Podcasten er for alle med interesse for agronomi, og me legg vekt på å halda høgt fagleg nivå. Podcastvertar Ingvild Luteberget Nesheim og Magnus Haugland.
Bondevennen skrur opp volumet Sugen på fagleg påfyll, rett inn på øyra? Då er Bondevennens nye podcast noko for deg. Tekst/foto: Aasne Aasland/Kjetil Ulland
- Bøndene er på farten heile tida, ofte med øyreklokkene på. Skal Bondevennen nå nye lesargrupper må me vera der dei er. Det – og det umettelege behovet for fagleg oppdatering hjå bøndene - er grunnen til at me bestemte oss for å laga vår eigen podcast. Det seier Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, redaktør i det snart 125 år gamle fagbladet. Med seg på podcast-laget, har ho sikra den ypperste fagekspertisa: Ingvild Luteberget Nesheim, til dagleg rektor ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke, og Magnus Haugland, lærar same stad og rådgjevar; Norsk Landbruksrådgiving, Rogaland. Dei to både produserer og spelar inn episodane frå eit studio i Etne. - Så kva handlar podcasten om? - Korleis sikra maks feittprosent i mjølka, optimal fôring av sauen, ku- og kalv-problematikk. -Me harlagt opp til heile breidda av tema, som er relevant for særleg husdyr-og grovfôrbonden gjennom eit år, seier Nordsletten. GOD RESPONS Utover i mars og april lokkar ho mellom anna med episodane «Grovfôrdyrking for dummies 1&2», samt tema som høyrer til slått og beite. 64
- Og responsen? - God! Det tar jo tid å etablere ein stor lyttarskare når du er ny på marknaden, men særleg episodane som omhandlar husdyr har fått god respons, seier redaktøren. - Podcasten er for alle med interesse for agronomi, og me legg vekt på å halda høgt fagleg nivå. Då er det også ekstra stas at me har fått tommel opp frå erfarne fagfolk i næringa. Det tyder på at me gjer noko riktig. Også andre har trua på Bondevennens nysatsing. Tunge sponsorar har kome på bana, og det ligg an til at podcasten heldt fram ut over det som i utgangspunktet er eit eittårig prøveprosjekt. - Ja, det er veldig kjekt at Sparebank 1 SR-Bank og Tveit Rekneskap AS hadde lyst å bli hovudsponsor. I tillegg er me takksame for solid støtte frå Rogaland Fylkeskommune sine midlar for rekruttering og kompetanseheving i landbruket. FKRA og Tine er også med, så klart. Så jobbar me med å skaffa endå fleire, seier Nordsletten. Du finn podcasten Bondevennen der du lyttar til podcast!
Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, redaktør Bondevennen