mellom anna omsett Smaken av eplekjerner av Katharina Hagena (2010) og Sjiraffens hals. En dannelsesroman av Judith Schalansky (2013). Salbjörg Jósepsdóttir f. 1952 på ein liten gard på vestkysten av Island og der vaks ho opp. No bur ho i byen Isafjördur. Har mellom anna omsett Mælkebøtter og andet smukt. Fortællinger fra et land i forvandling (1999) av Leve Shannon og Mitt bankande hjarte (2011) av Alf Kjetil Walgerno. Ika Kaminka f. 1958. Er kunsthistorikar, men har jobba som omsetjar sidan slutten av 1990-talet. Omset skjønnlitteratur frå japansk og engelsk, og kunstrelatert faglitteratur frå engelsk. Kaminka har omsett ei rekkje av Haruki Murakami sine bøker til norsk, og fekk Bastianprisen i 2012 for omsetjinga av hans 1Q84. Seinaste utgiving: den norske versjonen av Takashi Hiraide sin diktsyklus: Til valnøttens gjenstridige utholdenhet (oktober, 2013). Martin Kellerman f. 1973. Svensk teikneserieskapar, mest kjend for Rocky, som vert trykt i fleire nor-

ske aviser. Rocky magasin kjem ut annakvar månad, og Rocky har også kome i fleire bøker på norsk – dei siste på Pelikanen forlag. Sara Koch f. 1974. skjønnlitterær omsetjar. Utdanna cand.philol i litteraturvitskap ved Københavns Universitet. Har mellom anna omsett alle seks bind av Karl Ove Knausgårds Min Kamp. Omset i hovudsak frå norsk og amerikansk. Runa Kvalsund f. 1987. Frilans litterær omsetjar, frå tysk og engelsk. Redaktør for bøygen. Thomas Lang f. 1967 i Nürnbrecht. Forfattar med mastergrad i litteraturvitskap, busett i München. Føreles i kreativ skriving ved Ludwig-Maximilians-Universität München. Har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna IngeborgBachmann-Preis i 2005. Amalie Kasin Lerstang f. 1988. Utdanna tekstforfattar frå Westerdals Høyskole og har studert litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Til dagleg driv ho det kreative produksjonsselskapet SELSKAP, og debuterer våren 2014 med romanen Europa på Cappelen Damm. Ruth Lillegraven f. 1978. Forfattar frå Granvin i Hardanger. Debuterte med samlinga Store stygge dikt i 2005. Gav ut romanen Mellom oss i 2011, og har skrive tre barnebøker om Mari og Magnus. Er aktuell med diktsyklusen Urd, 7


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.