Hjelp til selvhjelp nr 2 2020

Page 10

REPORTASJE | KORONA I TANZANIA

Saksene går framleis Skal ho vere forsiktig og samstundes ta ein sjanse, eller skal ho ­stenge og miste inntekta og livsgrunnlaget sitt? TEKST OG FOTO  RICHARD TEMBA, KOMMUNIKASJONSANSVARLEG I SEEMA, TANZANIA

F

or 21 år gamle Leah Eliuphoo Samba er dette det vanskelege valget ho må ta i frisørsalongen sin kvar einaste dag. For enno er ikkje frisørsalongane stengde i Tanzania. – Sjølvsagd vil eg vere trygg, og eg gjer alt eg kan for å verne både meg og kun­ dane mine. Eg vaskar hendene før og etter ein kunde, brukar munnbind og er forsiktig. Men eg har heller ikkje råd til å miste inntekta eller kundane mine, seier Leah Eliuphoo Samba. COVID-19. Alt er usikkert for Leah og

frisørsalongen hennar no. Lufta er varm no midt på dagen, og det er trykkande stille. Folk er redde her og nokre har alt døydd av viruset. Likevel kjem det kun­ dar til Leah, men dei er færre enn før. – Det folk snakkar om er COVID-19 og kor usikkert alt er. Praten går om handvask og god hygiene. Viruset kan angripe kven som helst. Styresmaktene oppmodar oss til å vere forsiktige. Og me vil sjølvsagd gjere vårt til at viruset ikkje spreier seg, seier den unge frisøren. Etter at ho var ferdig med eit år i livs­

KORONATALL Tanzania har 480 registrerte tilfeller av koronaviruset. 18 personer er bekrefta døde. Kjelde: WHO, 3. mai

10 |  Hjelp til selvhjelp  |  www.strommestiftelsen.no

meistringsprogrammet Bonga, opna ho frisør- og skjønnhetssalong i Singida, eit område midt i Tanzania. For 21-åringen handler dagane no om å tene nok slik at salongen kan overleve og ho kan klare seg gjennom krisa. Ho er ein av mange tusen ungdommar i Tanzania som også i koronatider må arbeide og tene pengar, og som samstundes utset seg sjølv for stor fare for å bli smitta. LITT TREIGARE NO. At Leah gjer det godt i Singida er lagt merke til, og den unge gründeren er nominert til ein pris for verksemda si. Men prisen er satt på vent på på grunn av pandemien, og ho har færre kundar. – Det går litt treigare no. Folk er meir forsiktige med pengane sine. Fleire av kundane mine har også mista arbeid og fått midre inntekter. Det gjer at folk må spare og prioritere, og då blir kanskje ikkje det å gå til frisøren eller skjønnhets­ salongen det som kjem først, seier Leah. Før kunne ho ein god dag tene omlag 30 000 tanzanianske shilling (140 kroner). – No kan det dreie seg om halvparten og sjølv om det kan variere litt, så mer­ kar eg nedgangen, sier ho. Samstundes har det blitt dyrare å halde opent og Leah må bruke meir pen­ gar til vatn og såpe og det ho treng til god hygiene og handvask. – Men eg kan ikkje gje opp. Eg må sjå framover og arbeide hardt for å ta vare på kundane mine. Og eg er så takksam for alle dei som vel å komme innom for å ordne håret og som vil ta seg bra ut. Det betyr mykje, seier Leah med eit stort smil.

Leah steller håret til ein av sine kunder. Hun er streng med å holde god handvask og hygiene i salongen.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.