Foto: Visit FjordKysten.
KAJAKK NORGES BESTE KAJAKKPADLING Med tusenvis av øyar og skjær i ein vakker, urørt natur er FjordKysten og Sunnfjord eit eldorado for padling. Opplev sjarmerande fiskevær, kvite sandstrender og stupbratte fjell frå kajakksetet. Området er den ideelle staden for å oppleve Norge sin storslegne kyst – her er vegen kort ut på storhavet, samtidig som øyane gir ly for vind og bølgjer. Har du lyst til å lære å padle kajakk? Bli med på eit grunnkurs! Her lærer du å handtere kajakken på ein trygg og effektiv måte. Undervegs i kurset får du oppleve eitt av dei mest attraktive padleområda i Norge. Fleire bedrifter tilbyr utleige av kajakk, og bak i denne guiden finn du ei oversikt. På fjordkysten.no/kajakk kan du finne informasjon om guida turar og kajakktilbydarar.
GUIDA KAJAKKTURAR OG KURS Har du lyst til å oppleve FjordKysten og Sunnfjord sine skjulte skattar i lag med ein guide? Sognefjord Active (Norsk Kystkulturakademi), Norway Adventures og Sjøbris Adventure tilbyr guida kajakkturar og kurs i ein spektakulær, urørt kystnatur. Dei har turar som vil begeistre alt frå nybegynnarar til den mest erfarne kajakkpadlar. Sognefjord Active / Norsk Kystkulturakademi (Solund): sognefjordactive.no / nkka.no Norway Adventures (Kalvåg): norway-adventures.com Sjøbris Adventure (Måløy): sjobrisadventure.no
40
fjordkysten.no