Metaforum - September 2021

Page 26

Sy ng m eg di v i se. Eg har høyrt terapi bli omtala som ein kreativ prosess. Eg forstår det som å vere på leit. Ein leitar etter kva som er rett der og då. Skal ein seie noko, eller skal ein teie? Skal ein la andre få prate, eller kan ein tåle ei lita fjerdedels pause, ei halv eller ei heil om ein har tid nett i dag. 1- 2- 3- 4 tel ein kanskje inne i seg medan tankar, ord og meiningar strøymer på som i ein metasymfoni. Tek st : Lasse Larsen Var det sånn Bach hadde det då han skreiv «die Kunst der Fuge», der ulike melodistemmer over felles tema smeltar saman til ein heilskap? Var det slik Dostojevskij tenkte då han skreiv «Forbrytelse og straff» eller «Brødrene Karamasov», historier der kvar karakter står fram som sjølvstendige, særeigne individ med kvar si

26

Metaforum - september 2021

forteljing? Er ikkje terapeutiske forløp ideelt sett eit slikt lappeteppe av terapeuten sin kunnskap, profesjonelle og personlege erfaring blanda i hop med klientane sine tankar og opplevingar? I essayform hiv eg meg utpå i ein høgt personleg komparativ framstilling kring kreativitet i kunstuttrykk og systemisk terapi. Kva har kunsten å gje til


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.