1
Prosent ØV MEIR
Oppgåve 1.113
1.1 PROSENTREKNING
Oppgåve 1.110
a) Rekn ut 10 %, 20 % og 50 % av beløpa utan å bruke hjelpemiddel. 1) 80 kr 2) 150 kr 3) 1800 kr b) Rekn ut med hjelpemiddel. 1) 30 % av 120 2) 13 % av 600 3) 40 % av 800 4) 8 % av 175 Oppgåve 1.111
Kva for figur passar til prosenten? a) 80 % b) 55 % c) 25 % d) 15 % A
B
C
D
E
F
Gunn har to kontoar i banken, og begge står urørte. På den eine kontoen står det 24 000 kr, og på den andre står det 106 000 kr. Ho får 0,10 % rente per år på kontoen med lågast innskot og 0,15 % rente per år på den andre. a) Kor mange kroner meir står det på kvar av desse kontoane etter eitt år? b) Kor mykje har ho til saman på desse to kontoane etter eitt år? Oppgåve 1.114
Guro og Henrik er på eit kjøpesenter. Guro ønsker å kjøpe ei ny bukse, mens Henrik har planlagt kjøp av nye sko. Begge har 500 kr å handle for. a) Guro ser på ei bukse til 750 kr og kan få 40 % avslag i prisen. Har ho nok pengar til å kjøpe buksa? b) Henrik ser på eit par sko til 1250 kr og kan få 25 % avslag i prisen. Forklar Henrik at han ikkje har nok pengar til å kjøpe skoa. c) Kor mange prosent avslag må Henrik få for å kunne kjøpe skoa? Oppgåve 1.115
Oppgåve 1.112
a) Ein radio kostar 1200 kr. Så blir prisen sett opp 20 %. Kor mange kroner blir prisen på radioen sett opp med? b) Ei klokke kostar 2400 kr før ho blir sett ned 15 %. Kor mange kroner blir prisen på klokka sett ned med?
a) Elevtalet på ein skule var eit år 600. Året etter var det 15 fleire elevar på skulen. Kor mange prosent gjekk elevtalet opp? b) Elevtalet på ein annan skule var 750. Året etter hadde elevtalet gått ned med 30 elevar. Kor mange prosent hadde elevtalet gått ned? 1 | PROSENT
11_Sinus 2P-2021_kap1_oppgaver.indd 217
217
s
06/08/21 3:21 PM