Naturfag 5 frå Cappelen Damm Grunnbok (kap. 1)

Page 12

Kva trur du svaret er? Ein hypotese er kva du trur svaret på det du lurar på, kan vere. Du kan kanskje noko om temaet frå før og trur du veit svaret. Eller så kan du gjette.

Nokre problemstillingar er det lett å tenkje ut eit svar til. Om du lurar på kva klokka er, treng du ikkje bruke lang tid på å finne eit temmeleg sikkert svar. Men tenk deg at du levde før klokka blei funnen opp. Korleis ville du finne svaret då? Om du lurar på kor mange striper ein tiger har, må du gjette. Og når du gjettar, utan å ane korleis du finn eit svar, så er det veldig vanskeleg å lage ein hypotese som du kan forske vidare på. Du må lage hypotesar som du kan teste sjølv. Her bør du kanskje finne ei anna problemstilling? To moglege hypotesar til spørsmålet om kjæledyr: • over halvparten i klassen har kjæledyr • under halvparten i klassen har kjæledyr

10

NATURFAG 5 FRÅ CAPPELEN DAMM

ORD Å FORSTÅ hypotese – det du trur er svaret på noko du lurar på

ORD Å SNAKKE OM tema


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.