Vårt Felleskjøp våren 2022

Page 20

Velg den rette frøblandinga for deg Det er god tilgang på det meste av såvarer i år. Og for såvarer sin del så har me heldigvis ikkje dei store utslaga i pris som me ser for andre varer til landbruket. Attlegg kan utnytte store mengder husdyrgjødsel. 2022 kan være eit godt år å fornye enga. Tekst/foto: Geir Paulsen/May-Linda Schjølberg

FRØBLANDING MED ELLER UTAN KLØVER? FKRA har blandingar både med og utan kløver. Kløver er kostbart frø og gir litt dyrare frøblanding. Det er likevel mange fordeler med å ha kløver i enga. Kløveren hever kvaliteten av fôret, og den gir også eit bidrag til nitrogentilførsel i enga, sidan kløveren er i stand til å ta til seg nitrogen direkte frå lufta. Dette siste kan vise seg å bli viktig, dersom prisen på gjødsel blir høg også framover. For å ta vare på kløveren i enga er det viktig å finne den rette gjødselbalansen slik at kløveren ikkje taper konkurransen med graset. Det er også viktig å ta omsyn til kløveren ved val av plantevernmiddel, sidan kløver ikkje tåler alle plantevernmidla på same måte som graset. TIMOTEIBASERT ELLER RAIGRASBASERT ENG I vårt distrikt vel de fleste ei timoteibasert eller ei raigrasbasert frøblanding. Av dei timoteibaserte blandingane er det Spire Surfôr Pluss 10 som er mest brukt. Den klarer seg godt i store delar av vårt distrikt 20

og passer godt for dei som vil ha ei allsidig samansett eng med ulike artar. Blandinga har 10 % raigras som gir eit positivt bidrag til kvalitet og avling, men er likevel ikkje dominerande. Spire Surfôr Pluss 10 er normalt utan kløver, man du kan også få den med 10 % rødkløver. Spire Surfôr Normal er heilt utan raigras og blir ofte brukt i dei områda som ligg litt inn frå kysten, og opp i høgda. Denne har 10 % kløver som standard. Ønsker ein ei tilsvarande blanding utan kløver, er Spire Høy eit godt valg. Spire Surfôr Pluss 100 har i mange år vært dominerande av dei raigrasbaserte blandingane. Den er utan kløver, prisgunstig og allsidig samansett av tidlege og seine raigrassortar. Den blir mykje brukt til direktesåing i eng, ein praksis som har auka dei siste åra. Spire Surfôr Pluss 90 med 10 % kvitkløver er ei kvalitetsblanding med dei nyaste og beste raigrassortane. Den er fyrst og fremst ei slåtteblanding, men kan også brukast i kombinasjon med beiting og slått. HARDFØR OG LANGVARIG ENG Spire Surfôr Robust er ei allsidig blanding

med svært mange arter. Den er også tenkt å kunne stå lenge som varig eng, og har arter som vil klare seg under skiftande klimaforhold. Ei spesialblanding av strandsvingel som Spire Surfôr Fiber (tidlegare Spire Strandsvingel), vil også kunne gi ei langvarig eng. Strandsvingel er eit gras som gir høg avling og tåler mange slåttar, men eigner seg ikkje så godt til beiting. Strandsvingel gir eit fiberrikt fôr, særleg på førsteslåtten. Begge desse blandingane gir noko nedsett fôrkvalitet, og blir ikkje anbefalt som einaste grovfôr til høgtytande mjølkekyr. BETRE ENN NOKON GONG Sortimentet i engfrøblandingane er betre enn nokon gong. I tillegg har FKRA mange reine sorter, slik at den enkelte kan tilpassa si eiga blanding. Me lager også «gardsblandinger» på bestilling for dei som ynskjer det. Men det hjelp ikkje med gode frøblandingar dersom andre element i engdyrkinga svikter! Vær derfor nøye med såing og ugraskamp i attlegget, kalking og gjødsling, og unngå kjøring i enga med tungt utstyr.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.