Foto: RIB Askvoll.
SKJERGARDSSAFARI I FLORØ Opplev øyriket vest om Florø frå RIB båt. På turen vil du passere holmar og skjer i eit fantastisk øyrike. Om du er heldig får du sjå kobbe, nise og ørn. Len deg godt tilbake, opplev og nyt den flotte turen som vil ta deg med på ei minnerik oppleving i vestlandets øyrike!
INFORMASJON OG BESTILLING
Båten sette kursen sør om øya Skorpa. Etter om lag 15 minutt vil båten ankomme øya Kinn der ein kan sjå den ruvande Kinnaklova og den sagnomsuste Kinnakyrkja på nært hald. Kinnakyrkja er bygd i romansk byggjestil, og har vore i bruk sidan 1100-talet. Den berømte Kinnaklova er eit kjend seglingsmerke langs skipsleia. Turen vil gå vidare blant holmar og skjer i eit fantastisk øyriket.
BESTILLING Kjøp billett på fjordkysten.no: Skjergardssafari i Florø
SESONG Kvar torsdag – søndag frå 1. juli – 28. august
DETTE OPPLEVER DU 11.30 Oppstart med klargjering og sikkerheitsinstruksjon ved flytebrygga ved Quality Hotell Florø 12.00 Avreise frå Florø. Turen vil gå til Skorpa - Svartoksen - Kinn - Fanøya Teisthalsen - Langøysundet - Vassøya - Stabben fyr før den går i retur til Florø. 13.00 Ankomst Florø PRIS Vaksen kr. 750,- / Barn (0 - 15 år) kr. 650,-
fjordkysten.no
33 33