Foto: Visit FjordKysten.
ØYHOPPING TIL BUSKØY Opplev historiske Buskøy. Bli kjend med historien og nyt den vakre naturen heilt ute i havgapet i Nord Solund. Frå Hardbakke kan du bli med på øyhoppingstur i Nord Solund. Båten vil stort sett gå i roleg farvatn der ein passerar tronge sund og små bustader. Båtførar guider undervegs. Båten stoppar på Buskøy der ein får guida omvising til avrettingsstaden. Etterpå kan du utforske den gamle handelsstaden på Buskøy på eige hand. Her får du innblikk i stadens historie og dei ulike verksemdene som har vore på den gamle handelsstaden. Etter stoppet på Buskøy fortset turen gjennom dei små øysamfunna før den går i retur til Hardbakke. Det vil bli sal av drikke, kaffi og vaffel på Buskøy. Det er også mogleg å kjøpe lunsj med suppe og brød. Lunsjen må tingast på førehand gjennom bookingsystemet.
INFORMASJON OG BESTILLING SESONG Kvar sundag i perioden 19. juni – 21. august BESTILLING Kjøp billett på fjordkysten.no eller reserver plass ved å ringe 57 74 30 00 seinast dagen før. DETTE OPPLEVER DU 11.00
Avreise med båten frå Hardbakke i Solund
11.45
Ankomst Buskøy med guida tur til avrettingsstaden
12.45 Besøk den gamle handelsstaden og utforsk Buskøy på eige hand. Her kan du nyte eit godt måltid medan du nyt utsikta over hamna. 14.00 Avreise frå Buskøy 15.00 Ankomst Hardbakke PRIS Vaksen/Honnør: 600,Barn (4 – 16 år): 300,- Barn (0 – 3 år): GRATIS
fjordkysten.no
29