PRESISJONSLANDBRUK
CropPLAN – også for grovfôrdyrkaren I sommar har ein kunne registrere grovfôravlinga si på ein ny og betre måte i CropPLAN. Med grasmodulens inntog dekker CropPLAN fleire av grovfôrdyrkarens behov for eit gardsstyrings verktøy.
No kan du få eitt heilt års CropPLAN-lisens og tre timar med oppstartshjelp og rådgjeving frå Norsk Landbruksrådgiving, til berre kr 3 250,-. Les meir på cropplan.no. Her kan du og lese meir om LogMASTER.
I
CropPLAN sin nye grasmodul kan no avlinga på gras og grovfôr delast inn i opptil seks slåtter, som du sjølv namngjev. Desse inndelingane kan nyttast til å fordele innsats midla over dei forskjellige slåttane, som husdyrgjødsel, mineralgjødsel og eventuelt plantevern som er nytta gjennom vekstsesongen. I tillegg kan du leggje inn og dele opp sesongens arbeid under kvar innhausting. Dette gjev deg ein betre og meir systematisk oversikt over kor mykje kvar slått har kosta. Rom for skiftenotat om tiltak og beitebruk Med inndelinga av slåttar kan ein og leggje til beiting av enga som ein slått, til dømes om ein beiter etter første eller andre slått, eller har eit år med beiting før fornying av enga. Om ein vil kan ein då skrive opp som notat kor mange dyr som gjekk der på beite og kor lenge dei fekk gå. I CropPLAN er det lagt opp til at ein kan skrive eigne notat for kvart enkelt skifte, i tillegg til at ein har ein eigen notatside for garden. På desse notata kan du skrive det du ønskjer, anten det er at øydelagde grøftar på skiftet treng reperasjon eller om du bør vurdere vedlikehaldssåing eller andre tiltak før neste sesong tek til. Oversikt over kor gamal enga er Om du dyrkar korn med gjenlegg, eller nyttar dekkvekst til grønfôr når
38
SAMVIRKE
#07 2021
Tekst: Jon Ole Botnevik, utviklingsleder presisjonsjordbruk
du f ornyar enga, vil gjenleggveksten automatisk verta lagt inn som vekst på skiftet ditt året etter gjenlegg. CropPLAN har og kontroll på kor gammal enga di er og legg det inn automatisk. Til dømes om du legg inn ein førsteårs eng som Eng 1, så vil vekst og avling automatisk verta til Eng 2 når du går over til neste år. Dette bidreg til å hjelpe deg å ha kontroll på vekstskifte og planlegge når enga di skal fornyast. I CropPLAN har du også moglegheita til å opprette år tilbake i tid og legge inn informasjonen du har frå tidlegare år. Dette kan føre til eit betre totalbilete og du får s amla all informasjonen du har henta frå drifta di i årevis på éin plass. Då treng du ikkje lenger bekymre deg for å miste notatbøkene dine og det blir enklare å samanlikna åra med kvarandre. Lett å registrere grasavlinga i rundballar eller lass Når ein no skal registrere avlinga i CropPLAN kan ein føra den inn anten som vekt på avlinga, tal på lass eller tal på ballar og ein legg inn eit anslag på tørrstoffprosenten, som kan rettast etter at ein mottar fôranalysar. Dette gjev deg moglegheita til å registrere avlinga på den måten som passar di haustelinje og fôrhandtering best. Du får og betre kontroll både på avlingsnivå og fôrbehaldninga di. Etter at avlinga er registrert kan du hente ut avlings rapportar på skiftenivå, per vekst og den