REISEGUIDE – Solund • Hyllestad • Askvoll • Sunnfjord • Kinn

Page 11

Foto: Espen Mills.

KYSTMUSEET I SOGN OG FJORDANE Kystmuseet i Sogn og Fjordane har fleire utstillingsbygg og eit stort friluftsmuseum med gamle sjøbuer og tradisjonelt kulturlandskap. På museet kan du blant anna oppleve ei unik båtsamling med sunnfjordbåtar og få ny innsikt i dagleglivet langs kysten. Gjennom sommaren tilbyr vi kjekke familieaktivitetar i fjørekanten og nærkontakt med geitene våre i friluftsmuseet. I kaféen vår kan du nyte ein kopp kaffi med noko å bite i. Vågsberget handel- og gjestgjevarstad er ein av dei best bevarte av sitt slag i Norge. Den ligg vakkert til 5 km frå Måløy. I sommarsesongen opnar vi bygningane og du kan få ei minnerik reise gjennom den staslege hovudbygningen og den innhaldsrike krambua. Mellombelse utstillingar og enkel kafé i driftsbygningen.

OPNINGSTIDER KYSTMUSEET 19. juni – 14. august: Måndag – fredag kl. 11.00 – 17.00 Laurdag og sundag kl. 12.00 – 16.00

Utanom sesong: Tysdag – fredag kl. 10.00 – 15.00 Sundag kl. 12.00 – 15.00

PRIS: Vaksne kr. 80,- / Honnør, student kr. 50,- / Born (7 – 18 år) kr. 30,- / Born (under 7 år) GRATIS / Familiebillett kr. 170,-

OPNINGSTIDER VÅGSBERGET 23. juni – 14. august: Torsdag til søndag kl. 12.00 – 17.00 PRIS: Vaksne kr. 100,- / Pensjonistar/studentar kr. 75,- / Born (0 – 7 år) GRATIS / Born (7 – 18 år) kr. 50,- / Familiebillett kr. 200,KONTAKT: Tlf. 982 69 854 · ksf@misf.no · kyst.museum.no

fjordkysten.no

11


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
REISEGUIDE – Solund • Hyllestad • Askvoll • Sunnfjord • Kinn by A til Å Grafisk Design og Media - Issuu