3 minute read
William Shakespeare: Hamlet (utdrag
OPPGAVER
1 I første del av essayet skriver Montaigne om livets varighet og døden. Hva mener han er en naturlig død?
2 Hva viser eksemplene fra Romerriket om levealder?
Finn mer informasjon om allusjonene (referansene), og reflekter over hvordan disse kan bidra til å belyse temaet i Montaignes essay.
3 Hvordan bruker Montaigne personlige erfaringer i refleksjonene rundt emnet? 4 Finn fakta om levealder i Norge før og nå. Du kan finne statistikk på www.ssb.no. Hva forteller disse tallene om hvordan levekårene i Norge har utviklet seg? Presenter funnene deres i grupper.
5 Skriv et essay med utgangspunkt i Montaignes essay og faktaene du fant om levealder og levekår.
Du kan også trekke inn andre tekster, for eksempel
«Aftensalme» av Dorothe Engelbretsdotter side 142,
«Karens jul» av Amalie Skram side 417 og utdraget fra Sju dagar i august av Brit Bildøen side 462. Les mer om hvordan du skriver essay, på side 27.
william shakespeare (1564–1616) var ein engelsk diktar og dramatikar. Han har etterlate seg nokre av dei mest kjente tekstane i verdslitteraturen. Shakespeare skreiv i alt 154 sonettar og mange andre dikt, i tillegg til 38 skodespel. Skodespela blir framleis spelte på teater over heile verda, og fleire er filmatiserte. om teksten Hamlet er ein tragedie som blei skriven rundt år 1600. Du kan lese meir om dramaet på side 132.
edelt: godt, storsinna slynge: reiskap til å kaste noko med, ofte stein væpne: ruste seg med våpen fromt: gudfryktig, audmjukt kjøtkveil: kjøttkvern pine: liding, smerte spott: ord, åtferd som skal gjere nokon til latter hån: uttrykk for forakt tyrann: brutal eineherskar sjikane: krenking hovmot: overdriven stoltheit, ikkje respektere andre lovlaus: som er utan lover embetsstyre: eit styre av dei som hadde viktige stillingar i staten, som prestar, militære og futar.
HAMLET (UTDRAG)
Å vera eller ikkje, det er spørsmålet. Er det meir edelt at eit sinn held ut kvar pil og slynge frå ein skamlaus lagnad enn at det væpnar seg mot trengselshavet og trassig stansar det? Å døy, å sova, meir er det ikkje, enn med søvn å ende all hjarteverk og alle tusen stikk vår kropp er arving til, det blir eit klimaks ein fromt kan ønske seg. – Å døy, å sova, å sova, kanskje drøyme – det er hinderet, for der i dødens søvn, kva draumar kjem når vi har slengt av oss den dødens kjøtkveil som får oss til å nøle. Der kjem tanken som skaper pina vår: eit for langt liv. Kven heldt vel ut all verdsens spott og hån, tyrannens trykk, sjikane skapt av hovmot, forkasta kjærleiks pine, lovlaus makt, eit skamlaust embetsstyre og dei spark
ein dagdrivar kan gi ein trufast slitar, om rekneskapen kunne gjerast opp med dregen dolk. Kven ville bera børa, med grynt og sveitte i eit strevsamt liv, om ikkje angst for noko etter døden – bak grensa i det uoppdaga landet som ingen vender heim ifrå – stal vår vilje, ja, heller fekk oss til å bera pinsla enn til å fly mot landet ingen kjenner. Slik gjer vår tanke oss til feigingar – og viljens friske farge blir gjort sjuk av ettertankens gustne skin i huda. Dei verk som størst er tenkt og varer lengst, vil såleis tapa retning, snu seg skeivt, og misse namnet handling. Stille no! Fagre Ofelia, nymfe, når du bed, hugs alle mine synder.
Frå Hamlet. Gjendikta av Edvard Hoem. Forlaget Oktober, 2013. Revidert av gjendiktaren april 2022. dagdrivar: person som går og drar seg og ikkje vil arbeide dolk: stikkvåpen
pinsle: sterk liding, tortur
gusten: bleik
fager: vakker nymfe: ei vakker, ung kvinne; frå gresk mytologi: naturgudinne
OPPGÅVER
1 Kva er ein monolog? Kva funksjon har ein monolog i eit drama?
2 Utdraget er kanskje den mest kjente teatermonologen i verda. Kvifor er han er så berømt, også i dag, trur du?
3 Kva for grunnar trekker Hamlet fram for å fortsette å leve (å vere) framfor å velje å døy (å ikkje vere)?
4 Finn eksempel på språklege bilde som personifisering og metafor i monologen. Kva for verknad har desse? 5 Skriv ei kortsvarsoppgåve der du samanliknar temaet i monologen med temaet i diktet «Fra en annen virkelighet» av Gunvor Hofmo side 430.
6 Hamlet som klimaaktivist: Hamlets kontekst er 1500-tallet, og som unge menneske flest engasjerer han seg og kjempar for det han trur på. Kva ville
Hamlet engasjert seg i som ung i samfunnet i dag?
Bruk monologen som inspirasjon, men skriv han om til å handle om klimakrisa. Framfør monologane i grupper.