Foto: Espen Mills.
EIKAASGALLERIET Ludvig Eikaas (1920-2010) var ein pioner i den moderne kunsten. Han er rekna som ein av etterkrigstida sine mest markante biletkunstnarar i Norge. På Eikaasgalleriet har vi store deler av det han skapte – som elles er å finne i København, New York, Paris, Firenze og kunstmuseum rundt i Norge. Som grafikar, målar, teiknar og skulptør var Eikaas utprøvande, eksperimenterande og spontan. Han tok gjerne i bruk utradisjonelle verkemiddel i sine kunstverk – han var mellom anna den første som nytta hardplast i skulpturane sine. Eikaasgalleriet har skiftande utstillingar med basis i samlinga på over 850 verk. Vi har kafé, brygge og ei eiga strand ved Jølstravatnet.
OPNINGSTIDER 18. juni – 20. juni, kl. 11.00 – 16.00. 1. juli – 31. juli, kl. 11.00 – 17.00. 1. august – 14. august, kl. 11.00 – 16.00. 20. august – 11. september, Laurdag og sundag kl. 11.00 – 16.00 Galleriet er ellers ope etter avtale med avdelingsleiar Solveig Berg Lofnes på tlf.: 992 02 676/ 474 72 236. PRIS: Vaksne kr. 100,- / Honnør, student kr. 75,- / Born (under 7 år) GRATIS / Born (7 – 18 år) kr. 50,- / Familebillett kr. 200,KONTAKT: Tlf. 474 72 236 · sfkm@misf.no · sfkm.no/eikaasgalleriet
14
fjordkysten.no